lørdag 28. september 2013

"Heilag grunn" på konfirmantleir


«Heilag grunn» var eit gjennomgangstema for konfirmantleiren på Kjeldsund i september i år. 48 konfirmantar frå Godøya, Giske og Vigra var i lag på denne flotte leirstaden til Det Norske Misjonsselskap (NMS) frå fredag ettermiddag til søndag formiddag.  Så mykje fisk blei det ikkje, men veret var nokså bra innimellom, så me fekk bruka kanoane og robåtane både fredag og laurdag.  Maten var topp, konfirmantane kjempegreie, og med god hjelp frå foreldre blei konfirmantleiren ei god oppleving.  Konfirmantane tok sjølve ansvar for det meste av leik og moro.  Fredag kveld var det dei frå Godøya og Giske som hadde ansvaret, og laurdagskvelden styrte Vigra-gjengen showet.


Undervisninga tok utgangspunkt i Moses sitt møte med Gud ved den brennande tornebusken.   Korleis møter me Gud i dag?  Kva gjer me i møte med Den Heilage, og korleis talar han til oss no? Laurdag kveld laga konfirmantane ei flott gudsteneste med ulike grupper: pynting, drama, tekstlesing og bønevandring.   Ein song som gjekk igjen mange gonger i helga var «Burning tree/Holy ground» med det amerikanske «Desperation Band».

fredag 30. august 2013

Ein ny haust


Hausten er komen, og mange aktivitetar byrjar igjen etter sommarferien.  For meg har det allereie vore ein travel augustmånad på jobb, og i september blir det ikkje mindre å gjera.

Førstkommande søndag blir ein spennande dag.  Då blir det friluftsgudsteneste oppe på Godøyfjellet kl 15.00, i samband med at Godøy IL feirar sitt 50-årsjubileum.  Gudstenesta blir halden på nordsida av vatnet, like ved stien opp frå Alnes. Der skal det vera lett for helikopteret å landa.  Neida, eg har ikkje tenkt å sitja på i helikopteret.  Det er for å frakta opp utstyr, tunge musikkinstrument og dei som er dårlege til beins. Godøy brass blir med, og det er eg veldig glad for.  Så får me håpa at me ikkje bles og regnar vekk. 

Sist helg byrja konfirmasjonsførebuinga med presentasjonsgudsteneste i Godøy bedehuskapell. Søndag formiddag held me fram i Giske, og søndag 8. september skal konfirmantane på Vigra presenterast.  Same dagen skal min gode kollega André Sjåvåg ta til med Valderøy-konfirmantane.  I år ser det ut til at eg får 46 konfirmantar, og 28 av dei er på Vigra.  Det er alltid spennande å sjå kven dei nye konfirmantane er, og eg håpar me får ein god tone prest og konfirmantar imellom.  Eit par veker etter oppstart, 20.-22. september, skal me på leir.  I år går turen til Kjeldsund i Herøy kommune.    Kjeldsund er ein gamal handelsstad og gjestgiveri, som no blir driven av Det Norske Misjonsselskap (NMS). Leirstaden ligg ved sjøen, og her skal det bli fint å bruka eit par dagar til å bli betre kjende. 

September blir også tida for val.  Ikkje berre stortingsval, men også val på nytt sokneråd i Giske sokn, dvs. dei to øyane Giske og Godøya.  I år skal det veljast tre nye medlemer i soknerådet, i tillegg til varamedlemer.  Det må innrømmast at det nok ikkje blir noko spennande  kampvotering, så lenge ein har såpass få kandidatar, men det er viktig at folk er med og stemmer inn dei som har sagt seg villige til å stilla opp. 

