lørdag 17. oktober 2009

Me treng ei kreativ tru

Den siste veka har det kome fram kritikk i lokalavisa mot dei kristne ungdommane som brukar dei beste åra av sitt liv på å vitna om Jesus for ungdommar her i Os. Søndagens tekst om dei fire vennene som braut opp eit tak for å bæra ein lam mann til Jesus, fortel meg at me treng ei kreativ tru, sjølv om det provoserer enkelte menneske.
- Jesus sjølv provoserte ofte folk, både med det han gjorde og med det han sa. Det gjorde han denne dagen og. Kva var det som stod i teksten? ”Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: ’Son, syndene dine er tilgjevne’” . Det var provoserande for ein del av dei som sat og høyrde på. Kven andre enn Gud sjølv kunne tilgje synd? Dette er jo blasfemi! Men Jesus gjorde det for å få fram eit poeng, at han faktisk hadde makt til å tilgi synd, fordi Jesus var eit bilde av den usynlege Gud. Og når du og eg ser på Jesus i tru, då kan han tilgi oss vår synd.
Kreative løysingar skapar ofte debatt, og irriterer ein del folk i dag og, akkurat som den gongen.

For 40 år sidan innførte Ten Sing-bevegelsen trommer og elektrisk gitar i kyrkja. Det irriterte ein del folk, men i dag er det ein sjølvsagt ting.

I dag går ungdommar ut på gata og kjem i kontakt med folk. Dei snakkar med ungdommar om Jesus, og når det er naturleg, hender det at dei spør om dei skal be for ein vond fot eller ein rygg eller andre ting som ungdommane er plaga av. Det irriterer ein del folk at dei går der ute, men eg trur Jesus vil rosa trua deira. Problemet no for tida er ikkje at det er så fullt i kyrkja at folk ikkje kan komma inn. Problemet i vår tid er heller at me stenger Jesus inne i kyrkja, og i eigne religiøse rom. Han er ikkje ein del av kvardagen til folk i Os. Derfor må me ta Jesus ut der folk er, anten det er i form av diakoni, evangelisering, trusopplæring, eller andre ting. Me treng ei kreativ tru, ei tru som stimulerer til handling slik dei fire vennene til den lamme hadde.

4 kommentarer:

  1. Liv G. Strømsvåg25. oktober 2009 kl. 15:43

    Til Geir Sakseid!

    Eg har fått greie på at lesarinnlegget vårt i Os og Fusaposten 14.oktober, den påfølgjande søndagen, blei grundig kommentert frå preikestolen i Os kyrkje. Etter mi meining, bør avisinnlegg svarast på i avisspaltene, og ikkje frå preikestolen under høgmessa i den Norske Kyrkja.

    Endå meir skeptisk vert eg dersom innhaldet i preika di, korresponderte med det du har skreve i denne bloggen. Eg meiner du mistolkar både teksta i avisa og teksta i NT.

    For det første, rettar vårt brev seg ikkje til deg i det heile teke, heller ikkje til dei utsende unge mennene.Det var meint til ungdomar som har hatt vanskelege opplevingar i møte med dei utsende. Du deler tydelegvis ikkje vår uro for utsette i vår kyrkjelyd. I bibelteksten vart den svake boren fram av dei som var sterke. Dei som bar han, påropa seg ikkje nokon guddomeleg bodskap, men gjorde eit praktisk stykke arbeid (diakoni), for å hjelpa den svake fram til Jesus.

    For det andre, meiner eg at samanlikninga di mellom deira kreativitet og dei kristne ungdomane på Os, er noko søkt. Å oppsøka folk på gata, kan vel neppe kallast kreativt i våre dagar. Det har vore praktisert, ikkje minst av Jehovas Vitner, Mormonerane og Ungdom i Oppdrag, i lange tider. Dei fire venene frå NT, viste kreativitet ut frå omsyn for venen sin situasjon og på hans premissar.

    Det tredje eg ber deg leggja merke til, er at det var dei som kom til Jesus, og ikkje Jesus som kom til dei, i form av utsendingar. Ungdommane på Os tek direkte kontakt med menneske som er yngre, og dermed svakare, enn seg sjølv. Ein stor del av desse er mindreårige. Når dei heller ikkje viser interesse for å ta omsorg for dei som sit att med uro og negative kjensler, vert samanlikninga absurd.

    Til slutt vil eg kommentera at eg ikkje har formidla at eg er irritert eller provosert av at folk går på Os og snakkar om Jesus.
    Dette er uskuldig i seg sjølv. Verre vert det når eg høyrer at ungdom opplever metodane deira som manipulerande og skremmande. For desse ungdommane, er det uhyre viktig at dei tek kontakt og snakkar med personar dei har tillit til, slik at dei ikkje seinare i livet må slita med desse kjenslene. Dette var vår einaste agenda!
    Hilsen Liv G.Strømsvåg

    SvarSlett
  2. Kjære Liv,
    Eg har fått blanda reaksjonar på preika mi sist søndag, både svært positive og svært kritiske. Det eg sa då, var ikkje så direkte kobla opp mot lesarinnlegget, som det eg skreiv i bloggen, men eg skjønar godt at det vart forstått slik. I ettertid ser eg at eg kunne ha formulert meg annleis og mindre provoserande.

