søndag 22. desember 2013

Julegudstenester for unge og eldre

Fjerde søndag i advent, og me er godt i gang med dei mange julegudstenestene allereie.  På bildet ser me nokre av dei mange som organist Runa Godø Sæther hadde fått med seg til å bidra  med song på gudstenesta i Godøy og Alnes bukollektiv i føremiddag.  Kjekt når unge og gamle kan komma saman og feira høgtida som nærmar seg.   I ettermiddag blir det tilsvarande gudsteneste på Vigra omsorgssenter.  Sist veke fekk eg med meg  tre skulegudstenester, og til saman blir det ni gudstenester totalt på ei veke, så det er litt travlare enn vanleg.   

Då vil eg ønskja ei god jul til min eksklusive "skare" av lesarar :) 

onsdag 18. desember 2013

Kven er målaren?

Tysdag 17. desember fortalde Kjetil Molnes til dei frammøtte frå Vigra sogelag og Vigra sokneråd kva han hadde funne ut om biletet i bakgrunnen:  Altartavla frå 1893, året før den nye kyrkja vart ferdig.  Det har lenge vore eit mysterium kven som hadde måla altartavla.  Nokre meinte det kunne vera Jonas Peson, som har måla mykje her på Sunnmøre.  Men etter eit liten sjekk, fann Kjetil snart ut at om det  var tilfelle, måtte Peson ha vore eit vidunderbarn, for i 1893 var han berre seks år.

Nede i venstre hjørnet på bildet, står nokre initialar som ikkje var heilt lett å tolka.  Etter mykje korrespondanse fekk Kjetil Molnes endeleg ei melding frå Riksantikvaren som sette saka i eit klårare lys.  Det vart etter kvart tydeleg at namnet på kunstnaren måtte vera Jacob Bratland frå Bergen (1859-1906).   Dermed er eit gammalt mysterium frå Vigra kyrkje si første tid oppklart i tide til 120-årsjubileet neste år.  

Her er kunstnaren portrettert av Christian Krogh.


Nye lampettar i Vigra kyrkje

"I 2014 har Vigra kyrkje 120 års-jubileum, og i det høve vil vi fornye kyrkja med nye lampettar, og våpenhuset med ny lysekrone. Lampettane som er der i dag, må skiftast ut fordi fleire ikkje verkar. I valet av nye lampettar har det vore viktig at dei skal vere i stil med den store lysekrona i kyrkjeskipet. Lampettane og lysekrona er handlaga ved erkebiskopen sin restaureringsverkstad i Vilnius. Målet er at alle lampettane er monterte i kyrkja til julegudstenesta i år."

Slik skriv soknerådet i eit brev som er delt ut til alle husstandane på Vigra.  Og no er lampettane komne på plass!    Her er nokre av medlemene i soknerådet opplyste av skinet frå lampettane tysdag kveld.  Frå venstre:  Bente Stornes, Heidi Røsvik, Gunnhild Vindvik Nordstrand, Sigrid Roaldsand og Odd Kåre Naalsund. 

 Gåvene er også byrja å strøyma inn.  Den 5. desember var soknerådsleiaren og eg på møte i Vigra kvinne- og familieforbund.  På vegne av soknerådet tok Gunnhild imot ein sjekk på ikkje mindre enn ni tusen kroner.  Også fleire privatpersonar har sendt gåver, og andre som måtte ha lyst til å gi, kan gjera det til kontonummer  3910.20.60796.  

Heile brevet frå soknerådet, kan du lesa her: Nye lampettar til Vigra kyrkje

mandag 9. desember 2013

Dei nye messehaklane presenterte

Søndag 8. desember vart dei nye messehaklane som er innkjøpte til Godøy bedehuskapell presenterte i gudstenesta.  I første omgang er det kjøpt inn ein fiolett og ein grøn messehakel, og Valborg Remmen og Leif Sæther presenterte desse før den fiolette vart tatt i bruk under nattverdfeiringa.   Desse to messehaklane er relativt enkle og rimelege, og det er planar om å engasjera ein kunstnar til det kvite settet, som skal brukast i høgtidene.

