søndag 4. desember 2011

Kvifor stå under lesinga av evangeliet?

”Menigheten trimmer lett, de spretter opp og ned”.  Slik skildra Bjørn Eidsvåg gudstenesta i songen ”På bakerste benk”, som kom ut i 1978, eitt år etter den førre liturgireforma.  Første søndag i adventstida gjekk startskotet for innføringa av endå ein reform. Det er ikkje mindre trim denne gongen, men den nye liturgireforma endrar på ein del godt innarbeidde vanar i gudstenesta vår.  Før sat me under salmesongen og sto under tekstlesingane.  No skal me stå ved nokre salmar og sitja ved nokre, og me skal reisa oss når evangeliet blir lese, men sitja under dei to første lesingane.  Kvifor?  Etter to år med reformliturgi i prøvekyrkjelyden Os, klarar eg ikkje for min eigen del å mana fram det heilt store engasjementet, men for nokre av oss er det tydelegvis visse ting som er viktig.  Til dømes er det ein del som reagerar på at me skal stå berre under evangelielesinga.  Er ikkje alt Guds ord like viktig, spør dei.

Eg har ikkje vore med i dei innerste sirklane i reforma,  så eg kjenner ikkje argumentasjonen som er brukt, men eg kan iallfall gjetta litt:

Frå mange har det vore eit ønske å kunna stå under salmesongen. For min del kunne me gjerne stått under alle salmane.  Utgangspunktet vårt er jo at dei første kristne stod under så godt som heile gudstenesta.  Benker og stolar er eit relativt nytt fenomen i kyrkjene våre. Ikkje meir enn rundt fem hundre år.  Det å stå framfor Gud med løfta hender i bøn og tilbeding, er ein måte å visa han respekt på.  Eg kan tenkja meg at om Paulus kom innom på ein visitt, ville han ha blitt svært forundra over å sjå ein kyrkjelyd som vart sitjande under bøna!

Frå eit inkluderingsperspektiv skjønar eg at ikkje alle synest det er så greitt når kyrkjelyden står i store delar av gudstenesta.  Det kan følast ekskluderande for dei som er dårleg til beins.  Utsikten framover blir også hindra når dei andre står.  Det er nok ein av grunnane til at ein ikkje ønskjer at kyrkjelyden skal stå under alle salmane, og heller ikkje under alle tekstlesingane.
Eit anna argument for å kunna sitja under tekstlesingane, er at ein då lettare kan konsentrera seg om det ein høyrer.  Men kvifor då gjera forskjell på lesingane? Er det ikkje Guds ord alt saman?  Og er det ikkje slik at me kan finna evangeliet i mange tekstar, også frå Det gamle testamentet og frå brevlitteraturen i NT?

Ønsket om å knyta seg nærare til den økumeniske tradisjonen er kanskje den viktigaste grunnen til at ein har valt at det no berre er ved evangelielesinga me skal stå.  Slik gjer dei det i den katolske tradisjonen og i den anglikanske kyrkja.  Då passar det godt å innføra høgtidelege skikkar som evangelieprosesjon med ministrantar. Det var vel det same ønsket som låg til grunn då dei  innførte den nye prestedrakta med alba og stola på syttitalet. Sjølv om Martin Luther i si tid meinte at ein burde kvitta seg med dei kvite messekleda når kyrkjelydane vart modne for det. Det er visst ein lang modningsprosess.

Frå eit hermeneutisk perspektiv kan ein også argumentera for at evangelielesinga skal ha ein forrang framfor dei andre skriftene.  Dette er fordi heile skrifta skal tolkast i lys av evangeliet om Jesus Kristus.  Det er evangeliet som er utgangspunktet for lesinga i gudstenesta. Dei andre tekstane blir førebuingar for og hjelpetekstar til evangelieteksten.
Gudstenesta hos oss er langt frå fullkomen.  Men ho skal avspegla tilbedinga i himmelen, og då blir det eigentleg noko slapt å sitja seg gjennom ei gudsteneste som ikkje varer meir enn litt over ein time.  Så for min del må folk få lov til å stå så mykje dei vil, både under salmesong og tekstlesing.

torsdag 27. oktober 2011

Verdas viktigaste bok i ny språkdrakt

I haust har eg hatt undervisning om Bibelen for konfirmantane våre.  Å motivera dei for å lesa i den viktigaste boka i verda var ei givande oppgåve.  For Bibelen har betydd mykje, såvel for kulturen og samfunnet vårt, som for einskildpersonar. Men daglegspråket vårt er i stadig endring, og då må språket i Bibelen også omsetjast til nye generasjonar. Konfirmantane hadde funne fram Salme 23,1 der det står at «Herren er min hyrding, det vantar meg ingenting».  Då spurde eg dei kva ordet «vantar» betyr i dette verset.  Eg fekk mange gode forslag, men ingen var i nærleiken av det rette svaret.  Då er den nye omsetjinga betre, der det no står «eg manglar ikkje noko».  

 Det spørst likevel om den nye omsetjinga går langt nok.  Eg spurde dei same konfirmantane om dei forstod Jeremia 29,11, der Gud seier at han vil gi oss «framtid og von».  Kva tyder «von»?  Dei fleste forslaga gjekk ut på variantar av «noko vondt».  Derfor hadde eg håpa at den nye omsetjinga hadde brukt ordet «håp», som dei fleste av oss brukar til dagleg.

Likevel er eg begeistra for at me har fått Bibelen i ny språkdrakt igjen.  Heilt sidan 2005 har me hatt prøveomsetjinga av Det nye testamentet, men no har me fått ei komplett bok som kjem til å vera bruksbibelen vår i kyrkje og skule så vel som i heimane våre i mange år framover.

mandag 26. september 2011

Medialitet - mellom profeti og okkultisme

 ”Medialitet. Den skumma gråzonen”, Torbjörn Freij, Eagle Perspective 2010.
Kva skjer når karismatiske rørsler går for langt i forhold til det profetiske og opnar seg for åndelege krefter som ikkje kjem frå Gud? I denne boka tar den svenske tidlegare baptistpastoren og journalisten for seg ein del karismatiske rørsler som har opna seg for medialitet på ein usunn måte. At medialitet kan bli eit problem i karismatiske rørsler viser døme som Knutby i Sverige og Lysbærerne i Norge.

Forfattaren står sjølv med begge beina planta midt i den karismatiske rørsla som medlem av Stockholm Vineyard. Han skriv ikkje denne boka for å kvela åndelege vekkingar, men for å oppmuntra dei kristne til å prøva åndene og læra seg å skilja det ekte frå det usunne.

Forfattaren definerer medialitet som ”mennesket sin eigen, psykiske evne til å ha kontakt med det overnaturlege.” Dette er eit fenomen som bevegar seg i grenselandet mellom karismatikk og okkultisme. Medialitet kan bli ein døropnar for det demoniske. Mennesket er fødd med naturlege grenser for både sjel og kropp, meiner forfattaren. Medialitet er å overskrida desse grensene. Forfattaren skiljer tydeleg mellom profetisk openberring, som kjem frå Gud, og medial formidling, som kjem frå mennesket sin psykiske evne til varhet overfor det overnaturlege.

