søndag 3. desember 2017

"Det er noko skræmande"

I ein film på fjernsyn kom eg over eit gammalt dikt av ein spansk jødisk poet og vitskapsmann som levde for 900 år sidan.  Yehuda Ha Levi var fødd i 1075, levde både i det kristne Spania og det muslimske al-Andalus, og døydde i Jerusalem i 1141.

Diktet er tydelegvis best kjent på engelsk, med tittelen "Tis a fearful thing".
Eg har prøvd å omsetja det til norsk:

Det er noko skræmande, dette.
å elska noko døden kan nå.

Noko skræmande er det,
å elska, å håpa, å drøyma, å vera –

å vera,
og ja, å mista.

Det er noko for dårar, dette.

Og noko heilagt,

noko heilagt
å elska

For livet ditt har levd i meg,
låtten din løfta meg ein gong,
ordet ditt var di gåve til meg.

Å huska dette gir ei sår glede.

Det er noko menneskeleg, dette,
å elska,
noko heilagt er det, å elska

det som døden har nådd. 

lørdag 7. oktober 2017

Sommar i oktober


Det er ikkje så mykje kjensle av sommar lenger her ute på Vigra der eg bur.  Uttrykket «sommar i oktober» kjem frå ein salme eg oppdaga for ei vekes tid sidan.  Eg var på samling inne i Geiranger med prestane og organistane i Møre bispedøme, og i morgonbøna eine dagen song me denne salmen.  Salmen rørte ved noko i meg, ikkje berre på grunn av den fine melodien av Ivar Jarle Eliassen, men først og fremst gjennom det malande ordvalet til Jan Inge Sørbø.

Salme nr 847 i Norsk Salmebok:

Han gyller himlens tak med gullsinober.
Han heiser sola varsamt opp og ned.
Han helsar oss med sommar i oktober.
Han skifter fargar på kvart ospetre.

Han lyfter trea langsamt opp av jorda.
Han murer opp eit fjell og let det stå.
Han pustar liv og varme inn i orda.
Han hentar deg den dagen du skal gå!

Går du på glør, så går du på hans hender.
Og når du blør, er det hans blod som renn.
Han står der nederst når di krise vender,
For han stig ned og du stig opp igjen!

Det gull du ser på himlen i oktober,
er renningar i veven som han vev.
Frå hans palett flyt purpur og sinober.
Og du er den som får hans kjærleiksbrev!

Så lærte eg eit nytt ord den dagen og: «Sinober» er altså ein raudfarge.  Og sjølv no når det går mot mørkare tider, kan det vera flott å sjå fargane både på himmelen og i blada som misser grønfargen sin.

For min del var det vers tre som talte sterkast til meg denne gongen, og særleg dei to siste verselinjene: «Han står der nederst når di krise vender, for han stig ned og du stig opp igjen!»  Då måtte eg tenka på ein person som eg visste hadde det tungt og vanskeleg, og senda opp ei ekstra bøn til Gud.  

Salmen kan du høyra i NRK-programmet "Salmeboka minutt for minutt"


lørdag 2. september 2017

Veøya - Den heilage øya i Romsdalen

Veøya i Romsdalen var målet for reisa mi langs kystpilegrimsleia denne sommaren.  Måndag ettermiddag 21.08 sigla eg ut frå Roald hamn med den vesle seglebåten «Pilegrimen» (ein 17 fot Hurley Silhouette frå 1968), og med to overnattingar på vegen nådde eg fram til Veøya onsdag kveld.
«Ve» er norrønt for «heilagdom», og Veøya har vore ei heilag øy frå førkristen tid. Arkeologar har funne spor av kristne graver og ei kvadratisk kyrkje frå nihundretalet, og desse blir knytte til Håkon den gode sine misjonsframstøyt omkring år 950.  Her har det budd folk iallfall sidan overgangen mellom yngre steinalder og bronsealder, dvs. 1500 f.Kr. I mellomalderen var Veøya eit sentralt knutepunkt for handel, og det ville vera ein naturleg plass å stoppa for pilegrimar på veg nordover mot Nidaros. Då ville ein sigla vidare inn fjorden til Eidsvåg og tatt seg over eidet til Tingvollfjorden, der ein kunne bruka båt resten av vegen.  
Veøya er ein nydeleg plass å komma til med båt.  På vestsida er det to små vågar der det er fint å ankra opp, og i Nørevågen på austsida er det ei stor, god flytebrygge. Det er kort veg opp til kyrkja og dei andre bygningane på garden.  Fram til 1905 var det prestegard på øya, men då presten flytta til fastlandet kom øya i privat eige.  Den siste eigaren testamenterte øya til Romsdalsmuseet.  Dei gjer ein god jobb med å halda området rundt kyrkja og garden ved like, men mykje av øya er overgrodd av granskog og anna småskog, sjølv om det går villsau og beitar der.  