 I gudstenesta denne gongen var det musikkframføring ved Solveig Rønning, Simon Sakseid og Miriam Mulelid.


lørdag 30. november 2013

Nye salmebøker i Giske


Første søndag i advent blir den nye salmeboka tatt i bruk.  Her i kommunen er Giske sokn først ute, og har kjøpt inn hundre bøker, der dei fleste vil bli verande i Giske kyrkje.  I Godøy bedehuskapell vil vi bruka ei digital løysing.
Den nye salmeboka vil erstatta dei to bøkene me har brukt til no: Den gamle grøne salmeboka frå 1985 og den nyare «Salmer 1997».    Den nye boka har 991 salmar.  272 av desse er nye, og mange er overførte frå dei to gamle bøkene.   Bak i boka er ei samling bøner og liturgiar.

I tida framover vil me prøva å introdusera ein del av dei nye salmane i gudstenestene.  Mange av dei «nye» salmane vil nok mange kjenna frå før.  Ein av dei gamle adventssalmane som har fått ny melodi, er «Opp gledest alle, gledest no». Eg veit ikkje om eg i heile mi prestetid nokon gong har brukt denne salmen i ei gudsteneste, men for nokre år sidan blei  salmen gjort kjend av Odd Nordstoga ogSissel Kyrkjebø, og i morgon vil me bruka denne i gudstenesta i gamle Giske kyrkje. 

Me gler oss også til å høyra "Kor du e" frå Giske synga i gudstenesta i morgon. 


God adventstid! 

mandag 30. september 2013

Nye messehaklar til Godøy bedehuskapell

Det har lenge vore arbeidd med å samla inn pengar til nye kyrkjetekstilar til Godøy bedehuskapell. I vår bestemde soknerådet at dei ville be tekstilnemnda sjå kva dei kunne få kjøpt for dei pengane som var til rådvelde, og før sommaren vart eit forslag send til biskopen for godkjenning.  Dette gjeld dei to mest brukte fargane, grøn og fiolett.  Forslaget vart godkjent i august, og to messehaklar vart tinga frå den belgiske produsenten Slabbinck gjennom firmaet Savile Row i Drammen.  Mot slutten av september kom dei i posten, og her er komitemedlemmene Leif Sæther og Malfrid Remmen i ferd med å opna pakken.

Korleis ser dei ut?  Ja det får du sjå seinare...  Komiteen vart iallfall godt nøgd.  Dei kjem til å bli presenterte i ei gudsteneste ein gong denne hausten.

Ein messehakel er den store kappa som presten brukar utanpå prestekjole og stola når me feirar nattverd, eller til andre meir høgtidelege høve, som til dømes konfirmasjon og høgtidsgudstenester. I alle kyrkjer skal det vera messehakel i fire fargar: Fiolett til adventstida og fastetida, kvitt til juletida og påsketida, raudt til pinse og martyrdagane og grønt til resten av året.

I gammal tid, før det vart eit liturgisk plagg, var messehakelen eigentleg eit stort ytterplagg, nærast som ein poncho.  Kanskje det var eit slikt plagg Paulus bad Timoteus senda til Rom, der han sat fengsla?

Her er forresten nokre interessante refleksjonar over dette verset (2 Tim 4,13).
https://www.christiancourier.com/articles/935-was-pauls-reference-to-his-cloak-a-meaningless-triviality

lørdag 28. september 2013

"Heilag grunn" på konfirmantleir


«Heilag grunn» var eit gjennomgangstema for konfirmantleiren på Kjeldsund i september i år. 48 konfirmantar frå Godøya, Giske og Vigra var i lag på denne flotte leirstaden til Det Norske Misjonsselskap (NMS) frå fredag ettermiddag til søndag formiddag.  Så mykje fisk blei det ikkje, men veret var nokså bra innimellom, så me fekk bruka kanoane og robåtane både fredag og laurdag.  Maten var topp, konfirmantane kjempegreie, og med god hjelp frå foreldre blei konfirmantleiren ei god oppleving.  Konfirmantane tok sjølve ansvar for det meste av leik og moro.  Fredag kveld var det dei frå Godøya og Giske som hadde ansvaret, og laurdagskvelden styrte Vigra-gjengen showet.


Undervisninga tok utgangspunkt i Moses sitt møte med Gud ved den brennande tornebusken.   Korleis møter me Gud i dag?  Kva gjer me i møte med Den Heilage, og korleis talar han til oss no? Laurdag kveld laga konfirmantane ei flott gudsteneste med ulike grupper: pynting, drama, tekstlesing og bønevandring.   Ein song som gjekk igjen mange gonger i helga var «Burning tree/Holy ground» med det amerikanske «Desperation Band».

fredag 30. august 2013

Ein ny haust


Hausten er komen, og mange aktivitetar byrjar igjen etter sommarferien.  For meg har det allereie vore ein travel augustmånad på jobb, og i september blir det ikkje mindre å gjera.

