Nei, slett ikkje. Det er no det byrjar! Påska varer til pinse, men det er ikkje slutt då heller.
I kyrkja påskedag sa eg at påska varer til Kristi himmelfartsdag. Det er for så vidt sant, for i desse førti dagane viste Jesus seg for læresveinane mange gonger før han forlét dei på fjellet. Men den liturgiske påsketida i kyrkjeåret varer dei femti dagane fram til pinse (eller 49 alt etter korleis ein tel). Det blir 7 x 7 veker til den femtiande dagen i påsketida, då Gud sende Den heilage ande over læresveinane. Pinse kjem som kjent av det greske ordet "pentekoste", som tyder "den femtiande". I den gamle pakta var dette ein takkefest etter kornhausten, men det var også ein fest til minne om at Moses mottok lova på Sinaifjellet femti dagar etter utgangen av Egypt.
Med "Påskeveka" tenkjer dei fleste på skuleferien mellom Palmesøndag og Påskehelga, men frå gammalt av er det den første veka i påsketida, som er den eigentlege påskeveka. Og på den åttande dagen - oktaven - gjentok dei den store festen frå påskedag. Dette har jo sin naturlege bakgrunn i forteljingane frå evangelia. Johannes skriv t.d. at "åtte dagar etter var dei igjen samla". Det var då Jesus viste seg for Tomas, han som ikkje ville tru før han fekk sjå såra til Jesus og stikka handa i sida hans.
Kvar einaste søndag året gjennom er slik sett ein påskedag, for på den dagen - Herrens dag - feirar me at Jesus stod opp av grava. Slik var det særleg i den første kristne tida, til ein gjekk over til å feira den årlege påskedagen med ein ekstra stor fest. Og dette var utgangspunktet for kyrkjeåret med alle sine ulike festdagar og markeringar.
Så påska er ikkje over. Det er no det byrjar, og det held fram. Det held fram gjennom heile livet, også når døden når oss. For Jesus sigra over døden, og den sigeren har me del i ved trua på han. Kvar dag skal me stå opp til eit liv med Den oppstadne, og ein dag skal me stå opp til evig liv med han.
tirsdag 23. april 2019
torsdag 3. januar 2019
Vegansk eller kjøt?
Debatten
mellom veganarar og kjøt-etarar går friskt for tida. Men må det vera eit anten
eller? Tradisjonell kristendom, t.d. som i den koptisk-ortodokse kyrkja i
Egypt, har ein to tusen år gammal tradisjon med å eta vegansk mat til visse
tider på året.
Ifølge ortodoks
tankegang vender me tilbake til mennesket sitt opprinnelege kosthald når me et
vegansk mat. Mat utan kjøt eller andre
animalske produkt er «paradis-mat», altså den maten dei første menneska fekk
lov av Gud til å eta, slik Bibelen fortel i 1. Mosebok 1,29: «Sjå, eg gjev dykk
alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber
frukt med frø i. Det skal de ha å eta.»
Etter
storflaumen, derimot, gjer Gud ei pakt med Noah og seier: «Alt som lever og
rører seg, skal no vera mat for dykk. Som eg gav dykk dei grøne plantene, gjev
eg dykk no alt dette.»
Koptiske
kristne fastar meir enn 180 dagar i året, og i mange av fasteperiodane avstår
dei frå alle animalske produkt. Gjennom
å fasta frå dette, prøver dei å finna tilbake til noko av paradis-tilstanden i
sitt eige liv.
Kanskje
norske kristne kan gjera bruk av noko av denne tankemåten i diskusjonen om
vegansk eller kjøthaldig mat? Det er jo mange gode grunnar til å eta mindre kjøt.
Dyrevern er ei side av saka: Kjøtindustrien
gjer dyra om til produkt som kjem ferdig pakka i plast i butikken, og mange er
bekymra for om dei har eit godt liv før dei blir slakta. Klima-endringar er ei anna viktig side:
Kjøtproduksjon er ofte dårlegare for miljøet enn produksjon av frukt og
grønsaker. Men produksjon og import av visse typar
grønsaker er heller ikkje alltid så miljøvennlig. For min del hellar eg til at eit balansert
kosthald med utstrakt bruk av kortreist mat – anten det er fisk, kjøt eller vegetariske
produkt – er det beste alternativet.