Etter å ha drøfta ulike tolkingsmodellar, forklarar forfattaren korleis han ser på det mediale som ein del av den naturlege gråsona mellom det guddommelege og det demoniske. Men det tilhøyrer den falne delen av skaparverket, og det kan ikkje helgast. Når me brukar det, vil me før eller seinare opna oss for det demoniske. I motsetnad til det falne mediale, tenkjer han seg at intuisjonen høyrer til den positive sida av denne naturlege gråsona. Intuisjon kan minna om det profetiske, men det tilhøyrer den naturlege dimensjonen.

Styrken til boka er den store kunnskapen Torbjörn Freij har om karismatikk, både i vår tid og gjennom kyrkjehistoria, og han tar oss gjennom ei interessant reise gjennom dette landskapet, frå montanismen i oldkyrkja til Lakelandvekkelsen i Florida. Svakheten er at den bibelske drøftinga blir noko tynn og kortfatta. Boka har heller ikkje noko omfattande drøfting av det prinsipielle i definisjonen av det mediale, men det er ei svært interessant første innføring i eit tema som underteikna ikkje har vore medviten nok om. Eg er sikker på at mange med meg vil ha utbytte av å lesa denne boka.

Moster, 19. september 2011

tirsdag 13. september 2011

Gudsteneste – kjært barn har mange namn

«Familiefokus», eller litt spøkefullt: «5 på 11», har me brukt som arbeidstittel på gudstenesta førstkommande søndag. Når 5’aren berre er ein gong kvar månad, var det behov for ei liknande 11-gudsteneste i månaden, der born kan trivast og dei vaksne få litt «grovbrød» for trua. Frivillige som er engasjert i 5’aren har tatt utfordringa med å organisera band og lovsongsteam, og det blir barnesamling der me brukar søndagskulen sitt opplegg «Sprell levande».

Gudstenesta vil i utgangspunktet følgja strukturen i høgmessa, men songvalet vil bli variert, og med nyare musikalske uttrykk. Borna går ut før tekstlesingane, og kjem tilbake etter preika, slik at dei kan vera med på nattverden. Førstkommande søndag vil nattverden inngå som ein del av ei bønevandring, der ein kan ta heile kyrkjerommet i bruk på ulike måtar.

 «Kva skal barnet heita?» Etter å ha strevd ei stund utan å finna eit dekkande namn, har me innsett at me kanskje ikkje treng gi denne gudstenesta noko særskilt namn. Det er først og fremst ei gudsteneste der alle generasjonar kan møtast for å tena Gud og la han tena oss med sine gåver. I haust er det planlagt tre slike gudstenester: 18. september, 16. oktober og 27. november.

mandag 15. august 2011

Trør til for misjonen

I kveld var eg nede i den nye butikken til NMS Gjenbruk. Her er det ein ivrig gjeng med pensjonistar og andre frivillige som trør til for misjonen. Per Fimreite gjer det meir bokstaveleg enn andre, på vår gamle ergometersykkel.
Følg med på fleire nyheter etter kvart, om NMS Gjenbruk sin foreløpig siste butikk, som altså skal opna i den gamle Irisfabrikken i september. Meir på Misjonsbloggen.


tirsdag 2. august 2011

Har terroren her heime opna oss for lidinga i andre land?

Nyhetsinnslaget på Her og Nå like før dei braut inn med saka om terrorbombinga i Oslo den 22. juli, handla om at nordmenn ikkje brydde seg om internasjonale nyheter. Dei var berre opptatt av kor dei ville finna sommarsola. Det blir no meldt om at nordmenn har gitt meir enn normalt til dei sveltramma på Afrikas horn denne første veka etter terrorangrepet. Har omsorgen me fekk frå andre delar av verda gjort oss meir opne for lidinga i andre land?

Det skal mykje til for å røra nordmenn til ekstra medkjensle med dei sveltramma. Bileta av utsvelta born gjer ikkje lenger like stort inntrykk som det gjorde då filmar frå Biafrakrigen rulla over skjermane på slutten av sekstitalet. Me er blitt numne.

Mandag kveld trur eg det var, gjekk det ein film på fjernsyn: "When Harvey met Bob". Filmen handla om Bob Geldof og det som skjedde i 1984 då han tok initiativet til å gi ut Band Aid-singelen til inntekt for dei sveltramma i Etiopia, og som seinare førte til den store konserten Live Aid. Det som var så spesielt, var den intense gløden som dreiv Geldof til å gi alt for å få dette til. Han hadde fått augene opp for lidinga, og følte eit moralsk imperativ til å handla. Eg synest me ser ein refleksjon av Jesus sin reaksjon då han metta fire tusen i øydemarka (Markus 8,1-9):"Eg synest inderleg synd i folket".

I dag er vel det største underet at det faktisk finst meir enn nok mat i verda til å brødfø oss alle. Desto større blir tragedien over at dei uskuldige menneska døyr fordi dei ikkje har vatn og mat. Kirkens Nødhjelp seier at dette er den største katastrofen i området på 60 år.

Det gjer meg sint å høyra om krigshandlingane i Somalia som gjer hungersnauden større. Om grupper som Al-Shabab som nektar for at det er matkrise, og som legg hindringar i vegen for hjelpeorganisasjonane.

Då er det godt å sjå at verda er i ferd med å vakna igjen. At me har hjelpeorganisasjonar som står klare til innsats og berre ventar på at kontoen skal fyllast. Og at me ser at nordmenn viser medkjensle med dei som lir i andre land. Det har me gode tradisjonar for.

mandag 1. august 2011

Jesus: Like gale å bli sint som å drepa?

Kort samandrag av preika i Os kyrkje søndag 31. juli 2011.

I Bergpreika seier Jesus at det er like gale å bli sint på nokon og skjella dei ut, som å drepa. (Matt 5,20-24). Kan me verkeleg ta han på alvor?

I lys av terrorhandlingane den siste veka, blir det veldig vanskeleg å forstå at det går an å sidestilla det å bli sint, og det å bruka skjellsord mot andre, med det å utføra i praksis slike forferdelege handlingar som å ta livet av andre menneske med kaldt blod.

I preiketeksten i dag (5 Mos 30,11-16) held Moses ein tale til Israelsfolket, der han seier at det ikkje er vanskeleg å halda boda. Det kan virka som han seier det motsette av det Jesus seier i Bergpreika. Når Jesus skjerpar krava slik, er det ikkje akkurat lett å halda lova.

Ikkje for vanskelege?
Det er greitt nok at me klarar å halda bodet om å ikkje slå i hel. Dei fleste av oss klarar det. Men viss det er like gale å bli sint på nokon, som å drepa, kven kan då bli fri frå dommen? Ikkje eg iallfall. Og viss du les meir i Bergpreika, ser du at Jesus skjerpar krava i boda til dei grader. Han gjer det så vanskeleg at det verkar fullstendig umogleg. Kvifor gjer han det?

Vel, eg trur han vil få fram minst to poeng her.
1) Ingen av oss er uskuldige overfor Gud.
2) Viss me vil vera disiplar av Jesus, må me følgja ei åndeleg lov som har ein høgare standard enn lovens ytre bokstav.