Førstkommande søndag blir ein spennande dag.  Då blir det friluftsgudsteneste oppe på Godøyfjellet kl 15.00, i samband med at Godøy IL feirar sitt 50-årsjubileum.  Gudstenesta blir halden på nordsida av vatnet, like ved stien opp frå Alnes. Der skal det vera lett for helikopteret å landa.  Neida, eg har ikkje tenkt å sitja på i helikopteret.  Det er for å frakta opp utstyr, tunge musikkinstrument og dei som er dårlege til beins. Godøy brass blir med, og det er eg veldig glad for.  Så får me håpa at me ikkje bles og regnar vekk. 

Sist helg byrja konfirmasjonsførebuinga med presentasjonsgudsteneste i Godøy bedehuskapell. Søndag formiddag held me fram i Giske, og søndag 8. september skal konfirmantane på Vigra presenterast.  Same dagen skal min gode kollega André Sjåvåg ta til med Valderøy-konfirmantane.  I år ser det ut til at eg får 46 konfirmantar, og 28 av dei er på Vigra.  Det er alltid spennande å sjå kven dei nye konfirmantane er, og eg håpar me får ein god tone prest og konfirmantar imellom.  Eit par veker etter oppstart, 20.-22. september, skal me på leir.  I år går turen til Kjeldsund i Herøy kommune.    Kjeldsund er ein gamal handelsstad og gjestgiveri, som no blir driven av Det Norske Misjonsselskap (NMS). Leirstaden ligg ved sjøen, og her skal det bli fint å bruka eit par dagar til å bli betre kjende. 

September blir også tida for val.  Ikkje berre stortingsval, men også val på nytt sokneråd i Giske sokn, dvs. dei to øyane Giske og Godøya.  I år skal det veljast tre nye medlemer i soknerådet, i tillegg til varamedlemer.  Det må innrømmast at det nok ikkje blir noko spennande  kampvotering, så lenge ein har såpass få kandidatar, men det er viktig at folk er med og stemmer inn dei som har sagt seg villige til å stilla opp. 

I dag kom me som arbeider i kyrkja i kommunen vår heim frå stabstur til Geiranger.  Der har me hatt to dagar til å samtala om arbeidet vårt.  Det var godt å bruka litt tid i lag på dette, og me gler oss til å fortsetta arbeidet denne hausten.  Det er mykje som skjer i kyrkjene våre, både kvardag som søndag.  Velkommen innom, og sjå gjerne innom kyrkja sine heimesider for å finna ut om det er noko du kan engasjera deg i.


søndag 11. august 2013

Matauk

Dei var flinkare til det før – sikkert fordi det var nødvendig.  I dag får ikkje det me kallar «matauk» så stor innverknad på månadsbudsjettet.  Men det er grådig kjekt å hausta sin eigen mat, anten det er noko me har sådd og planta sjølv, eller me finn det i naturen sitt eige matfat.

Når eg skriv dette,  kjem eg akkurat inn frå hagen, der eg sette to små rader med poteter i vår.  Det var ein sein og kald vår, så eg venta til etter syttande mai.   På ein potetplante var det meir enn nok poteter til ein middag for oss tre som skal eta middag i prestegarden i dag.  Hadde det vore på oldemor mi si tid, hadde det ikkje monna mykje.  Ho Andrea Folgerø på Hiskjo hadde femten born som vaks opp, og dei hermer etter henne at ho ein gong sa at «i dag trur eg me hoppar over middagen – me er berre ni til bords».   Då var det godt dei hadde sild og poteter i fleng.  Far min sa at heime på Sakseid pleidde dei å eta sild og poteter eine dagen, og poteter og sild andre dagen.  Og for å variera på den noko einsidige kosten fekk dei finare mat på søndagen: då var det kokefisk til bords.

I år har me drive litt matauk i familien.  I juni hausta me inn fleire kilo rabarbra, og no i juli / august har me plukka rips og stikkelsbær som er blitt til saft og syltetøy.  Her ein dag var me ute og fiska, og fekk fin makrell.   I dag gjer me det ikkje så mykje for å spara pengar.  Det er andre grunnar til å driva matauk.   
For det første er det ingenting som smakar så godt som mat du har hausta sjølv.  Det er nok berre innbilning, men likevel.  For det andre er det viktig at me ikkje gløymer korleis me skal bruka ressursane me har rundt oss der me bur.  Kven veit om tidene alltid vil vera så gode som dei er no.  Om me ikkje har råd til å importera varer til landet vårt, vil det bli smalhans her.  For det tredje trur eg me blir meir i pakt med det opprinnelege i det å vera menneske, når me dyrkar jorda og forvaltar og haustar av det Gud har gitt oss.



Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «Ver fruktbare, bli mange og fyll jorda!   Over alle dyra på jorda og alle fuglane under himmelen, over alt som rører seg på marka og alle fiskane i havet, skal det koma frykt og redsle for dykk. Dei er gjevne i dykkar hender.   Alt som lever og rører seg, skal no vera mat for dykk. Som eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette.   1Mos 9,1-3

lørdag 3. august 2013

Egypt - mitt andre heimland

I dag er det tjue år sidan eg flytta til Egypt saman med kone og to små born.  Frå august 1993 budde me i Kairo i to periodar på til saman sju år.  «Sju magre år» pleier eg å seia, halvt i spøk.  Sanninga er at det var ei viktig tid i familien vår sitt liv, av mange grunnar.

Då me sette oss inn i det vesle flyet som tok av frå Sør-Stokken på Stord til Fornebu den morgonen, var  det så mykje meir enn berre ei flyreise.  For oss var dette starten på eit liv som misjonærar, og me visste ingen ting om kor lenge misjonærlivet skulle vara.  Det var heller ikkje berre ein vanleg jobb me skulle til.  Me følte det slik at me var kalla av Gud til å reisa, og at det var han som sende oss ut.

I mange år hadde me allereie sett fram til denne dagen.  For min del, hadde eg førebudd meg i ni år, sidan eg byrja å studera teologi på Misjonshøgskolen i Stavanger.  Helga hadde kjend på eit kall til å bli misjonær heilt sidan ho var tretten år gammal.  Me hadde vore gjennom ein lang prosess med utdanning og plassering.  Først vart me plasserte til Pakistan.  Me førebudde oss gjennom å få venner blant pakistanske innvandrarar i Stavanger, venna oss til å eta sterkt krydra mat, lesa det me kom over av litteratur om landet, snakka med andre misjonærar, engelskstudium i Cambridge, ordinasjon og misjonærinnviing og mykje meir.  Men visumet til Pakistan kom aldri. Antiklimaks.

Så vart det ny omplasseringsprosess.  På denne tida hadde Det Norske Misjonsselskap (NMS) akkurat begynt å samarbeida med ein organisasjon som dreiv misjon i Midtausten gjennom massemedia.  Dei lurte på om me kunne tenka oss å reisa dit.  Våren 1993 reiste me ned og snuste litt på arbeidet, og etter ein del korrespondanse att og fram, fekk me snekra saman ein arbeidsbeskrivelse for meg, og så var me klare til å reisa. Turen starta altså på Stord.  Med Twin Otter frå Sørstokken.  Me hadde så mykje bagasje med oss at me måtte senda mesteparten til Fornebu med eit anna fly kvelden før.  Så vidare med Air France via Paris til Kairo. Eit nytt liv hadde begynt.

I dag er mykje forandra i Egypt. Konflikten med islamistane har aldri vore meir ustabil.  For tjue år sidan hadde president Mubarak eit jerngrep om makta, medan islamistane var aktive i bakgrunnen. Ikkje berre gjennom terrorangrep mot koptiske kristne, vestlege turistar, politi og militære, men også i det stille.  Gjennom forkynning og sosialt arbeid i moskeane og gjennom oppbygging av ein maktbase i studentforeningar og fagforeningar.  Endringane viste seg gradvis til dømes ved at fleire og fleire kvinner begynte å gå med hijab.  Til dømes begynte ei av lærarinnene mine på det amerikanske universitetet, ei godt vaksen dame, å gå med hijab medan eg studerte arabisk det første året.

Dei siste to åra har sett større endringar i Egypt enn nokon kunne forestilla seg. I januar 2011 var dei fleste i vesten entusiastiske over den arabiske våren.  Endeleg skulle demokrati og fridom sigra.  Frå Egypt høyrde eg nokre skeptiske røyster.  Ein del kristne var redde for at dei ville få det verre dersom islamistane kom til makta gjennom frie val.  Det skulle visa seg å stemma.   Og i dagens situasjon, der det muslimske brorskapet har mista makta si igjen, blir kristne ei lett skyteskive for sinte og frustrerte islamistar som leitar etter syndebukkar. 

