lørdag 19. august 2017

Islam i Spania


Det har vore mykje snakk om islamistisk terror i Spania dei siste dagane.  Sist vår studerte eg spansk mellomalderhistorie ved Høgskulen i Volda, med vekt på "Al-Andalus", den delen av den iberiske halvøya som var styrt av muslimar frå 711 til 1492.

For dei som har interesse av slikt, legg eg ut semesteroppgåva mi her.

Det muslimske al-Andalus i mellomalderen blir ofte framstilt som ein gullalder for convivencia,  fredeleg sameksistens mellom religionane.  Dette blir gjerne sett i skarpt relieff til måten jødar og muslimar blei behandla på av dei kristne etter 1492, då heile den iberiske halvøya var gjenerobra.  Eit døme på ei slik framstilling er boka «Spansk gullalder og arven fra jøder og muslimer» av Knut Aukrust og Dorte Skulstad, som kom ut på Pax forlag i 2011, der dei skriv at dei 800 åra med muslimsk styre i al-Andalus er «først og fremst en historie om relativt fredelig sameksistens mellom religioner og kulturer».  Sjølv om dei kunnskapsrike forfattarane innrømmer at perioden var full av konfliktar, ber tekstane preg av det eg vil kalla ei «rosemaling» av det muslimske styret, og ei tilsvarande svartmaling av dei kristne rika på den iberiske halvøya, t.d. når dei skildrar den kristne ekspansjonen på 1000-talet som «begjær og plyndring» og «utpressingstaktikk i beste mafiastil». 
Dette er ei framstilling eg seier meg usamd i.  Les meir her (Dropbox) eller her (GoogleDrive). 

onsdag 16. august 2017

"Modersvingen"


Førstkomande søndag (20.08.2017) skal me synga denne Lina Sandell-salmen i Valderøy kyrkje, nr 316 i Norsk Salmebok 2013.  Då eg såg tittelen på denne salmen første gongen, lurte eg på kva slags sving det var snakk om. Til eg forsto at det var mors venge det handla om.  Salmen kan du lytta til her, så kan du læra han og synga med på søndag.  
I preiketeksten frå Matt 23,37-39 seier Jesus at han gjerne skulle samla Jerusalems born slik ei høne samlar kyllingane under vengene sine.  Orda er prega av omsorg for folket, men også av frustrasjon fordi dei ikkje vil tru på han.
Jesus, som elles lærte oss at me kan seia «Far» til Gud, viser oss her ei feminin side ved gudsbildet.  Eg trur nok me går eit steg for langt om me dermed skulle byrja å tiltala Gud som «vår Far og Mor», men det er gode grunnar til å opna oss for at gudsbildet vårt ikkje skal vera einsidig maskulint. 
Lina Sandell (1832-1903) skreiv mange songar som me er blitt glade i her i Norge, og fleire av dei skal syngast i kyrkja på søndag. «Modersvingen» er nok den songen som tydelegast skildrar Guds omsorg med feminine bilde som ei vernande venge og eit ømt morshjerte, men også andre songar hadde opprinneleg liknande tekstar.  Det gjeld til dømes den første versjonen av «Blott en dag», der det heitte «han som har mer än en moders hjärta» i staden for «Han som bär för mig en faders hjärta».  Og i salmen «Bred dina vida vingar», der me no syng «och låt mig stilla vila i ve och väl hos dig», heitte det først «och låt din lilla kyckling få gömma sig i dig». Kjelde:  http://www.dagen.se/livsstil/gud-som-fader-eller-moder-1.108118
Dette omsorgsaspektet ved gudsbildet vårt er også gjenspegla i ein av nattverdliturgiane i Den norske kyrkje (nattverdbøn E), der me ber: «Gud, ta oss alle i din famn, slik ei kjærleg mor samlar borna sine om seg.»  
På Oljeberget i Jerusalem står ei lita kyrkje som er bygd på staden der ein trur Jesus stod då han græt over Jerusalem.  Bildet med høna og kyllingane er ein mosaikk frå altaret i denne kyrkja, og det viser til teksten frå Matteus 23,37.  
Foto av Wikimedia-brukar Anton 17 https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/a/a5/Mosaic_Art_at_Dominus_Flevit.jpg

torsdag 3. august 2017

Frimodig kyrkje


I år vart ein ny kyrkjeleg organisasjon stifta.  «Frimodig kirke" er namnet på nettverket som vart oppretta i mars i kjølvatnet av at kyrkjemøtet vedtok ein ny kjønnsnøytral ekteskapsliturgi.  Eg er ein av dei som melde meg inn i nettverket.  For meg handla det mest om å ha frimod til å bli verande i den kyrkja eg alltid har vore ein del av.  Av natur er eg ikkje nokon stridsmann, men det er viktig for meg å vita at det er plass i kyrkja mi for det eg står for.  