I dag kom me som arbeider i kyrkja i kommunen vår heim frå stabstur til Geiranger.  Der har me hatt to dagar til å samtala om arbeidet vårt.  Det var godt å bruka litt tid i lag på dette, og me gler oss til å fortsetta arbeidet denne hausten.  Det er mykje som skjer i kyrkjene våre, både kvardag som søndag.  Velkommen innom, og sjå gjerne innom kyrkja sine heimesider for å finna ut om det er noko du kan engasjera deg i.


søndag 11. august 2013

Matauk

Dei var flinkare til det før – sikkert fordi det var nødvendig.  I dag får ikkje det me kallar «matauk» så stor innverknad på månadsbudsjettet.  Men det er grådig kjekt å hausta sin eigen mat, anten det er noko me har sådd og planta sjølv, eller me finn det i naturen sitt eige matfat.

Når eg skriv dette,  kjem eg akkurat inn frå hagen, der eg sette to små rader med poteter i vår.  Det var ein sein og kald vår, så eg venta til etter syttande mai.   På ein potetplante var det meir enn nok poteter til ein middag for oss tre som skal eta middag i prestegarden i dag.  Hadde det vore på oldemor mi si tid, hadde det ikkje monna mykje.  Ho Andrea Folgerø på Hiskjo hadde femten born som vaks opp, og dei hermer etter henne at ho ein gong sa at «i dag trur eg me hoppar over middagen – me er berre ni til bords».   Då var det godt dei hadde sild og poteter i fleng.  Far min sa at heime på Sakseid pleidde dei å eta sild og poteter eine dagen, og poteter og sild andre dagen.  Og for å variera på den noko einsidige kosten fekk dei finare mat på søndagen: då var det kokefisk til bords.

I år har me drive litt matauk i familien.  I juni hausta me inn fleire kilo rabarbra, og no i juli / august har me plukka rips og stikkelsbær som er blitt til saft og syltetøy.  Her ein dag var me ute og fiska, og fekk fin makrell.   I dag gjer me det ikkje så mykje for å spara pengar.  Det er andre grunnar til å driva matauk.   
For det første er det ingenting som smakar så godt som mat du har hausta sjølv.  Det er nok berre innbilning, men likevel.  For det andre er det viktig at me ikkje gløymer korleis me skal bruka ressursane me har rundt oss der me bur.  Kven veit om tidene alltid vil vera så gode som dei er no.  Om me ikkje har råd til å importera varer til landet vårt, vil det bli smalhans her.  For det tredje trur eg me blir meir i pakt med det opprinnelege i det å vera menneske, når me dyrkar jorda og forvaltar og haustar av det Gud har gitt oss.



Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «Ver fruktbare, bli mange og fyll jorda!   Over alle dyra på jorda og alle fuglane under himmelen, over alt som rører seg på marka og alle fiskane i havet, skal det koma frykt og redsle for dykk. Dei er gjevne i dykkar hender.   Alt som lever og rører seg, skal no vera mat for dykk. Som eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette.   1Mos 9,1-3

lørdag 3. august 2013

Egypt - mitt andre heimland

I dag er det tjue år sidan eg flytta til Egypt saman med kone og to små born.  Frå august 1993 budde me i Kairo i to periodar på til saman sju år.  «Sju magre år» pleier eg å seia, halvt i spøk.  Sanninga er at det var ei viktig tid i familien vår sitt liv, av mange grunnar.

Då me sette oss inn i det vesle flyet som tok av frå Sør-Stokken på Stord til Fornebu den morgonen, var  det så mykje meir enn berre ei flyreise.  For oss var dette starten på eit liv som misjonærar, og me visste ingen ting om kor lenge misjonærlivet skulle vara.  Det var heller ikkje berre ein vanleg jobb me skulle til.  Me følte det slik at me var kalla av Gud til å reisa, og at det var han som sende oss ut.