Det var eit overveldande fleirtal av fredselskande menneske, kristne og muslimar saman, som tok til gatene i Egypt tidlegare i sommar og fekk hæren til å gripa inn mot president Morsi.   Ein månad seinare, 26. juli, sat kristne saman med muslimar og åt i lag på gata for å bryta fasten, medan kyrkjeklokker over heile landet ringde i solidaritet med dei muslimske medborgarane. 

For meg og familien min er det no mange år sidan me flytta frå Egypt igjen. Den gongen følte me det godt å komma tilbake til Noreg.  Sjølv om me hadde likt oss godt, var me slitne.   Me var så slitne at me såg mest på dei negative sidene av landet me hadde reist frå.  Varmen, støvet, bråket, korrupsjonen.   Men åra i Egypt hadde gjort mykje med oss.  Me hadde lært eit nytt språk, fått utvida horisonten vår, fått mange venner, både blant kristne og muslimar og lært oss å takla kulturelle forskjellar.   Egypt vil ha ein spesiell plass i hjarta våre, og for meg er det alltid kjekt å komma tilbake.

tirsdag 21. mai 2013

Pinsefeiring og levande vatn ved Alnes fyr


 Det er tradisjon for kyrkjene i Giske kommune å feira andre pinsedag med friluftsgudsteneste ute ved Alnes fyr. Det er ein verhard stad, men i år var det nesten vindstille og ganske varmt i solsteiken.   Folk frå alle øyane kom saman for å laga ei fin festgudsteneste.
Også i år var Giske mannskor og Godøy brass med og sette eit fint musikalsk preg på gudstenesta.
 Preiketeksten var frå Johannes 7,37-39, der Jesus seier at det skal renna elvar med levande vatn frå vårt indre når han gir oss sin Heilage Ande.

Då syntest eg det passa å gjera som dei koptisk ortodokse prestane gjer på slutten av kvar gudsteneste:  Etter å ha lyst velsigninga over kyrkjelyden, går dei ned midtgangen og skvettar vatn på folk.  Etter responsen å døma, vart vatnet godt mottatt!

fredag 17. mai 2013

Om takksame samaritanar og syttande mai


Det er lenge sidan eg har posta noko på bloggen. I dag har eg feira syttande mai for første gong på øyane i Giske kommune.  Gudsteneste først i den flotte mellomalderkyrkja på Giske, så gjennom tunnelen til bedehuskapellet på Godøya, der eg fekk med meg toget og kransenedlegging, før ny gudsteneste.  Så var det heim på Valderøya for å vera med ei stund på skuleplassen der.  Eg trur denne dagen må vera landets største dugnad, så mange som er engasjert i ulike ting denne dagen.  
Nedanfor kjem preika eg heldt i dei to gudstenestene i dag, for dei som måtte vera interessert:  

Preiketekst:  Lukas 17,11-19

Berre samaritanen kom for å takka
Då eg såg at me hadde fått denne teksten som preiketekst på 17. mai, så var det første som slo meg at det var ein samaritan som kom tilbake til Jesus for å takka Gud, medan dei andre ni ikkje gjorde det. Og ein samaritan, det var altså ein som stod utanfor det jødiske samfunnet.  Han var ikkje utlending, men han hadde ein annan religion.  Han var ikkje ein del av den jødiske nasjonen.  Han var ein framand.  Viss det same hadde skjedd i dag, her i vårt eige land, så var det kanskje ein asylsøkar som var denne eine takksame samaritanen.  Ein som nettopp hadde fått opphaldsløyve, og i pur glede over dette kledde han seg i sin eigen nasjonaldrakt på syttande mai, og tok med seg det norske flagget og flagget frå heimlandet sitt.  For å visa si glede over å få bu i eit land med fridom og demokrati, og med eit ønske om at også heimlandet skulle få del i desse verdiane.

Samaritanen som kom tilbake til Jesus for å takka, han gjorde ikkje eigentleg som han hadde fått beskjed om.  Jesus ba han gå til prestane for å visa at han var blitt frisk.  Det var det som stod i moselova at dei skulle, viss dei hadde ein slik sjukdom.  I staden kom han rett til Jesus og gav  Gud æra for det. Og det var det han gjorde i spontan glede, det var det Jesus roste han for.

I staden for å kritisera kvarandre på korleis me viser vår takksemd for grunnlova og fridomen vår,  lat oss heller sjå nærare på kva grunnar me har for å vera takksame.  Og la oss hjelpa kvarandre til å visa takksemda vår på ulike måtar.  