Det gjeld også «Pilegrimsstien» som går over øya.  Dette er i utgangspunktet ein fin tur, men den har
nok vore finare før. Her er stort behov for opprydding.
I dag står den heilage Veøya også i fare for å bli øydelagd av vegplanane i Romsdalsaksen. Den planlagde traseen går over Sekken, langs sørsida av Veøya og Hangholmen, og vil kunna setta mange kulturminne i fare.
   

Kjelder:
Marit Heiene (2013) «Slik fant de Norges eldste kirke på Veøya», http://www.rbnett.no/nyheter/article8769151.ece
Romsdalsmuseet: Veøya prestegard og middelalderkirke. http://www.romsdalsmuseet.no/avdelinger/veoy-prestegard-og-middelalderkirke/
Anette B Wollebæk (2012) «Den hellige øya», Forskningsmagasinet Apollon  http://www.apollon.uio.no/artikler/1995/hellige.html


lørdag 19. august 2017

Islam i Spania


Det har vore mykje snakk om islamistisk terror i Spania dei siste dagane.  Sist vår studerte eg spansk mellomalderhistorie ved Høgskulen i Volda, med vekt på "Al-Andalus", den delen av den iberiske halvøya som var styrt av muslimar frå 711 til 1492.

For dei som har interesse av slikt, legg eg ut semesteroppgåva mi her.

Det muslimske al-Andalus i mellomalderen blir ofte framstilt som ein gullalder for convivencia,  fredeleg sameksistens mellom religionane.  Dette blir gjerne sett i skarpt relieff til måten jødar og muslimar blei behandla på av dei kristne etter 1492, då heile den iberiske halvøya var gjenerobra.  Eit døme på ei slik framstilling er boka «Spansk gullalder og arven fra jøder og muslimer» av Knut Aukrust og Dorte Skulstad, som kom ut på Pax forlag i 2011, der dei skriv at dei 800 åra med muslimsk styre i al-Andalus er «først og fremst en historie om relativt fredelig sameksistens mellom religioner og kulturer».  Sjølv om dei kunnskapsrike forfattarane innrømmer at perioden var full av konfliktar, ber tekstane preg av det eg vil kalla ei «rosemaling» av det muslimske styret, og ei tilsvarande svartmaling av dei kristne rika på den iberiske halvøya, t.d. når dei skildrar den kristne ekspansjonen på 1000-talet som «begjær og plyndring» og «utpressingstaktikk i beste mafiastil». 
Dette er ei framstilling eg seier meg usamd i.  Les meir her (Dropbox) eller her (GoogleDrive). 

onsdag 16. august 2017

"Modersvingen"