I mange år hadde me allereie sett fram til denne dagen.  For min del, hadde eg førebudd meg i ni år, sidan eg byrja å studera teologi på Misjonshøgskolen i Stavanger.  Helga hadde kjend på eit kall til å bli misjonær heilt sidan ho var tretten år gammal.  Me hadde vore gjennom ein lang prosess med utdanning og plassering.  Først vart me plasserte til Pakistan.  Me førebudde oss gjennom å få venner blant pakistanske innvandrarar i Stavanger, venna oss til å eta sterkt krydra mat, lesa det me kom over av litteratur om landet, snakka med andre misjonærar, engelskstudium i Cambridge, ordinasjon og misjonærinnviing og mykje meir.  Men visumet til Pakistan kom aldri. Antiklimaks.

Så vart det ny omplasseringsprosess.  På denne tida hadde Det Norske Misjonsselskap (NMS) akkurat begynt å samarbeida med ein organisasjon som dreiv misjon i Midtausten gjennom massemedia.  Dei lurte på om me kunne tenka oss å reisa dit.  Våren 1993 reiste me ned og snuste litt på arbeidet, og etter ein del korrespondanse att og fram, fekk me snekra saman ein arbeidsbeskrivelse for meg, og så var me klare til å reisa. Turen starta altså på Stord.  Med Twin Otter frå Sørstokken.  Me hadde så mykje bagasje med oss at me måtte senda mesteparten til Fornebu med eit anna fly kvelden før.  Så vidare med Air France via Paris til Kairo. Eit nytt liv hadde begynt.

I dag er mykje forandra i Egypt. Konflikten med islamistane har aldri vore meir ustabil.  For tjue år sidan hadde president Mubarak eit jerngrep om makta, medan islamistane var aktive i bakgrunnen. Ikkje berre gjennom terrorangrep mot koptiske kristne, vestlege turistar, politi og militære, men også i det stille.  Gjennom forkynning og sosialt arbeid i moskeane og gjennom oppbygging av ein maktbase i studentforeningar og fagforeningar.  Endringane viste seg gradvis til dømes ved at fleire og fleire kvinner begynte å gå med hijab.  Til dømes begynte ei av lærarinnene mine på det amerikanske universitetet, ei godt vaksen dame, å gå med hijab medan eg studerte arabisk det første året.

Dei siste to åra har sett større endringar i Egypt enn nokon kunne forestilla seg. I januar 2011 var dei fleste i vesten entusiastiske over den arabiske våren.  Endeleg skulle demokrati og fridom sigra.  Frå Egypt høyrde eg nokre skeptiske røyster.  Ein del kristne var redde for at dei ville få det verre dersom islamistane kom til makta gjennom frie val.  Det skulle visa seg å stemma.   Og i dagens situasjon, der det muslimske brorskapet har mista makta si igjen, blir kristne ei lett skyteskive for sinte og frustrerte islamistar som leitar etter syndebukkar. 

Det var eit overveldande fleirtal av fredselskande menneske, kristne og muslimar saman, som tok til gatene i Egypt tidlegare i sommar og fekk hæren til å gripa inn mot president Morsi.   Ein månad seinare, 26. juli, sat kristne saman med muslimar og åt i lag på gata for å bryta fasten, medan kyrkjeklokker over heile landet ringde i solidaritet med dei muslimske medborgarane. 

For meg og familien min er det no mange år sidan me flytta frå Egypt igjen. Den gongen følte me det godt å komma tilbake til Noreg.  Sjølv om me hadde likt oss godt, var me slitne.   Me var så slitne at me såg mest på dei negative sidene av landet me hadde reist frå.  Varmen, støvet, bråket, korrupsjonen.   Men åra i Egypt hadde gjort mykje med oss.  Me hadde lært eit nytt språk, fått utvida horisonten vår, fått mange venner, både blant kristne og muslimar og lært oss å takla kulturelle forskjellar.   Egypt vil ha ein spesiell plass i hjarta våre, og for meg er det alltid kjekt å komma tilbake.

tirsdag 21. mai 2013

Pinsefeiring og levande vatn ved Alnes fyr


 Det er tradisjon for kyrkjene i Giske kommune å feira andre pinsedag med friluftsgudsteneste ute ved Alnes fyr. Det er ein verhard stad, men i år var det nesten vindstille og ganske varmt i solsteiken.   Folk frå alle øyane kom saman for å laga ei fin festgudsteneste.
Også i år var Giske mannskor og Godøy brass med og sette eit fint musikalsk preg på gudstenesta.
 Preiketeksten var frå Johannes 7,37-39, der Jesus seier at det skal renna elvar med levande vatn frå vårt indre når han gir oss sin Heilage Ande.