Kvifor takka?
Det er ikkje alle som opplever det like sjølvsagt at me skal takka Gud.
Dåke har kanskje høyrt om bonden som hadde rydda seg mykje nytt land ein plass.  Og så kjem presten på besøk.  Han ser ut over dei flotte åkrane, der det før var skog og myr og stein.  Så seier han:  “Ja, her har du med Guds hjelp fått det meget vakkert”.  “Med Guds hjelp, seier du?  Ja, då skulle du sett korleis det såg ut her då Gud hadde ansvaret åleine.” 

Men me syng det jo slik i den gode gamle songen om nordmannen.  Han som budde mellom bakkar og berg utmed havet, veit dåke.   “Her han sjølv heve tuftene grave, og sett sjølv sine hus oppå deim”.   

Er det ikkje me som byggjer båtar som hentar fisken inn til land?
Er det ikkje våre ingeniørar som sørger for at me får pumpa olje og gass opp frå havbotnen?   Er det ikkje me som får bygd ut vegar, bruer og tunnellar?

Til dette seier Paulus:  “Kva anna har du, enn det du har fått?” (1 Kor 4,7)
Og Moses: Når du et og blir mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei, (...)  ta deg då i vare så du ikkje blir hovmodig og gløymer Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.” (5 Mos 8,11-14)

Nei, me har tusen grunnar til å takka Gud.  Kanskje me ser best kor godt me har det, når me samanliknar med andre land. 

Korleis kan me takka Gud for det me har fått?
Det er fantastisk å sjå den gleda folk framleis viser over å feira nasjonaldagen vår.  Ikkje like stor sprudlande glede som maidagane like etter krigen, for dei som opplevde at fridomen kom tilbake etter fleire år med okkupasjon, dei vil nok ikkje gløyma den stemninga som var den gongen.  Likevel er det unikt å sjå så mykje glede, så mange barn, så mange folk med ulik bakgrunn, samla seg om denne eine dagen. Å gå i tog, å pynta med flagg og festdraktar er ein fin måte å visa vår glede på.

Så er me her i kyrkja for å gi Gud vår takk med bøner og salmesong. Det var det samaritanen gjorde.  Spontant.  Alle ti blei friske på kroppen.  Alle ti hadde grunn til å takka Gud.  Berre ein kom til Jesus.  Det er viktig å retta takken og gleda mot han som gir oss livet. Så kan me også få høyra det Jesus sa til samaritanen:  “Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.”

Så kan me takka Gud ved å halda fram med å byggja det samfunnet me er ein del av.  På kvar vår måte, alt etter kva Gud har lagt ned i oss av evner og interesser.  I politikken, i næringslivet, gjennom kultur og idrett og andre ting.

Så kan me takka Gud gjennom å tena vår neste.  Heldigvis er det mange som gjer ein kjempeinnsats kvar einaste dag, ved å ta seg av dei i landet vårt som treng det mest? Dei sjuke.  Dei eldre. “Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære”, seier Gud til Moses. Han ber oss også ta oss godt av innflyttarane. “Når ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han (…) Du skal elska han som deg sjølv.  For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.”     (3 Mos 19,32-33)

Og når me er takksame for den fridomen og freden me får ha her heime, så skal me også løfta blikket vårt ut over våre eigne landegrenser.  Så andre får ta del i den same fridomen og freden som me nyt godt av. 

mandag 4. mars 2013

Undretur i Guds eiga kyrkje

I dag var ein perfekt dag for ein tur for å meditera over kommande søndags bibeltekstar.  Og turen frå Juv på Godøya og utover mot Alnes vart for meg ein undretur i Guds eiga kyrkje.  Det ruvande fjellet over meg vart for eit par timar til Sinaifjellet.  Medan eg kvilte frå vandringa, og åt nista mi oppe i ei fjellklove, tenkte eg på korleis Gud metta israelsfolket med manna då dei var på si vandring gjennom ørkenen.
"Slik ville han visa deg at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn" (5 Mos 8,3)

Sjøen og Breidsundet nedanfor meg vart ei lita stund til Gennesaretsjøen, der Jesus hadde gått på vatnet etter at han hadde metta dei fem tusen i øydemarka.  No såg eg han der han snakka med folket og sa til dei: "Eg er livsens brød.  Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta" (Johs 6,35).