Det er stor teologisk breidde i Den norske kyrkja, men dei siste åra har eg følt meg meir og meir framand i kyrkja mi, særleg i forhold til dei samlivsetiske spørsmåla, og meir grunnleggande i forhold til synet på Bibelen, og på kva kyrkja er.  Eg vil ikkje gå i detalj om dette no.

«Frimodig kirke" er nok også ein organisasjon som samlar folk med mange ulike meiningar, og eg er ikkje utan vidare einig med alle i dette nettverket.  Men eg håpar det kan hjelpa fleire enn meg, både prestar, andre tilsette og frivillige medarbeidarar, til å bli verande i Den norske kyrkja og frimodig halda fast på det me trur er evangeliet.


Det har vore eit problem innan dei konservative gruppene innanfor Den norske kyrkja at me er så forskjellige.  Nokre nettverk har vore såkalla «høgkyrkjelege» og har samla flest prestar, organistar og andre med sans for liturgi og faste kyrkjestrukturar.  Andre organisasjonar er «lågkyrkjelege», med stor skepsis til prestane og dei formelle strukturane, og dei vil helst bygga sine eigne forsamlingar.  «Frimodig kirke" tar mål av seg å vera eit nettverk som kan bygga bru mellom desse fløyane.  Det er eit ønskje at det ikkje skal vera dominert av prestar, men bli eit nettverk av alle som ønskjer at kyrkja vår skal halda fast på ei bibelsk basert tru.  Det blir spennande å sjå kor vegen går vidare. 


lørdag 11. mars 2017

"Kystpilegrim" til St. Olav

Denne veka har eg  vore ein slags kystpilegrim, om enn på ein annan måte enn det vanlege.  I gamle dagar reiste folk på pilegrimsreise til St Olav si grav i Nidaros, og motivet var ofte å bli helbreda.  Eg har og reist til St Olav for å bli helbreda.  Ikkje til helgengrava, men til St. Olavs hospital i Trondheim. Men joda, Nidarosdomen var eg også innom. 

For meg var Hurtigruta den beste og rimeligaste måten å reisa på mellom Ålesund og Trondheim.  Sjølv om det tar litt fleire timar, er det likevel å føretrekka framfor bussen, iallfall.  Nordover starta turen kl 15 i Ålesund, og då fekk eg oppleva strekninga fram til Molde i fullt dagslys.  Sørover ei lita veke seinare fekk eg sjå det meste av kystlandskapet eg for forbi medan eg låg i lugaren og sov sist.  

No blei det også til at eg fekk reisa med to svært forskjellige skip:  «MS Nordkapp» er eit av dei store, moderne skipa, med mykje luksus.  Tilbake igjen fekk eg gleda av å segla med det minste og eldste skipet som er like gammalt som meg sjølv: 1964-modellen  «MS Lofoten».  


Opphaldet på St Olavs hospital var godt.  Eg blir imponert både over den solide medisinske kunnskapen og den gode måten dei tar seg av oss reint menneskeleg. For min del blei opphaldet der nokre dagar lenger enn eg hadde tenkt.  Det som skulle vera ein kontroll og kanskje eit enkelt inngrep i hjarta, blei litt meir omfattande. Til gjengjeld fekk eg tid til å reflektera over livet og lesa mykje fagstoff. Så får eg håpa at når eg  no reiser tilbake, så er det med litt betre helse enn eg hadde då eg kom til St. Olav.  

mandag 27. februar 2017

Jean de Gorze

27. februar er minnedagen til St Jean av Gorze i den katolske kyrkja (men andre kjelder seier han døydde den 7. mars).  Kvifor er han interessant for meg akkurat no?  Jo, fordi denne munken frå Vandières, nord i det som i dag heiter Frankrike, var utsending frå kong Otto I til kalif Abd al-Rahman III i al-Andalus.  Og dette semesteret tar eg eit fag ved Høgskulen i Volda som handlar om dei 800 åra den sørlege delen av den iberiske halvøya (Spania og Portugal) var under muslimsk herredøme.