Eit religiøst samfunn
Israel på den tida var eit gjennomreligiøst samfunn. Religionen dominerte svært mykje av livet til folk. Og dei religiøse var framfor alt opptatt av å følgja Moselova. Akkurat som i Midtausten i dag, at dei muslimske religiøse er opptatt av å følgja Sharia. Mange pirka på alle mulige detaljar, og rangerte kvarandre etter kor flinke dei var til å halda lova. Men det var ofte lovgjerningar utan kjærleik, så det kunne vera eit kaldt og hatefullt samfunn.

Ingen er uskuldige
Derfor seier Jesus til disiplane sine: De må ha ein standard som er mykje høgare enn farisearane og dei skriftlærde. Elles kjem de aldri inn i himmelriket.
Men det er klart at med ein slik standard, vil alle komma til kort. Og det er nettopp det som er det eine poenget: Alle kjem til kort overfor ein slik målestokk. Ingen kan dømma andre og seia at eg er eit betre menneske enn deg.

Paulus var ein farisear. Han var ein som hadde eit prikkfritt liv etter den normale målestokken. Samanlikna med andre folk, var Paulus ganske så perfekt. Likevel skriv han (Fil 3,3b-11) at han held det for tap. All den vellukka religiøsiteten betyr ingenting for han. Det er ikkje det som fører han til himmelen. Det er det berre Guds nåde i Jesus som gjer.
Her rører me ved kjernen i den kristne bodskapen. Det er Guds ufortente nåde som gjer at me kan bli frelst. Det er ei gåve. For standarden er så høg at ingen av oss når opp. Det er det første poenget. Ingen fortener himmelen. Me kan berre ta imot som ei gåve.

Ein høgare standard
Men så kjem det andre poenget: Jesus meiner faktisk at me skal strekka oss etter ein høg standard i livet. Derfor har Jesu ord i Bergpreika alltid utfordra menneske. Men av oss sjølv kan me aldri i livet klara å etterleva den standarden Jesus set.

Fredag den 22. juli, om ettermiddagen, sat me og høyrde på radioen då dei brått gjekk ut med ei melding om at det hadde vore ein stor eksplosjon i Oslo. Det kunne virka som eit terrorangrep. Det første som slo meg då, var at det var islamske terroristar som hadde slått til. Det var eg ikkje åleine om. I dei første timane etter bombeangrepet, mens dei fleste rekna med at det var islamistar som stod bak, var det ikkje lett å vera muslim i Norge. Mange muslimar blei redde. «No kjem me til å få skulda». Og det skjedde. Me har høyrt om fleire som fekk høyra skjellsord kasta mot seg. Nokre blei banka opp. Kva hadde skjedd dersom det viste seg at det faktisk var islamistar som stod bak terroren? Kva hadde me då fått sjå av hevnangrep? Det er ein naturleg reaksjon. Det er ikkje lett å la vera å bli sint og å komma med skjellsord. Men det er to sider av same sak. Drap byrjar med sinne. Det fortset med skjellsord, før det blir fullbyrda i gjerning. Heldigvis ikkje så ofte, men samanhengen er der. Derfor vil Jesus ikkje nøya seg med at me skal halda oss frå sjølve drapet. Det er lett nok for dei fleste av oss å la vera å slå i hel. Men me skal ha ein høgare standard enn det. Skjellsord og sinne skal me også halda oss frå, seier Jesus.

Ordet er deg nær.
Eg byrja med å seia at det kunne sjå ut som om det Moses sa, stod i motsetnad til det Jesus sa. Er det slik? Moses sa at det var lett å halda lova. Seier Jesus at det er umogleg? Jesus stod ikkje i motsetnad til Moses. Det var dei religiøse ekspertane i si samtid han stod i motsetnad til. Til farisearane og dei skriftlærde. Men han kom for å oppfylla Moselova. Kjærleiken oppfyller lova. Kjærleiken står aldri i motsetning til boda i Moselova, men det er fullbyrdinga av intensjonen i lova.

Eg trur Jesu kjærleik har vore med og inspirert folket vårt sin reaksjon etter terrorangrepet. «Om èn mann kan vise så mye hat, tenk på hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen". Det var Helle Gannestad, ei ung jente i Møre og Romsdal AUF, som var den første som sa dette, og sidan har det spredd seg over nettet med rekordfart. Det er tydeleg at det har hatt ein resonnansbotn i den norske folkesjela.

«Ordet er deg nær» seier Moses. Det er derfor han seier det er lett å etterfølgja boda.
«Ordet» er eit anna namn på Jesus. Når Jesus får prega oss, inspirera oss, då vil me få ein indre motivasjon til å oppfylla lova slik Jesus gjorde. Når me blir fylt av Jesu kjærleik, kan me gjera meir enn me trur er mogleg. Då blir det til og med mogleg å visa kjærleik overfor den som hatar oss.

søndag 12. juni 2011

Pinsefest og gudstenesteliv

Eg har nettopp opplevd korleis det kunne ha vore om alle osingane gjekk til gudsteneste samtidig. I går kveld var me på stor pinsefeiring

i London saman med seksten tusen andre i ein stor innandørs arena ved Themsen. Dette var ei felles evangelisk feiring, Pentecost 11, organisert av kjende kyrkjer som Hillsong, Jesus House og den anglikanske kyrkjelyden Holy Trinity Brompton (mest kjend for Alpha-kurset).
Når ein til vanleg er med i små samanhengar som hos oss heime i Os, er det godt av og til å få kjenna på å vera ein del av noko mykje større. Å kjenna på suget og trøkket i musikken, sleppa seg laus i lovsongen og kjenna einskapen med Guds folk over heile verda, særleg når forkynninga også er sentral og god og oppfordrar til å leva ut trua i kvardagen. Me fekk ei flott stund i ”the O2 Arena”, som det heiter.
Men det er like mykje pinse heime i Os og på alle andre stader i verda, overalt der to eller tre er samla, ja hos den einskilde som av ulike grunnar ikkje har høve til å feira i lag med andre. Guds Ande er den same overalt og alle stader, og han kjem til kvar den som opnar hjarta sitt for han.
No er sommaren her snart. Mange kjem til å reisa på ferie. Ein del av oss kjem til å vera innom ulike kristne stemne i sommar, t.d. Oase eller Korsvei. Me kjem til å ta med oss heim impulsar frå desse stemna. Det gode og positive me opplever ute, ønskjer me å sjå heime hos oss sjølv også.
Kyrkja vår er inne i ei tid med store reformar, og no har me ein del veival å ta lokalt. Kyrkjemøtet har vedtatt den nye liturgien, men lokalt skal me utforma våre eigne lokalordningar. Alle som har meiningar om korleis gudstenestene våre skal vera framover, har no høve til å vera med og påverka desse vala. I Os har me 5-aren og Os-11-varen, keltiske gudstenester og ungdomsgudstenester, alle med sine særpreg. Det blir spennande å jobba vidare med å utvikla ordningar for desse, men det aller viktigaste er at Guds folk kjem saman når det er tid for å samlast.