Då syntest eg det passa å gjera som dei koptisk ortodokse prestane gjer på slutten av kvar gudsteneste:  Etter å ha lyst velsigninga over kyrkjelyden, går dei ned midtgangen og skvettar vatn på folk.  Etter responsen å døma, vart vatnet godt mottatt!

fredag 17. mai 2013

Om takksame samaritanar og syttande mai


Det er lenge sidan eg har posta noko på bloggen. I dag har eg feira syttande mai for første gong på øyane i Giske kommune.  Gudsteneste først i den flotte mellomalderkyrkja på Giske, så gjennom tunnelen til bedehuskapellet på Godøya, der eg fekk med meg toget og kransenedlegging, før ny gudsteneste.  Så var det heim på Valderøya for å vera med ei stund på skuleplassen der.  Eg trur denne dagen må vera landets største dugnad, så mange som er engasjert i ulike ting denne dagen.  
Nedanfor kjem preika eg heldt i dei to gudstenestene i dag, for dei som måtte vera interessert:  

Preiketekst:  Lukas 17,11-19

Berre samaritanen kom for å takka
Då eg såg at me hadde fått denne teksten som preiketekst på 17. mai, så var det første som slo meg at det var ein samaritan som kom tilbake til Jesus for å takka Gud, medan dei andre ni ikkje gjorde det. Og ein samaritan, det var altså ein som stod utanfor det jødiske samfunnet.  Han var ikkje utlending, men han hadde ein annan religion.  Han var ikkje ein del av den jødiske nasjonen.  Han var ein framand.  Viss det same hadde skjedd i dag, her i vårt eige land, så var det kanskje ein asylsøkar som var denne eine takksame samaritanen.  Ein som nettopp hadde fått opphaldsløyve, og i pur glede over dette kledde han seg i sin eigen nasjonaldrakt på syttande mai, og tok med seg det norske flagget og flagget frå heimlandet sitt.  For å visa si glede over å få bu i eit land med fridom og demokrati, og med eit ønske om at også heimlandet skulle få del i desse verdiane.

Samaritanen som kom tilbake til Jesus for å takka, han gjorde ikkje eigentleg som han hadde fått beskjed om.  Jesus ba han gå til prestane for å visa at han var blitt frisk.  Det var det som stod i moselova at dei skulle, viss dei hadde ein slik sjukdom.  I staden kom han rett til Jesus og gav  Gud æra for det. Og det var det han gjorde i spontan glede, det var det Jesus roste han for.

I staden for å kritisera kvarandre på korleis me viser vår takksemd for grunnlova og fridomen vår,  lat oss heller sjå nærare på kva grunnar me har for å vera takksame.  Og la oss hjelpa kvarandre til å visa takksemda vår på ulike måtar.  

Kvifor takka?
Det er ikkje alle som opplever det like sjølvsagt at me skal takka Gud.
Dåke har kanskje høyrt om bonden som hadde rydda seg mykje nytt land ein plass.  Og så kjem presten på besøk.  Han ser ut over dei flotte åkrane, der det før var skog og myr og stein.  Så seier han:  “Ja, her har du med Guds hjelp fått det meget vakkert”.  “Med Guds hjelp, seier du?  Ja, då skulle du sett korleis det såg ut her då Gud hadde ansvaret åleine.” 

Men me syng det jo slik i den gode gamle songen om nordmannen.  Han som budde mellom bakkar og berg utmed havet, veit dåke.   “Her han sjølv heve tuftene grave, og sett sjølv sine hus oppå deim”.   