Kvifor ikkje då avstå frå kjøt eit par dagar i veka og til visse tider
på året? Onsdag og fredag har tradisjonelt vore fastedagar: Onsdag fordi det
var den dagen Judas sveik Jesus, og fredag fordi han hang på krossen. Kyrkja her til lands har også hatt lengre
periodar for faste, t.d. dei førti kvardagane før påske, eller i adventstida
før jul. Kan dei gamle kristne fastetradisjonane
visa veg i ei ny tid med nye utfordringar?
tirsdag 11. desember 2018
God bok om Midtausten etter "Den arabiske våren"
Eg har vore på leit etter ei bok som oppsummerer dei viktigaste trekka i moderne historie i Midtausten etter den såkalla "arabiske våren" i 2011. Det har eg funne i "Brennpunkt Midtøsten" av Nils A. Butenschøn og Rania Maktabi (red.). Lånte boka på det nyopna biblioteket på Moa, og tok henne med meg på tur no i frihelga mi. Boka les historia med nokre viktige storbyar som prisme. Anbefalt!
søndag 18. februar 2018
Snart 30 år med misjon i Midtausten
Eg er på veg til Stavanger for å dykka ned i misjonsarkivet
til NMS. For snart 30 år sidan byrja Det
Norske Misjonsselskap arbeidet sitt i Midtausten, og no skal eg skriva historia
om dette misjonsfeltet. Eg gler meg til å
ta fatt! No har eg vore deltidsstudent ved Høgskulen i Volda i to år på
masterprogrammet «Kulturmøte», og har gjennomført fire semester og like mange
fag. Eg synest det er kjempekjekt å vera
student igjen, etter så mange år vekke frå skulebenken, og opplever at lesinga
og arbeidet med semesteroppgåver så langt har vore veldig berikande for
arbeidet mitt som prest. Eg har fått
repetert ein del kunnskap som eg har vore innom tidlegare, og så har eg fått
lært mykje nytt stoff også.
Denne veka har eg tre studiedagar i Stavanger. Eg skal gå
gjennom arkivstoff og sjå om eg kan finna ut kva som var dei viktigaste
grunnane til at NMS valde å satsa på Midtausten som eit nytt misjonsfelt den
gongen i 1990, og korleis prosessen var då dei valde samarbeidsorganisasjonar.
Det byrja med støtte til organisasjonen «Middle East Media» i 1990. Tre år
seinare sende dei ut dei første misjonærane – dvs. min eigen familie. Arbeidet gjekk over i ein ny fase då den
kristne satellitt-TV-stasjonen «SAT 7» vart stifta midt på 90-talet. NMS har også samarbeidd med Bibelselskapet, med
menneskerettsorganisasjonen «MIddle East Concern», og med ulike
utviklingsprosjekt i Egypt.
For meg personleg har eg merka at eg er blitt meir oppglødd
for NMS sitt arbeid etter at eg bestemte meg for å skriva om arbeidet i
Midtausten, og det blir kjekt å komma i gang, kjenner eg.
fredag 9. februar 2018
Pilegrimskyrkja på Giske
Langs kystpilegrimsleia mot Nidaros ligg Giske kyrkje som ei
lita perle. Kyrkja har vore pilegrimsmål
sidan mellomalderen og vart kanskje bygd til minne om pilegrimar frå Giske.
Året 1102 sigla fem langskip med korsfararar frå Sunnmøre. Målet
var Jerusalem og leiar for ferda var Skofte Aagmundsson frå Giske. Skofte hadde med seg tre av sønene sine, og
alle fire omkom på denne reisa, skriv Elias Giske i boka om Giske kyrkje. Skofte la ut som korsfarar, men døydde som pilegrim, og han nådde eit anna mål enn han hadde tenkt. Det er ikkje bevart skriftlege kjelder om
bygginga av kyrkja, men Elias skriv at «det er naturleg å gjere seg tankar,
fable om ein vil. Skofte var ein av
Norges mektigaste menn, og var komen i arvestrid med sin nære slektning kong
Magnus. Hans store mål var å fullføre
reisa til Jerusalem. Men så låg han for
døden i Roma. Ein av sønene som var med,
var kanskje allereie død. Det vart ikkje
slik han vona og trudde. Men i Rom hadde
han sett dei mange kyrkjer, og andre praktfulle små og store bygg i
marmor. Kanskje sette han fram eit
ynskje på sitt dødsleie, om å reise ei fin, lita marmorkyrkje i gardstunet
heime på Giske.»
Nesten tre hundre og femti år seinare, i 1345, fekk Giske
kyrkje eit brev frå pave Clements VI, som gav hundre dagar fritak for pålagde
botsøvingar til alle truande som kom hit som pilegrimar på kyrkja sine
helgendagar. Her står det at kyrkja var
vigsla til jomfru Maria, den heilage Nicolas og evangelisten Johannes. Den
heilage Nicolas (som er opphavet til julenissen) sin festdag er 6. desember,
evangelisten Johannes vert feira 27. desember, og den viktigaste festdagen for
jomfru Maria er hennar himmelfart den 15. august.