I London var det like mange samla på ein stad, som det er medlemer i Os kyrkjelyd. Julafta er den eine dagen i året då kyrkjene er smekk fulle fleire gonger til dagen. Likevel samlar me ikkje stort meir enn 10-12 % av folketalet. Kva hadde skjedd med gudstenestelivet hos oss dersom like mange – eller dobbelt så mange begynte å gå regelmessig til gudsteneste? Urealistisk? Nei. Den dagen Gud opnar slusene og sender sin Ande over bygda vår, vil me kunna oppleva det.

mandag 16. mai 2011

Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen

Soknerådet i Os kyrkjelyd har vedtatt ein ny visjon for arbeidet. Dette vart då disposisjonen for preika eg hadde på konfirmasjonsgudstenesta i Os kyrkje sist søndag. Og her er preika:

"Kva har dette eigentleg med kristendom å gjera?"
Spørsmålet kom frå ein av konfirmantane då me var oppe på Ulven og skulle ha leirdueskyting. Og det var jo eit godt spørsmål, for det er ikkje utan vidare lett å sjå ein samanheng mellom kristendomsundervisning og det å skyta med hagle!

Det første, heilt umiddelbare svaret eg gav, var at eitt av dei greske orda for “synd”, som me finn i Bibelen, det betyr eigentleg “å bomma på målet”. Og viss det er “synd” å bomma på målet, då kan det vera lurt å læra seg å treffa blinken.

Men det finst eit lengre svar, og det har samanheng med Os kyrkjelyd sin visjon om å vera “Nær Kristus, nær kvarandre og nær kvardagen”. For det er ein samanheng mellom skytinga og dei andre aktivitetane og kristendomsundervisninga.

Nær Kristus
For oss som driv med konfirmantundervisning, så er det eit sjølvsagt mål at konfirmantane skal læra om Gud. Og dette er slik det alltid har vore. Med utgangspunkt i Bibelen, som er den viktigaste læreboka i konfirmanttida, skal dei læra ein del grunnleggande ting om kristen tru. Og då må dei først og fremst bli kjent med Jesus. Dei må komma nær Kristus.

I preiketeksten frå Johannesevangeliet i dag høyrde me om Jesus som er den gode gjetaren. Den gode gjetaren som kjenner sine. Derfor blir det viktig for oss at konfirmantane skal bli kjent med Jesus.
Den dagen dåke blei døypt, blei dåke tatt inn i flokken til Jesus. Navnet dåkas blei sagt, og dåke blei merka med Jesus sitt merke, nemlig korset. Han kjenner dåke. Du tilhøyrer Jesus.
Men i ein flokk er det ikkje alle som er like nær gjetaren. Noken har lett for å rota seg vekk. Og det er ville dyr der ute som vil ødelegga. Livet kan vera vanskeleg. Derfor vil me hjelpa dåke til å komma nær Kristus, gjetaren vår.
Som leiarar kan me gjera ein jobb for å leda konfirmantane nær til Jesus. Ta dåke med inn i den flokken som har Jesus som den gode gjetaren. Så er det Jesus som må visa seg for dåke, og dåke må sjølv festa blikket på Jesus og lytta til det han har å seia.
Det var det første punktet: Nær Kristus

Nær kvarandre
Det å vera nær kvarandre, det kan jo bety så mykje. Det er sikkert mange gutar og jenter som likar å vera nær kvarandre, ikkje minst no når det er vår i lufta og allting. Men det er no ikkje akkurat den nærheten eg tenkjer på no då, sjølv om den kan vera fin på sin måte.
Nei, det eg tenkjer på, er at me kan komma så nært innpå kvarandre at me kan bli litt kjent og få mulighet til nokre gode samtalar undervegs i konfirmasjonstida. Det er den viktigaste grunnen til at me har delt konfirmantane inn i små grupper. For det har gitt oss ledarar mulighet til å bli litt betre kjend med nokre av dykk. Slik har me fått ein anledning til å gå saman med konfirmantane, slik Jesus gjekk saman med disiplane sine.

Og så må eg jo seia at dåke som er konfirmantar, dåke har vore veldig kjekke. Det betyr enormt mykje for trivselen, for oss alle, at dåke har vore så engasjerte og opne og at dåke har gitt av dåke sjølv dette året.
Då må eg og få nytta høvet til å takka alle dei føresette som har stilt opp gjennom heile året, med transport og praktisk hjelp, med mat og servering.
Så vil eg og takka alle dei frivillige leiarane og ressurspersonane som har vore med gjennom året. Utan dei hadde det ikkje vore mogleg å ha eit så kjekt konfirmantår.

Den dagen dåke konfirmantar blei døypte – for dei fleste så skjedde det då dåke var små – den dagen blei dåke ein del av fellesskapet i kyrkjelyden. Her skal me få vera nær kvarandre, ikkje berre i kyrkjebenken, men på dei mange aktivitetane me har og. Håpet vårt er jo at dåke skal bli verande i kyrkjelyden, som ein del av fellesskapet, etter konfirmasjonen og. Eg trur mange av dåke føler dåke heime i kyrkja og på kyrkjetunet etter kvart. Det håpar eg kan fortsetja seinare og. For me vil gjerne ha kontakt med dåke.
Det var det andre punktet: Nær kvarandre.

Nær kvardagen
Etter leirdueskytinga på Ulven, på neste konfirmantsamling på kyrkjetunet, tok eg opp spørsmålet frå konfirmanten: “Kva har dette eigentleg med kristendom å gjera?
Då snakka me om dette med jakt og kom inn på tema som handla om forvaltaransvar, at Gud har gitt oss ansvar for å rå over alle dei ville dyra, og ha ansvar for jorda vår, og me snakka om kva som er ein rett måte å forvalta naturen på. Så kom me og inn på dette med å eta kjøt eller ikkje, og me snakka litt om kva som står i Bibelen om kva mat Gud har gitt oss.
Då fekk den aktiviteten me hadde, bli eit godt utgangspunkt for ein samtale om etikk, om kva som er rett og kva som er gale.
Kristendommen handlar jo om kvardagen vårt. På godt og på vondt. Gud bryr seg om oss når me har det vondt. Han vil gjerne tilgi når me har gjort han imot, og trøysta når andre har såra oss. Og så finst det så mange gode ting i livet som Gud vil me skal gle oss over.

Me har høyrt ein bibeltekst frå Filipparbrevet, som er veldig fin. (Fil 4,8-9)
“Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, all god gjerning og alt som fortener ros, legg vinn på det! Det som de har lært, og det de har teke imot, det de har sett og det de har høyrt av meg, gjer alt dette – og fredens Gud skal vera med dykk. “
Poenget her er jo at kristendom ikkje berre handlar om det me gjer inne i kyrkja, men heile livet vårt har med Gud å gjera. Å vera kristen er ikkje å vera livsfjern. Tru handlar om kvardagen vår. Trua kan gi hjelp til å takla dei utfordringane me møter i kvardagen. Og trua får konsekvensar for korleis me lever kvardagen vår.

Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen. Frå no av er valget ditt, kva du vil gjera ut av det du har fått læra og oppleva gjennom konfirmantåret. Eg vil ønska dåke lykke til på vegen vidare, saman med Jesus.

tirsdag 3. mai 2011

Brannsløkking

I dag fekk heile kyrkjestaben leka oss med flammar. Det er alltid like gøy. Og viktig. Viktig fordi det er godt å ha prøvd seg på å bruka brannsløkkingsutstyr før me verkeleg treng det. Og gøy fordi det ikkje var alvor denne gongen, heldigvis.