Førstkomande søndag (20.08.2017) skal me synga denne Lina Sandell-salmen i Valderøy kyrkje, nr 316 i Norsk Salmebok 2013.  Då eg såg tittelen på denne salmen første gongen, lurte eg på kva slags sving det var snakk om. Til eg forsto at det var mors venge det handla om.  Salmen kan du lytta til her, så kan du læra han og synga med på søndag.  
I preiketeksten frå Matt 23,37-39 seier Jesus at han gjerne skulle samla Jerusalems born slik ei høne samlar kyllingane under vengene sine.  Orda er prega av omsorg for folket, men også av frustrasjon fordi dei ikkje vil tru på han.
Jesus, som elles lærte oss at me kan seia «Far» til Gud, viser oss her ei feminin side ved gudsbildet.  Eg trur nok me går eit steg for langt om me dermed skulle byrja å tiltala Gud som «vår Far og Mor», men det er gode grunnar til å opna oss for at gudsbildet vårt ikkje skal vera einsidig maskulint. 
Lina Sandell (1832-1903) skreiv mange songar som me er blitt glade i her i Norge, og fleire av dei skal syngast i kyrkja på søndag. «Modersvingen» er nok den songen som tydelegast skildrar Guds omsorg med feminine bilde som ei vernande venge og eit ømt morshjerte, men også andre songar hadde opprinneleg liknande tekstar.  Det gjeld til dømes den første versjonen av «Blott en dag», der det heitte «han som har mer än en moders hjärta» i staden for «Han som bär för mig en faders hjärta».  Og i salmen «Bred dina vida vingar», der me no syng «och låt mig stilla vila i ve och väl hos dig», heitte det først «och låt din lilla kyckling få gömma sig i dig». Kjelde:  http://www.dagen.se/livsstil/gud-som-fader-eller-moder-1.108118
Dette omsorgsaspektet ved gudsbildet vårt er også gjenspegla i ein av nattverdliturgiane i Den norske kyrkje (nattverdbøn E), der me ber: «Gud, ta oss alle i din famn, slik ei kjærleg mor samlar borna sine om seg.»  
På Oljeberget i Jerusalem står ei lita kyrkje som er bygd på staden der ein trur Jesus stod då han græt over Jerusalem.  Bildet med høna og kyllingane er ein mosaikk frå altaret i denne kyrkja, og det viser til teksten frå Matteus 23,37.  
Foto av Wikimedia-brukar Anton 17 https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/a/a5/Mosaic_Art_at_Dominus_Flevit.jpg

torsdag 3. august 2017

Frimodig kyrkje


I år vart ein ny kyrkjeleg organisasjon stifta.  «Frimodig kirke" er namnet på nettverket som vart oppretta i mars i kjølvatnet av at kyrkjemøtet vedtok ein ny kjønnsnøytral ekteskapsliturgi.  Eg er ein av dei som melde meg inn i nettverket.  For meg handla det mest om å ha frimod til å bli verande i den kyrkja eg alltid har vore ein del av.  Av natur er eg ikkje nokon stridsmann, men det er viktig for meg å vita at det er plass i kyrkja mi for det eg står for.  

Det er stor teologisk breidde i Den norske kyrkja, men dei siste åra har eg følt meg meir og meir framand i kyrkja mi, særleg i forhold til dei samlivsetiske spørsmåla, og meir grunnleggande i forhold til synet på Bibelen, og på kva kyrkja er.  Eg vil ikkje gå i detalj om dette no.

«Frimodig kirke" er nok også ein organisasjon som samlar folk med mange ulike meiningar, og eg er ikkje utan vidare einig med alle i dette nettverket.  Men eg håpar det kan hjelpa fleire enn meg, både prestar, andre tilsette og frivillige medarbeidarar, til å bli verande i Den norske kyrkja og frimodig halda fast på det me trur er evangeliet.


Det har vore eit problem innan dei konservative gruppene innanfor Den norske kyrkja at me er så forskjellige.  Nokre nettverk har vore såkalla «høgkyrkjelege» og har samla flest prestar, organistar og andre med sans for liturgi og faste kyrkjestrukturar.  Andre organisasjonar er «lågkyrkjelege», med stor skepsis til prestane og dei formelle strukturane, og dei vil helst bygga sine eigne forsamlingar.  «Frimodig kirke" tar mål av seg å vera eit nettverk som kan bygga bru mellom desse fløyane.  Det er eit ønskje at det ikkje skal vera dominert av prestar, men bli eit nettverk av alle som ønskjer at kyrkja vår skal halda fast på ei bibelsk basert tru.  Det blir spennande å sjå kor vegen går vidare. 


lørdag 11. mars 2017

"Kystpilegrim" til St. Olav

Denne veka har eg  vore ein slags kystpilegrim, om enn på ein annan måte enn det vanlege.  I gamle dagar reiste folk på pilegrimsreise til St Olav si grav i Nidaros, og motivet var ofte å bli helbreda.  Eg har og reist til St Olav for å bli helbreda.  Ikkje til helgengrava, men til St. Olavs hospital i Trondheim. Men joda, Nidarosdomen var eg også innom. 