I  år 953 vart Jean sendt til Córdoba som ambassadør for kong Otto.  Han skulle ta med seg eit brev til kalifen.  Formålet var å få ein slutt på muslimske raid i det sørlege frankarriket.  Vel framme, fekk Jean slå seg ned i eit palass i Córdoba, men kalifen fekk han ikkje møta.  Grunnen til det, var at kalifen frykta at innhaldet i brevet var så direkte og tydeleg at det kunne oppfattast som blasfemi mot profeten Muhammad.  Og dersom kalifen hadde lese det, ville han føla seg tvungen til å dømma ambassadøren til døden. Derfor fekk han sin jødiske ambassadør Hasdai ibn Shaprut til å forhandla med Jean.  Han klarte å overtala Jean til å be om at Otto sende eit nytt brev, eit som var mindre fordømmande i ordlyden.  Jean skal ha sagt om jøden Shaprut at han aldri hadde møtt ein mann med eit så forfina intellekt.


Denne veka har eg arbeidd med å presentera ein artikkel om jødiske vitskapsmenn frå al-Andalus. Det var nemlig mange jødar som budde  på den iberiske halvøya på denne tida, fram til både muslimar og jødar blei kasta ut av riket i 1492, då dronning Isabella og kong Ferdinand erobra den siste resten av kongedømmet Granada.  Jødiske vitskapsmenn spelte ei viktig rolle i å overføra kunnskap om klassisk vitskap og filosofi til Europa.  Studiet er interessant også på den måten at eg får repetert ein del gammal kunnskap frå det førebuande filosofistudiet me hadde på teologistudiet. 

mandag 19. desember 2016

Kyrkja og dei ikkje-truande medlemmane

«Rita Karlsen kaller seg kulturkristen. Hun tror ikke på Gud, men nå har grunnleggeren av Human Rights Service meldt seg inn i Den norske kirke».  

Dette var ingressen i ein artikkel som stod å lesa på nettsida til avisa Dagen den 26. august i år. Human Rights Service, som Rita Karlsen er både grunnleggar og dagleg leiar av, er ein organisasjon som er kjend for sterk kritikk av norsk innvandringspolitikk, med særleg front mot religionen islam.  Rita Karlsen vart døypt og konfirmert på heimstaden sin, men melde seg ut av kyrkja mot slutten av tenåra. Då ho melde seg inn att i år, var grunngjevinga hennar at ho ser på kyrkja som ein viktig kulturinstitusjon. «Det handler om et ønske om å ha kirken som et møtested og et samlingspunkt, at vi har noen som bærer tradisjonene, fra vuggen til graven», seier ho til Lars Akerhaug i Dagen.

I ei meiningsmåling som Aftenposten skreiv om i mars 2016, kom det fram at under halvparten av medlemmane i Den norske kyrkja oppfattar seg som kristne, og at 33 % reknar seg som ateistar.  Kvifor blir dei likevel verande som medlemer? 

Dette er spørsmålet eg prøvde å finna svar på i arbeidet med  eksamensoppgåva mi denne hausten.  Eg er deltidsstudent ved Høgskulen i Volda på mastergradstudiet «Kulturmøte», og i haust har eg studert emnet «Nasjon, kultur og religion».  Som prest er det lærerikt å sjå på arbeidet mitt frå nye vinklar, og det var svært interessant å jobba med dette emnet i haust.

For å gi iallfall nokre svar på dette spørsmålet, har eg leita opp ulike aktuelle døme frå avisartiklar og debattinnlegg i nettaviser og sett dette inn i ei teoretisk ramme med utgangspunkt i pensumlitteraturen.  Det handlar om kollektiv identitet, forestilte fellesskap, samfunnsreligion og kyrkja si rolle som både eit religiøst og eit nasjonalt symbol. Er det slik at det å vera norsk gjer det naturleg å vera medlem av Den norske kyrkja? 

Artikkelen, som er noko forkorta i forhold til den innleverte eksamensoppgåva, kan du lesa her. 

torsdag 1. september 2016

Bibel og kveldsmat på Roald

Onsdagskveldar kl 19-21 inviterer me til bibelgruppe heime hos presten i Øievegen 3 ved Joker Roald. 

Helga og eg har hatt mange gode erfaringar frå liknande smågruppefellesskap på dei ulike stadene me har budd tidlegare, og no startar me det opp i lag med eit vennepar.  Tanken er at dette skal vera ei gruppe der det alltid er plass for nye som vil prøva korleis det er.

Opplegget er enkelt:  Me byrjar med eit enkelt kveldsmåltid. Deretter les me dei tekstane som skal lesast i kyrkja komande søndag, og deler med kvarandre tankar me gjer oss om dette.  Til å hjelpa oss med samtalen, brukar me boka  «Mester, på ditt ord. Søndagstekstene 2016-2017». Før me går heim, ber me i lag for kvarandre og for bygda.


Så viss du saknar eit slikt fellesskap, er du hjarteleg velkommen! Det er for kvinner og menn uansett alder, og for både tvilarar og overbeviste truande.  Har du spørsmål, så kan du ringa meg på tlf 91325568. 

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...