Brannsløkking er vel og bra. Elles så håpar me jo at me kan bli "sett i brann" i overført tyding, så me kan bli brennande i trua og brennande i tenesta. Ei kyrkje i fyr og flamme vil me gjerne ha, berre det ikkje er kyrkjebygning eller klær som brenn!

mandag 25. april 2011

2. påskedag på Liafjell

I dag var eg skikkeleg utpest etter gudstenesta! Då hadde eg først stått opp tidleg om morgonen for å henga opp spørsmål ved postane i o-løypa på Liafjellet, gått ned igjen, og så klatra opp til Storevarden med tubaen på ryggen.


Godt over hundre menneske hadde samla seg ved Storevarden i dag for å feira påske. 2. påskedag har Os kyrkjelyd tradisjon med friluftsgudsteneste, og dei siste åra har denne vore på Liafjellet.

Her ser me i tillegg til presten på Tuba: Aina Herheim på trombone, som var kapellmester, og konfirmantane Sunniva og Mariell som spelte saksofon (med Silje Marie som notestativ...)


Nytt av året var at me laga til ei o-løype i terrenget. Geir Rognsvåg, som underviste KRIK eXploregruppa om orientering i haust, la ut postar. På kvar post var det spørsmål frå preika, som handla om dei to Emmausvandrarane.
Dessverre var det ikkje meir enn knappe tjue stykke som våga seg ut i o-løypa. Uansett er eg veldig fornøyd med arrangementet. Takk til konfirmantane Mathias og Sondre for bra innsats med å samla inn postane!

Her er forresten RadiOs sin artikkel frå gudstenesta.

søndag 17. april 2011

Ei gåve til Jesus er aldri bortkasta


Det vart ei fin gudsteneste i ei nokså full Os kyrkje i dag på Palmesøndag. Heldigvis var det mange born som kom i dag, så eg fekk delt ut alle "palmegreinene" til borna. Mellom tekstlesingane laga me til ein liten prosesjon for dei minste borna medan me song "Hosianna, syng for Jesus".

Preika til dei vaksne sleit eg litt med. Det er ikkje alltid ein får tydeleg klarhet i korleis ein skal spissa bodskapen. Her finn eg at twitter kan vera til hjelp. Preika er ikkje ferdig utforma før eg kan spissa bodskapen i ei twitter-melding. Denne gongen vart det slik: "Ei gåve til Jesus er aldri bortkasta".

Preiketeksten på Palmesøndag var frå Johannes 12,1-13.

Her er utdrag frå preika eg haldt i Os kyrkje i dag:

Glede og alvor
Palmesøndagen har ein dobbelthet over seg. Både glede og alvor.
Alvoret handlar om det som me veit skjedde med Jesus berre nokre dagar seinare. Det blir spesielt symbolsk i det Jesus seier om salven som Maria tømer over han. Nardussalve var den dyraste og flottaste salven dei hadde på den tida, ein veldig velluktande salve som dei brukte til forskjellige ting, for eksempel parfyme.

Ei bortkasta gåve?
Eg trur ikkje så mange er klar over kor dyr og kostbar denne salven var. Men det var ein utruleg overdådig og nærmast sløsande ting Maria gjorde. Det forstår me på måten disiplane reagerte på. ”Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?” seier Judas. Han syntes dette var bortkasta. ”Tre hundre denarar” – det høyrest ikkje så mykje ut, men når du tenkjer på at ein denar var ei dagsløn, så kan me jo tenkja oss kor mykje det ville ha vore omrekna til norske kroner i dag. Viss ei dagsløn er 1000 kroner, så blir 300 denarar 300 000 kroner. Det er litt meir enn eg ville betalt for ein salve på apoteket.

Samtidig var det ei mørk og trist side ved denne salven. ”Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min” sa Jesus. Når nokon var død, pleidde dei å smørja dei inn med velluktande salve før dei la dei i grava. No blei Jesus balsamert med salve før han døydde. Det blei eit varsel om det som skulle skje nokre dagar seinare i Jerusalem. Slik var det både glede og alvor over Palmesøndag den gongen.

På same måten er det i dag. Her hos oss.
De som er her for å døypa borna i dag, eg reknar med at det er glede som pregar denne dagen mest. Håpar det iallfall. De er jo her fordi de feirar borna. Og når me får born, har me verkeleg grunn til å feira. Feira at me har fått dei som ei gåve frå Gud. Det gir oss grunn til å ha ein gledeleg fest.
Samtidig ligg det eit alvor over oss. Borna har eit heilt liv framfor seg. Kva vil dei oppleva gjennom livet sitt? Som me syng i den kjende gamle songen av Åge Alexandersen: ”Mykje lys og mykje varme” – og samtidig veit me at det vil bli ”mange tåra, tunge stunder”.

Dåpen er meir enn ein fest for at me har fått eit barn. Djupast sett er dåpen ei innviing til Jesus, som hans disippel. Og når me lar borna våre bli døypte, så gir me dei til han. Det mest dyrebare me har, det er jo våre eigne liv, og livet til borna våre. Det er noko me kan gle oss over, men det inneber også eit alvor. Å vera ein disippel, inneber å gi seg sjølv til Gud. Det er ikkje alltid like lett. Men bortkasta er det aldri

Kva gir me til Jesus?
Me kan alle stilla oss det spørsmålet: Kva gir me til Jesus? Maria gav det dyraste ho hadde. Salve som var verd ei årsløn. Kunne det ikkje ha blitt brukt til noko betre, spurde Judas. Til dei fattige? Ja. Men ho valde å gi det til Jesus, og han velsigna henne for det valet.

Når me har gitt oss sjølv til Jesus som hans disippel, då er det naturleg at me lar det få konkrete utrykk i at me gir av vår tid, våre evner og våre pengar.

I dag skal me få gi ei gåve til misjonen, til misjonsprosjekta våre i Estland og England. Det er nok nokre som meiner ei gåve til misjon er unødvendig. Dei skal jo “berre” fortelja om Jesus. Kvifor ikkje heller gi til dei fattige? Det blir som når Maria berre tømte salven ut over føtene til Jesus, i staden for å selja det og gi pengane til dei fattige. Men det er slik at når eit menneske får høyra om Jesus av misjonærane, og blir kjent med Jesus på den måten, og blir ein ekte disippel, fører det også i neste omgang til at dei begynnar å bry seg med dei fattige. Fordi Jesu kjærleik driv oss.
Og Judas var jo eigentleg ikkje interessert i dei fattige. Han brukte det berre som ei unnskyldning, for han tok av kassen, står det i teksten vår.

Aldri bortkasta
Det å gi til Gud og gi til misjon er ikkje bortkasta. Det er som lukta av den dyre salven til Maria, som breier seg ut i heile rommet og i heile verda. Slik at alle skal vita om Jesus, han som ikkje berre døydde og vart gravlagd, men som også stod opp igjen. Og det gir oss verkeleg grunn til å feira påske og ropa Hosianna for kongen vår.

onsdag 6. april 2011

"Kva har dette med kristendom å gjera?"



Prestekvardagen er allsidig. Det er ikkje meg imot å bruka nokre timar ein laurdags formiddag på skytebanen for å trena leirdueskyting med konfirmantane.
"Men kva har dette med kristendom å gjera?" Det var ein av konfirmantane som spurde. Mitt umiddelbare svar var at det greske ordet for "synd" tyder å "bomma på målet". Men i gruppesamlinga tirsdag kveld tok me opp spørsmålet igjen.