Er det ikkje me som byggjer båtar som hentar fisken inn til land?
Er det ikkje våre ingeniørar som sørger for at me får pumpa olje og gass opp frå havbotnen?   Er det ikkje me som får bygd ut vegar, bruer og tunnellar?

Til dette seier Paulus:  “Kva anna har du, enn det du har fått?” (1 Kor 4,7)
Og Moses: Når du et og blir mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei, (...)  ta deg då i vare så du ikkje blir hovmodig og gløymer Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.” (5 Mos 8,11-14)

Nei, me har tusen grunnar til å takka Gud.  Kanskje me ser best kor godt me har det, når me samanliknar med andre land. 

Korleis kan me takka Gud for det me har fått?
Det er fantastisk å sjå den gleda folk framleis viser over å feira nasjonaldagen vår.  Ikkje like stor sprudlande glede som maidagane like etter krigen, for dei som opplevde at fridomen kom tilbake etter fleire år med okkupasjon, dei vil nok ikkje gløyma den stemninga som var den gongen.  Likevel er det unikt å sjå så mykje glede, så mange barn, så mange folk med ulik bakgrunn, samla seg om denne eine dagen. Å gå i tog, å pynta med flagg og festdraktar er ein fin måte å visa vår glede på.

Så er me her i kyrkja for å gi Gud vår takk med bøner og salmesong. Det var det samaritanen gjorde.  Spontant.  Alle ti blei friske på kroppen.  Alle ti hadde grunn til å takka Gud.  Berre ein kom til Jesus.  Det er viktig å retta takken og gleda mot han som gir oss livet. Så kan me også få høyra det Jesus sa til samaritanen:  “Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.”

Så kan me takka Gud ved å halda fram med å byggja det samfunnet me er ein del av.  På kvar vår måte, alt etter kva Gud har lagt ned i oss av evner og interesser.  I politikken, i næringslivet, gjennom kultur og idrett og andre ting.

Så kan me takka Gud gjennom å tena vår neste.  Heldigvis er det mange som gjer ein kjempeinnsats kvar einaste dag, ved å ta seg av dei i landet vårt som treng det mest? Dei sjuke.  Dei eldre. “Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære”, seier Gud til Moses. Han ber oss også ta oss godt av innflyttarane. “Når ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han (…) Du skal elska han som deg sjølv.  For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.”     (3 Mos 19,32-33)

Og når me er takksame for den fridomen og freden me får ha her heime, så skal me også løfta blikket vårt ut over våre eigne landegrenser.  Så andre får ta del i den same fridomen og freden som me nyt godt av. 

mandag 4. mars 2013

Undretur i Guds eiga kyrkje

I dag var ein perfekt dag for ein tur for å meditera over kommande søndags bibeltekstar.  Og turen frå Juv på Godøya og utover mot Alnes vart for meg ein undretur i Guds eiga kyrkje.  Det ruvande fjellet over meg vart for eit par timar til Sinaifjellet.  Medan eg kvilte frå vandringa, og åt nista mi oppe i ei fjellklove, tenkte eg på korleis Gud metta israelsfolket med manna då dei var på si vandring gjennom ørkenen.
"Slik ville han visa deg at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn" (5 Mos 8,3)

Sjøen og Breidsundet nedanfor meg vart ei lita stund til Gennesaretsjøen, der Jesus hadde gått på vatnet etter at han hadde metta dei fem tusen i øydemarka.  No såg eg han der han snakka med folket og sa til dei: "Eg er livsens brød.  Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta" (Johs 6,35).

Dette er eit fantastisk område å gå tur i. Litt ulendt er det, men stien er godt merkt utover heile vegen.  Her er flotte fjellformasjonar, som sjøen har gravd ut, kløfter, jettegryter, enorme steinurer som har rast ned frå fjellet.  Her flyg ramn og havørn over deg, og på fjorden ser du fiskebåtane som hentar grøda frå havet.      

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...