Dette er eit fantastisk område å gå tur i. Litt ulendt er det, men stien er godt merkt utover heile vegen.  Her er flotte fjellformasjonar, som sjøen har gravd ut, kløfter, jettegryter, enorme steinurer som har rast ned frå fjellet.  Her flyg ramn og havørn over deg, og på fjorden ser du fiskebåtane som hentar grøda frå havet.      

lørdag 9. februar 2013

Samlivsproblem i kyrkja


No er det på’an igjen.  Samlivsutvalet til Den norske kyrkja legg fram si innstilling på måndag, og Vårt Land melder at eit knapt fleirtal i utvalet mellom anna går inn for homovigsel. Det kjem dessverre ikkje som noko bombe, men gjer meg likevel trist, for det splittar kyrkja. Ikkje berre her i landet, men også internasjonalt.  Endå verre er det at kyrkja på denne måten gir utydelege signal til menneske som strevar med identiteten sin. No kan det bli det nye rundar med endelause diskusjonar fram mot kyrkjemøtet i 2015.    

I dag har eg lese ein svært god artikkel som er skriven av Bjørn Helge Sandvei.  Han er tidlegare prestelærar på MF, og sjølv homofil.  Artikkelen ligg på nettsidene til organisasjonen Til Helhet, og kan anbefalast.

For min eigen del, har eg ikkje uttalt meg så ofte i denne saka.  Eg er ikkje så veldig stridbar av meg. Men denne saka har så store konsekvensar for så mange, at eg føler det blir gale å la vera å seia kva eg meiner.  Derfor legg eg ut nokre tankar eg delte i ei preike i fjor (eit lite utdrag frå preike i Os kyrkje jonsokdag 2012).  Preiketeksten var frå Matt 11,7-14, og her kommenterer eg spesielt vers 12:
  
“Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg.”

Jesus kom med himmelriket, og no trengjer det seg fram for å setja folk fri.

Men kva er eigentleg frigjering? 
Eg føler behov for å ta opp eit kontroversielt tema.  Eit tema som dessverre splittar kyrkja vår, og som eg ikkje snakkar om med lett hjarte, fordi det er så lett å såra andre.  Og det er det siste eg vil.

Dei siste dagane (juni 2012) har det vore ei underskriftskampanje på nettet for og imot ny liturgi for ekteskap av folk med same kjønn.    Personleg er eg teologisk konservativ, og meiner at ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne er den samlivsforma som Gud velsignar, uansett korleis me menneske vel å ordna oss.

Noko av det som eg synest er trist, er at i mediabildet i dag, så verkar det på ein måte som at den  eine gruppa  er for dei homofile, og dei andre er imot dei.  Men eigentleg er det jo ikkje slik at dei liberale i kyrkja er for dei homofile, medan dei konservative er fiendar av dei.  I den offentlege debatten i dag, er det nesten slik at det å vera teologisk konservativ, er å bli satt i same bås som fotballpøblar og fascistar og militante islamistar, slike som utøver vald mot homofile, eller kjem med nedlatande språkbruk og utskjelling.  Fri og bevare meg vel for det. 

Spørsmålet dreiar seg om kva som er frigjering.   Begge gruppene i kyrkja vil dei homofile vel, men me er djupt ueinige om kor vegen går.  Ei gruppe meiner at vegen til frigjering er å seia ja til ein livsstil som har vore rekna som syndig.  Den andre gruppa meiner at frigjering er å finna ein veg ut av denne livsstilen, og at det er dette Jesus vil hjelpa med.   På same måten som på alle andre område i livet, der me finn at me gjer det me ikkje ønskjer å gjera. For me strevar med vårt, alle saman, kvar på sin måte.  Iallfall gjer eg det.   Ein dag skal me bli heilt fri, men inntil vidare opplever me kamp og smerte, tilbakeslag, tilgjeving og ny kraft. 

Ja, til og med sjølve skaparverket strevar og sukkar, men det og skal bli frigjort ein dag.  ”Heilt til denne dag sukkar og stønnar heile skapningen saman, som i fødselsrier”, skriv Paulus.  Men me veit at den som har fødselsrier, den skal ein dag bli forløyst.    
Himmelriket trengjer seg fram for å frigjera oss – på alle område av livet. 

torsdag 31. januar 2013

Onsdagskveld i kyrkja


I går kveld var det godt å vera i Vigra kyrkje.  Det var "Onsdagskveld i kyrkja" for første gong.  Ja, det var det beste namnet me fann på.  Kanskje kunne me ha kalla det for "Pusterom", for mykje av tanken bak er å kunna opna kyrkja for nettopp eit pusterom midt i veka. I haust snakka soknerådet mykje om korleis me kunne bruka denne flotte kyrkja til meir enn berre gudstenester søndag formiddag ein gong i månaden.  Kanskje kunne me få til noko liknande som kveldsbøna ein har hatt i Johanneskapellet på Valderøya.  Ein komite vart danna, og ungdomskoret "Inspired" vart invitert til å bruka ein øvingskveld til dette eit par gonger i semesteret.  Med dirigenten Kathrine Grande Røsvik i spissen, tok dei ansvaret for alt det musikalske. 
Det vart halvannan time med lovsong, flotte songar ved koret, fleire vitnesbyrd og bønevandring med nattverd. 