Då snakka me om kva samanheng det kan vera mellom jakt og trua vår. Me var innom tema som forvaltaransvar og bærekraftig viltforvalting, og snakka også om ulike synspunkt på det å eta kjøt eller ikkje. Me såg mellom anna på bibeltekstar frå 1. Mosebok om kva oppdrag Gud gav til Adam og Eva, og me såg på kva dei fekk lov til å eta: nemlig frukt og grønsaker. Men me var også innom teksten om Noah, som fekk lov av Gud til å eta kjøt av dyr. Me såg også på andre argument for og imot det å eta kjøt.

For fleire bilde frå leirdueskytinga, klikk her.

mandag 21. mars 2011

Byfuglien vil vidare - ut på viddene

Vårt Land melder at den nye leiande biskopen vår, Helga Haugland Byfuglien er utålmodig. Som leiar av samlivsutvalet meiner ho at det er på tide at kyrkja vår får ein liturgi for velsigning av homofile. Det er slike ting som gjer at eg får mindre lyst til å halda fram som prest. Og så lurer dei på kvifor kyrkja vår har vanskar med å rekruttera nye prestar.

Eg høyrer til dei som synest det var flott at biskopane våre no endeleg klarte å samla seg om ein kandidat til leiande biskop. Endeleg kan kyrkja ta innersvingen på staten. Jada... Eg er sikker på at Byfuglien blir ein dyktig leiar for bispekollegiet. Ingen tvil om det. Men frå min ståstad blir det ei blanda velsigning. At kyrkja løyser på banda til staten, gler eg meg over. Men at me tar med oss ein verdsleggjort teologi på vegen, gjer meg berre oppgitt.

Eg ønskjer meg ei kyrkje som eg kan tru på. Ei kyrkje eg kan identifisera meg med. Det finn eg i lokalkyrkjelyden her i Os, og i stor grad i Bjørgvin bispedøme. Men eg registrerer at kyrkja som heilskap går i ei retning eg ikkje ønskjer.

torsdag 24. februar 2011

Hæren i Egypt angriper kloster

Skremande video av korleis den egyptiske hæren går til angrep mot eit koptisk ortodoks kloster.

mandag 14. februar 2011

Gamling på leir: KRIK Challenge

Eg følte meg skikkeleg gammal sist helg. Eg var på Voss på leir med 160 tenåringar og om lag halvparten så mange leiarar, ikkje så mange år eldre enn deltakarane. Challenge er KRIK Hordaland sitt årlege vinterarrangement, der ein overnattar og har samlingar på Voss ungdomskule og brukar dagane i alpintbakkane eller i idrettshallen. KFUK-KFUM sitt lokale, Vonheim, vart også brukt som base og matstasjon.


All ære til KRIK Hordaland for eit veldig godt arrangement. Dei er godt organiserte, har mange og ivrige leiarar og har eit tydeleg og godt budskap til tenåringane. Eg håpar at me kan reisa med ein gjeng neste år også. I år var det 19 deltarar frå Os, og dei aller fleste av dei var konfirmantar. I tillegg var me fire leiarar med Os-gjengen.

Eg synest ikkje det gjer noko å føla seg litt gammal i møte med kule ungdommar. Det er heilt greit. Eg likar dei gamle Åsnes-skia mine med kandaharbindingar, som eg kjøpte då eg gjekk på gymnaset, ein gong i forrige århundre. Den gongen var dei forresten kule, dei og. Glasfiber til og med. Kvart år blir eg frista til å kjøpa nye, men eg får meg liksom ikkje til å pensjonera dei. Nye ski vil sikkert få meg fortare fram i den preparerte løypa, men eg klarar meg jo godt – til mitt bruk. Det einaste måtte vera at det hadde vore godt med nye skisko – beksaumsko sa me før – for dei eg har er litt for kalde for meg. I tjuetre kuldegrader heldt eg på å frysa tærne av meg mens eg stod i ro i køen til Hangursbanen.


På sovesalen innsåg eg også at eg høyrer til ein utdøyande generasjon. Eg syntest eg hadde utstyrt meg godt og komfortabelt. Eg hadde slått til med luftmadrass denne gongen. Men då eg såg kva ungdommane kom med, forstod eg at eg var heilt ute. No skal det vera elektriske pumper. Og madrassene er ein halv meter tjukke. Og så kjem eg med mi, som er ein halv meter brei. Ungdommen no til dags, altså – pingler! Men no har eg lært. Neste år kjem eg vel med innebygd pumpe eg og. Me må jo vera ungdommelege…

Her er forresten ein film som dei laga på KRIK Challenge i fjor:


onsdag 2. februar 2011

Egypt utan Mubarak

Det er lett å sympatisera med egyptarane som vil ha slutt på president Hosni Mubarak sitt lange regime. Men vegen fram til det samfunnet dei ønskjer seg, er lang.
For det første er det usikkert kven som kan ta over når Mubarak går av, anten det blir i desse dagar eller etter presidentvalet i september. Det er mykje lettare for opposisjonen å bli enige om å fjerna den sitjande presidenten, enn å finna ein kandidat som kan samla støtte hos eit fleirtal.
For det andre vil det vera ei svært vanskeleg oppgåve for den nye presidenten å innfri dei høge forventningane folk har om billigare mat og meir arbeid. Med store mengder fattige og høg arbeidsløyse, vil det ta tid å byggja opp ein sunn og stabil økonomi.
For det tredje er samfunnet gjennomsyra av korrupsjon. Ingen regjering kan byggja eit godt samfunn utan at folket sjølv tar avstand frå korrupsjon og løgn. Dette gjeld alt frå dei minste daglegdagse situasjonane og opp til høgaste nivå i samfunnet. Eit nytt leiarskap vil trenga eit mirakel.

”Mubarak” tyder ”velsigna”
Om Egypt har vore velsigna av Mubarak i desse åra, er meiningane delte. Den koptiske patriarken, pave Shenouda III, har gått ut med støtte til presidenten fordi han fryktar at dei kristne vil få det verre under eit nytt regime. Det kan henda dei får det verre, men var det så vist av patriarken å gå ut med så eintydig støtte til Mubarak? Vil ikkje dette berre føra til at dei kristne kan bli syndebukkar etter eit regimeskifte?

lørdag 29. januar 2011

"Kvifor er de så redde?" Matt 8,23-27

Eg må innrømma at dei siste dagane har min oppmerksomhet vore meir retta mot Egypt og stormen som rasar i gatene i Kairo, enn mot Gennesaretsjøen og stormen som Jesus og disiplane fekk over båten sin. Eg har mange venner i Egypt, og ber om at dei må vera trygge midt i stormen.

”Kvifor er de så redde?” sa Jesus. For nokre dagar sidan, då protestane byrja i Kairo, sa dei på nyhetene at no hadde egyptarane overvunne frykten sin. Dei var ikkje lenger redde for politiet og styresmaktene.