For meg var Hurtigruta den beste og rimeligaste måten å reisa på mellom Ålesund og Trondheim.  Sjølv om det tar litt fleire timar, er det likevel å føretrekka framfor bussen, iallfall.  Nordover starta turen kl 15 i Ålesund, og då fekk eg oppleva strekninga fram til Molde i fullt dagslys.  Sørover ei lita veke seinare fekk eg sjå det meste av kystlandskapet eg for forbi medan eg låg i lugaren og sov sist.  

No blei det også til at eg fekk reisa med to svært forskjellige skip:  «MS Nordkapp» er eit av dei store, moderne skipa, med mykje luksus.  Tilbake igjen fekk eg gleda av å segla med det minste og eldste skipet som er like gammalt som meg sjølv: 1964-modellen  «MS Lofoten».  


Opphaldet på St Olavs hospital var godt.  Eg blir imponert både over den solide medisinske kunnskapen og den gode måten dei tar seg av oss reint menneskeleg. For min del blei opphaldet der nokre dagar lenger enn eg hadde tenkt.  Det som skulle vera ein kontroll og kanskje eit enkelt inngrep i hjarta, blei litt meir omfattande. Til gjengjeld fekk eg tid til å reflektera over livet og lesa mykje fagstoff. Så får eg håpa at når eg  no reiser tilbake, så er det med litt betre helse enn eg hadde då eg kom til St. Olav.  

mandag 27. februar 2017

Jean de Gorze

27. februar er minnedagen til St Jean av Gorze i den katolske kyrkja (men andre kjelder seier han døydde den 7. mars).  Kvifor er han interessant for meg akkurat no?  Jo, fordi denne munken frå Vandières, nord i det som i dag heiter Frankrike, var utsending frå kong Otto I til kalif Abd al-Rahman III i al-Andalus.  Og dette semesteret tar eg eit fag ved Høgskulen i Volda som handlar om dei 800 åra den sørlege delen av den iberiske halvøya (Spania og Portugal) var under muslimsk herredøme.

I  år 953 vart Jean sendt til Córdoba som ambassadør for kong Otto.  Han skulle ta med seg eit brev til kalifen.  Formålet var å få ein slutt på muslimske raid i det sørlege frankarriket.  Vel framme, fekk Jean slå seg ned i eit palass i Córdoba, men kalifen fekk han ikkje møta.  Grunnen til det, var at kalifen frykta at innhaldet i brevet var så direkte og tydeleg at det kunne oppfattast som blasfemi mot profeten Muhammad.  Og dersom kalifen hadde lese det, ville han føla seg tvungen til å dømma ambassadøren til døden. Derfor fekk han sin jødiske ambassadør Hasdai ibn Shaprut til å forhandla med Jean.  Han klarte å overtala Jean til å be om at Otto sende eit nytt brev, eit som var mindre fordømmande i ordlyden.  Jean skal ha sagt om jøden Shaprut at han aldri hadde møtt ein mann med eit så forfina intellekt.


Denne veka har eg arbeidd med å presentera ein artikkel om jødiske vitskapsmenn frå al-Andalus. Det var nemlig mange jødar som budde  på den iberiske halvøya på denne tida, fram til både muslimar og jødar blei kasta ut av riket i 1492, då dronning Isabella og kong Ferdinand erobra den siste resten av kongedømmet Granada.  Jødiske vitskapsmenn spelte ei viktig rolle i å overføra kunnskap om klassisk vitskap og filosofi til Europa.  Studiet er interessant også på den måten at eg får repetert ein del gammal kunnskap frå det førebuande filosofistudiet me hadde på teologistudiet. 

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...