Vigra bedehus ligg vegg i vegg med kyrkja. Mykje av den byggande aktiviteten i soknet skjer på bedehuset, i regi av Vigra indremisjon. Her er det eit rikt barne- og ungdomsarbeid, møteverksemd og husgrupper.  Og det er her ungdomskoret “Inspired” har øvingskveldane sine. Som sokneprest i Vigra ser eg på dette som svært positivt.  Til dømes er eg glad for å kunna tilby konfirmantane eit godt miljø å vera med i utanom den formelle undervisninga.  Denne vinteren har me også hatt mykje av konfirmantundervisninga på bedehuset.

Personleg har eg mykje å takka indremisjonsrørsla for.  Eg har vakse opp med eit godt samspel mellom kyrkje og bedehus, og kjenner meg heime begge stader. Forkynninga på bedehuset har eg alltid opplevd varm og inkluderande.  Ikkje fordømmande og hatsk, slik det ofte blir karikert i media, men med eit brennande engasjement om å få med seg fleire på vegen saman med Jesus. Dette engasjementet ønskjer eg velkomen i kyrkja, og eg er svært glad for samarbeidet me no har fått rundt “Onsdagskveld i kyrkja”. 

Neste gong det blir ein slik kveld i Vigra kyrkje blir onsdag 17. april.  I mellomtida kan me gle oss over fastegudstenester i Johanneskapellet  kvar veke frå askeonsdag (13. februar) og fram mot påske.  

onsdag 2. januar 2013

Kristne fengsla i Iran

Italiensk mosaikk, Ravenna 526 (Wikimedia Commons)

I dag såg eg at den iranske pastoren Yousef Nadarkhani var fengsla igjen. I gudstenesta i Valderøy kyrkje 2. juledag brukte eg han som eit døme på at det av og til skjer gode ting også for forfylgde kristne.   På Stefanusdagen ville eg fortelja om korleis det kan vera for kristne i andre land enn vårt eige.  Han som først hadde blitt dømt til døden, vart sleppt fri frå fengselet i haust, og det var jo ein god nyhet.  Men det eg ikkje visste, då eg viste bildet av Nadarkhani på skjermen i kyrkja, var at dagen før var han blitt arrestert igjen.  Han skulle sona dei siste dagane av straffa hans.  Han vart opprinneleg dømt til døden for fråfall, då han klagde over at dei to borna hans måtte lesa frå Koranen på skulen, men dødsdommen hadde blitt omgjort til tre års fengsel. Også mange andre kristne vart arresterte i julehøgtida, skriv Vårt Land.

Når eg les om dette i dag, sit eg og førebur meg til kommande søndags gudsteneste.  Det er “Kristi openberringsdag”, eller “Hellig tre kongars fest”.  I preiketeksten frå Joh 12,42-47 seier Jesus at han er kommen som lys til verda.  Og Johannes skriv at det var mange som trudde på Jesus, også av dei religiøse leiarane, men dei var redde for å vedkjenna seg dette.  Her til lands er det visst også vanskeleg å vedkjenna seg dette.  Vårt Land skriv at det er “flauere å lese Bibelen enn mykporno”.

På denne dagen, der me tradisjonelt feirar at dei vise menn kom frå austerland for å hylla den nye kongen, tenkjer eg på dei kristne i Iran, også kjent som Persia, landet i aust der vismennene kanskje kom frå.   Regimet i dagens Iran reknar kristendommen som ein vestleg religion.  Men kor går grensa mellom aust og vest? Jesus var fødd i Midtausten.  Det blir sagt at då persarane hærtok det heilage landet på 614-talet, øydela dei ikkje fødselskyrkja i Betlehem fordi dei såg mosaikken på golvet.  Der var det avbilda vise menn i persiske klede som kom for å hylla Jesus.  Lat oss be om at dei kristne i dagens Iran også blir spart for meir øydelegging og trakassering. 

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...