Frykten for styresmaktene har nemlig vore stor i Egypt. Mubarak har styrt landet med jernhand i 30 år, og folk har ikkje våga å seia kva dei meiner. Politiet har vore kjent for sin brutalitet, og det å bli banka opp på politistasjonen var ikkje noko uvanleg. For eitt år sidan fortalde ein venn av meg om korleis han hadde blitt henta av politiet heime i sin eigen leilighet ein dag. Dei hadde banka han, slått han så han knekte foten, og latt han ligga igjen på gata. Ein taxisjåfør i Kairo sa ein gong til meg at han ikkje var redd for noko, utanom Gud. Det var litt tankevekkande synest eg. Men det har ikkje vore den haldninga som har prega det egyptiske samfunnet.

Men denne siste veka var det som om ein demning brast. Folk overvann frykten for regimet, dei sprang mot politisperringane og tvang presidenten til å innføra forandringar.

Bibeltekstane som me skal lesa i kyrkja i morgon, (4. søndag etter Kristi openberring) dei har det til felles at dei handlar om å vera redd og motlaus, men at Gud er større enn alle våre prøvelsar. Og akkurat som demninga av frykt brast i Egypt, så håpar eg at me kan overvinna vår frykt og vår motlaushet, uansett kva prøvelsar me møter, og sjå kor stor Gud me har med oss.

I morgon preiker eg i Nore Neset kyrkje i Os. God søndag!

torsdag 27. januar 2011

Kompostbinge av kjøleskap

From Compost bin from fridge


Kva er det kapellanen har funne på no då? Berre le du...
Vel, eg er jo litt opptatt av miljøvern og slikt, og har ein komposthaug i hagen. Men i vinter, med all snøen og kulda, blei det for tungvint å vedlikehalda prosessen i kaldkomposten, så eg ville ha meg ein isolert binge.

Sidan me flytta inn i prestebustaden, har det stått eit kjøleskap i kjellaren. Det virkar ikkje, og ville blitt for dyrt å reparera, så eg fann ut at eg ville gjera det om til ein isolert kompostbinge i staden for å kasta det. Gjenbruk er tingen!

Først forsikra eg meg om at skapet var så nytt at det ikkje inneheld gassar som er skadelege for miljøet. Så lagde eg ei ramme som skapet kan stå på, med lufting under, og opning så eg kan tøma ut jorda når komposteringsprosessen var ferdig. Og vips, så hadde eg ein fin kompostbinge som ikkje kosta stort meir enn spikrane og skruane eg brukte.

Stel gjerne ideen! Skulle det vera nokon der ute i cyberspace som er spesielt interessert, så kan dei klikka på lenka under bildet, for fleire bilde.

onsdag 12. januar 2011

Vinunderet i Kana


Legg du merke til alle Guds under i kvardagen? Denne veka jobbar eg med teksten i Johannes 2,1-11, der Jesus openberrar herlegdomen sin for disiplane, så dei trudde på han.

Gjennom nettstaden "The Text This Week", som forresten kan anbefalast, kom eg over eit interessant perspektiv på Jesu under, i noko som kyrkjefader Augustin skreiv: (Traktat VIII, kapitel 2, 1-4):

"Underet til vår Herre Jesus Kristus, der han gjorde vatn til vin, er ikkje så underfullt for dei som veit at det var Gud som gjorde det. For han som lagde vin den dagen i bryllaupsfesten, i dei seks vasskara som han baud dei om å fylla med vatn, han gjer dette kvart år i vindruene. Det som tenarane fylte i vasskara, blei gjort til vin av Herren. På same måten blir det som kjem ned frå skyene, gjort til vin av den same Herren. Men dette undrar me oss ikkje over, fordi det skjer kvart år. Fordi det skjer så ofte, er det ikkje lenger underfullt.

Likevel er dette underet meir verdt å tenkja over enn det som skjedde i vasskara. For kven kan tenkja over Guds gjerningar, som han styrer og ordnar heile verda med, utan å bli forundra og overvelda av det underfulle? (...) På same måten som me undrar oss over det som mennesket Jesus gjorde, lat oss også undra oss over det som Jesus Gud gjorde. Av Jesus Gud er himmelen skapt, og jorda, havet...alle desse tinga som me kan sjå med augene vart skapte av Jesus Gud."

mandag 10. januar 2011

Koptisk julepreik av Biskop Thomas


In the Name of the Father, the Son, and the Holy Spirit…one God, Amen.

The New Year comes to us with a shocking human crisis that has shaken our hearts and emotions. Our inner thoughts, ideas, and feelings are in turmoil. We are feeling sadness, pain, and anger. This year comes to us in great pain and crying; like the mother delivering her baby with crying and love. The Christmas comes to us this year insisting that we go to the depth of the divine picture that God has created for us in order to become what God desires for us. Indeed, Christ was born to give us this divine model of humanity.
As you draw closer to the image of Christ that is in each one of you, you reach the completion of humanity that Christ was born for. God created man in His image and God desired him to be the likeness of God on earth. Jesus came to fully show us that likeness in order to recognize Him through our humanity. In order that we could understand what is beyond our human awareness to grow into eternity, He was born for us, in us, to carry us to the heavens. While we are in Him, and He in us, we carry the likeness of Jesus every day. We have this likeness and we must recognize it in ourselves.

1. The image of God's intention for us

Romans 8:28, 29- And we know that all things work together for good to those who love God, to those who are the called according to His purpose. 29 For whom He foreknew, He also predestined to be conformed to the image of His Son, that He might be the firstborn among many brethren.

God's intent in our lives is that we become the likeness of Christ. Therefore, when events occur in our lives, whether close to or far from us, each event follows the concrete and orderly path set by God so that we may reach our divine fulfillment. When we are able to understand this, our will can then conform to this vision in order to achieve God's intention in us. This vision is the salvation of all humanity.

2. The image of present pain

Romans 8:18-24- For I consider that the sufferings of this present time are not worthy to be compared with the glory which shall be revealed in us. 19 For the earnest expectation of the creation eagerly waits for the revealing of the sons of God. 20 For the creation was subjected to futility, not willingly, but because of Him who subjected it in hope; 21 because the creation itself also will be delivered from the bondage of corruption into the glorious liberty of the children of God. 22 For we know that the whole creation groans and labors with birth pangs together until now. 23 Not only that, but we also who have the firstfruits of the Spirit, even we ourselves groan within ourselves, eagerly waiting for the adoption, the redemption of our body. 24 For we were saved in this hope, but hope that is seen is not hope; for why does one still hope for what he sees?

The divine intention of pain is to change people. Perhaps change will not happen to us in according to our sense of time. Instead, shocks/trauma that we are exposed to will leave an impression on us. Sometimes the response to shock is negative and people respond with evil. Sometimes the response to the shock is positive and people choose to respond with good. The rational/wise person will always choose to respond with good.
Christ carried the cross and shed His blood in order to give life to the world. Moreover, we carry the likeness of the Lord Jesus Christ.
Therefore, shock/trauma forces us to deepen our relationship with God to make an inner change. In addition, it forces us to go deep into our relationship with the other in order to make a human change. Shock/Trauma makes people more accepting and compassionate to each other. So, in the midst of shock/trauma, people can become closer. A strong situation of shock/trauma, like the shedding of blood, causes broad changes. The shedding of Christ's blood has been the greatest impact on people's lives throughout the ages and the shedding of blood continues to produce large changes in people. People become more open to repentance, open to returning to God, more accepting to the Word of God, and the divine intention of God. This divine intention that works within us sometimes causes us to go through pain. Nevertheless, we must trust that God is carrying us so that He is glorified in us. Pain is like the new birth that frees us to grow deeper in our relationship with God.