    Det er mogleg at eg har misoppfatta lesarinnlegget. De skriv t.d. ’vi vonar nokon har hatt hjelp av dei’, noko som tyder på at de ikkje er eintydig negative i forhold til dei unge vaksne. De skriv ikkje direkte at dei misbrukar makta si når dei tar kontakt med ungdomane, men det er det inntrykket eg sat igjen med av brevet. Kan henda er det tidlegare diskusjonar som har gjort at det inntrykket festa seg.

    I samtalar med dei unge i ’Os-teamet’, opplever eg ikkje at dei manglar interesse for å ta omsorg for dei som sit att med uro, så her har me nok heilt ulik oppfatning. Det er ikkje sikkert at me blir enige heller. Eg ønskjer sjølvsagt ikkje at ungdom i Os skal bli manipulert og skremt i møte med kristne. Det er vanskeleg å forhalda seg til rykte om ting som skal ha skjedd, når ein ikkje kan ta tak i noko heilt konkret. Dersom dei får høve til å gå inn i ei konkret sak, vil me kanskje oppleva at problemet kan løysa seg på ein måte som gagnar alle. Eg oppfattar det Os-teamet gjer her i bygda, som svært positivt, og gir dei mi støtte, ikkje minst fordi eg høyrer om mange ungdommar som er blitt truande eller fornya i si tru etter å ha vore i kontakt med dei.

    Med ønske om ein positiv dialog,
    Venleg helsing
    Geir

    SvarSlett
  3. Eg synst me treng ei kreativ tru. Og ikkje minst ei radikal tru.

    Navnet "kristne", fekk Jesu etterfølgarar av folkemengden i byane dei besøkte. Dette skjedde då folket såg kor like Kristus dei var. Dei snakka som Jesus og handla som Jesus: radikalt i den tidas samfunn. Derfor; CHRIST-ians!

    Idag kan kven som helst kalla seg kristen. Berre ein trur på Gud, eller trur at det finst ein Gud der ute, kan ein kalla seg kristen. Ein treng ikkje leve det ut. Det er heller unntaket at det går an å sjå det på ein person utanifrå. Dessutan har folk generelt fått eit heilt feil bilde av kristendom. Dei høyrer media si negative vinkling, dei høyrer om kor syndige dei er, og trur at kristendom er å synge salmar i kyrkja.

    Men me har blitt kalla til å være lys og salt i verden. Me har ingen rett til å sitte inne og "kose oss med trua vår". Eg er av den meining at dersom ein verkeleg vil være ein Jesu disippel, så må ein møte menneske, dele med dei av trua si, og jobbe for å gå føre med sitt eige liv som eit godt eksempel. Det er vårt ANSVAR å forkynne for folk at vår Gud er først og fremst kjærleik, godhet og nåde. Me må tilby dei noko betre enn det dei har.

    Me har fått Den Hellige Ånd i oss, og ved hjelp av Guds kraft, er me kalla til å gjere store gjerninger i Hans navn. Me skal til og med gjere større gjerninger enn Jesus gjorde då han gjekk på jorda. Men me skal og forfølgast for Hans navns skyld. Ingen har sagt at me ikkje vil møte motstand og kritikk. Men me lyder Guds ord likevel - for me kjem til å få vår lønn i himmelen!

    Så min oppfordring til alle er: være kreative, vær radikale, lev det ut - og forkynn at Jesus er det beste som har hendt deg! ME BURDE IKKJE KLARE Å HALDE KJEFT, SÅ FLOTT GÅVE HAR ME FÅTT!!!!!!!!!!

    SvarSlett
  4. Romerne 1,16:
    "For jeg skammer meg ikke over evangeliet. Det er en Guds kraft til frelse for alle som tror, jøde først, og så greker. For i det åpenbares Guds rettferdighet, av tro og til tro, slik det står skrevet: Den rettferdige skal leve ved tro."

    Markus 16,15-18
    "Og han sa til dem: Gå ut i hele verden og forkynn evangeliet for alle mennesker! Den som tror og blir døpt, skal bli frelst; men den som ikke tror skal bli fordømt. Og disse tegn skal følge dem som tror: I mitt nan skal de drive ut onde ånder, de skal tale nye tungemål, og de skal ta slanger i hendene; og om de drikker dødelig gift, skal det ikke skade dem. De skal legge hendene på syke, så de blir friske."

    kreativt? :D oh yeah

    SvarSlett

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...