På austveggen utanfor kyrkja er det framleis tydelege teikn
etter pilegrimar. Her har dei skore inn
kors i veggen – såkalla kyssekors – som pilegrimane kyste når dei kom hit.
Moderne pilegrimar kjem framleis til Giske. Årleg kjem om lag ni tusen turistar hit, dei
fleste frå cruise-skipa til Ålesund, og dei kjem som regel hit med buss. No når
kystpilegrimsleia etter kvart blir meir kjend, håpar me å få fleire pilegrimar
som kjem hit på veg langs leia.
Les meir her.
søndag 3. desember 2017
"Det er noko skræmande"
I ein film på fjernsyn kom eg over eit gammalt dikt av ein spansk jødisk poet og vitskapsmann som levde for 900 år sidan. Yehuda Ha Levi var fødd i 1075, levde både i det kristne Spania og det muslimske al-Andalus, og døydde i Jerusalem i 1141.
Diktet er tydelegvis best kjent på engelsk, med tittelen "Tis a fearful thing".
Eg har prøvd å omsetja det til norsk:

Diktet er tydelegvis best kjent på engelsk, med tittelen "Tis a fearful thing".
Eg har prøvd å omsetja det til norsk:

Det er noko skræmande, dette.
å elska noko døden kan nå.
Noko skræmande er det,
å elska, å håpa, å drøyma, å vera –
å vera,
og ja, å mista.
Det er noko for dårar, dette.
Og noko heilagt,
noko heilagt
å elska
For livet ditt har levd i meg,
låtten din løfta meg ein gong,
ordet ditt var di gåve til meg.
Å huska dette gir ei sår glede.
Det er noko menneskeleg, dette,
å elska,
noko heilagt er det, å elska
det som døden har nådd.
lørdag 7. oktober 2017
Sommar i oktober
![]() |
Det er ikkje så mykje kjensle av sommar lenger her ute på
Vigra der eg bur. Uttrykket «sommar i
oktober» kjem frå ein salme eg oppdaga for ei vekes tid sidan. Eg var på samling inne i Geiranger med
prestane og organistane i Møre bispedøme, og i morgonbøna eine dagen song me
denne salmen. Salmen rørte ved noko i
meg, ikkje berre på grunn av den fine melodien av Ivar Jarle Eliassen, men
først og fremst gjennom det malande ordvalet til Jan Inge Sørbø.
Salme nr 847 i Norsk Salmebok:
Han gyller himlens tak med gullsinober.
Han heiser sola varsamt opp og ned.
Han helsar oss med sommar i oktober.
Han skifter fargar på kvart ospetre.
Han lyfter trea langsamt opp av jorda.
Han murer opp eit fjell og let det stå.
Han pustar liv og varme inn i orda.
Han hentar deg den dagen du skal gå!
Går du på glør, så går du på hans hender.
Og når du blør, er det hans blod som renn.
Han står der nederst når di krise vender,
For han stig ned og du stig opp igjen!
Det gull du ser på himlen i oktober,
er renningar i veven som han vev.
Frå hans palett flyt purpur og sinober.
Og du er den som får hans kjærleiksbrev!
Så lærte eg eit nytt ord den dagen og: «Sinober» er altså
ein raudfarge. Og sjølv no når det går
mot mørkare tider, kan det vera flott å sjå fargane både på himmelen og i blada
som misser grønfargen sin.
For min del var det vers tre som talte sterkast til meg
denne gongen, og særleg dei to siste verselinjene: «Han står der nederst når di
krise vender, for han stig ned og du stig opp igjen!» Då måtte eg tenka på ein person som eg visste
hadde det tungt og vanskeleg, og senda opp ei ekstra bøn til Gud.
Salmen kan du høyra i NRK-programmet "Salmeboka minutt for minutt"
Salmen kan du høyra i NRK-programmet "Salmeboka minutt for minutt"
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Nye arbeidsoppgåver
Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...
-
Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...
-
Det er ikkje så mykje kjensle av sommar lenger her ute på Vigra der eg bur. Uttrykket «sommar i oktober» kjem frå ein salme eg oppdaga...
-
Det vart siger – litt overraskande – for dei konservative på Kyrkjemøtet i saka om vigsel for likekjønna. For meg er det ein siger med bis...