3. The image of Christ's life in us
The teachings of Jesus Christ were not only words, but by deeds, spirit, and truth. Christ taught wonderful principles that we all must keep within ourselves in order to grow. Christ changed the understanding of the world in regards to human relationships. For example,
• The image of loving your enemy
Matthew 5:44, 45- But I say to you, love your enemies, bless those who curse you, do good to those who hate you, and pray for those who spitefully use you and persecute you, 45 that you may be sons of your Father in heaven; for He makes His sun rise on the evil and on the good, and sends rain on the just and on the unjust.

Loving your enemy might appear difficult or impossible. However, if you go to the depth of this command you will find life. Because, revealing forgiveness is the first step of healing. Revealing forgiveness to those who trespassed upon you does not remove the demand for justice. Instead, it is healing for the soul. Forgiveness is not a relationship between you and the other. It is a relationship between you and God. God, who has forgiven the whole world since He forgave you yourself, He also forgives them (the other).

Romans 12:17-21- Repay no one evil for evil. Have regard for good things in the sight of all men. 18 If it is possible, as much as depends on you, live peaceably with all men. 19 Beloved, do not avenge yourselves, but rather give place to wrath; for it is written, "Vengeance is Mine, I will repay," says the Lord. 20 Therefore "If your enemy is hungry, feed him; If he is thirsty, give him a drink; For in so doing you will heap coals of fire on his head." 21 Do not be overcome by evil, but overcome evil with good.

Sticking to the love of the enemy, and forgiving those who trespass against you, is the strong foundation of the Christian life. Leave space for the divine justice and He will reward everyone according to his/her deeds. But remember, we must…

• Identify the type of the tension
When in crisis, people err when they blame one another. Listen to what Paul says.
Ephesians 6:12- For we do not wrestle against flesh and blood, but against principalities, against powers, against the rulers of the darkness of this age, against spiritual hosts of wickedness in the heavenly places.

These forces that the apostle Paul writes about, they are the Devil and his soldiers who deceive people. Beloved, all humans, every single person who has blood and flesh, are exactly like us. We are in the circle of love, not in the circle of tension. We are not fighting people; we must love people. We care for their well-being, their salvation, and their good. That is why the command to love your enemies was delivered. Love all people in the spirit of the Christian commands. Forgiveness is the first step for inner peace and healing. Still, there must be justice and rights, but in love.
• The image of peace
John 14:27- Peace I leave with you, My peace I give to you; not as the world gives do I give to you. Let not your heart be troubled, neither let it be afraid.

The image of peace that Christ gives is not like the world's understanding of peace. The world understands peace as being without problems or as a time of quietness. But, the peace that Christ gives, which is above all understanding, fills everyone with peace in the midst of the crises and most difficult problems. Today, let us carry the likeness of our Lord Jesus Christ to the world.

The message of love…the message of forgiveness…the message of peace…the message of acting rightly towards all people, to everyone, without discrimination. We offer an open heart to society.

We pray for the souls of the martyrs who have arisen to heaven. We pray for the wound. We pray for those who are suffering in Alexandria and everywhere in the world. We pray for the protection of our country, Egypt, and of our society from every evil. We pray for peace, for good, and for the reformation of everyone. May the Lord be with you.

H.G. Bishop Thomas, Bishop of Il-Qosseya and Mer
January 6, 2011

fredag 7. januar 2011

Ny framtid for Sør-Sudan


Søndag er det ein spennande folkeavstemning i Sør-Sudan. Det hovudsakleg kristne sør, som no er delvis sjølvstendig, skal avgjera om dei skal lausriva seg frå det arabiske og muslimske nord. Etter mange år med krig kom dei endeleg fram til ein fredsavtale i 2005. Presidenten i sør heiter Salva Kiir Mayardit, og har bakgrunn frå den langvarige borgarkrigen (bilde frå Wikimedia Commons).

Kirkens Nødhjelp er til stades i Sudan. Det har dei vore i 40 år, og dei er i beredskap dersom det blir urolige tilstandar i samband med valet den 9. januar. På KN sine heimesider kan du lesa meir om arbeidet deira.

Det er svært mange sør-sudanesarar som har flykta frå krigen i sør. Mange av dei bur i Nord-Sudan, der dei føler at dei er annanrangs borgarar. Også i Egypt bur det mange flyktningar frå sør, sidan Egypt tradisjonelt har hatt opne grenser til Sudan. I kyrkja vår i Kairo var det mange av desse som var aktive. Det gjer at eg kjenner eit personleg engasjement for det som no skjer. Eg var glad for å lesa at president Mubarak, så vel som den libyske president Qadhafi, nyleg uttalte at dei ville respektera utfallet av folkeavstemninga i Sør-Sudan, uansett kva dei vel. Eg håpar dei vil stå ved orda sine.

Tusenvis av menneske er no på reise frå nord til sør. Gjennomsnittleg 2000 kjem kvar dag over grensa for å delta i valet. For 105 år sidan knytta det seg spenning til om Sverige kom til å godta at Noreg lausreiv seg frå unionen. Kjem det til å gå like fredeleg for seg når sør-sudanesarane lausriv seg frå nord? Eit stort, uløyst spørsmål er kva som skal skje med dei store oljerikdomane som hovudsakleg ligg i sør. Vil nord gjera krav på desse, og kva skjer dersom nord og sør ikkje blir samde?

Vil dette bety slutten på mange hundre år med arabisk-islamsk kolonialisme i dette området? Det blir spennande å følgja med på kva som skjer vidare framover. Lat oss be for Sudan.

lørdag 1. januar 2011

Martyrane i Alexandria

Ei bilbombe gjekk av utanfor ei koptisk-ortodoks kyrkje i Alexandria. 21 vart drepne, og meir enn åtti vart såra. Heilt sidan evangelisten Markus, grunnleggaren av kyrkja i Alexandria, vart drepen i år 68, har denne kyrkja vore ei martyrkyrkje.

Typisk nok er det nokre som skuldar slike angrep på islams fiendar, og seier at det er sionistar, europearar og orientalarar som står bak, for å sverta islam. Her er ein diskusjon om denne merkelege islamistiske logikken, eller mangel på logikk, som ligg bak desse konspirasjonsteoriane.

Det er himmelvid forskjell mellom martyrane i Alexandria og islamistiske sjølvmordsbombarar. Alt dei kristne i Alexandria gjorde, var å bekjenna Jesu namn og gå til gudsteneste. Dei såkalla "martyrane" som drep seg sjølv og tar andre med seg i døden, har ingen rett til å kalla seg martyrar.

Dessverre skjer dette så altfor ofte. Lenge var det shia-muslimar i Irak som vart offer for bombene. Så var det dei kristne i Irak, som har flykta i tusental frå det krigsherja landet. Koptiske kristne frykta at valden ville spreia seg til Egypt, og no har det altså skjedd. Me må no be mykje om at dei kristne må få nåde til å stå saman, faste i trua, og utan å gjera gjengjeld, for det vil gjera vondt verre. Samstundes må styresmakter og moderate muslimar, både i Vesten og i muslimske land, slå hardt ned på terroristane, og legga press på dei islamistiske miljøa.

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...