Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samband med den jobben har eg laga ein ny blogg som heiter "Sendt".
Elles er det usikre tider på mange område no, pga den pågåande pandemien. Mine eigne arbeidsoppgåver kan også bli endra som følge av dette. Eg håpar sjølv at eg får bruka mykje tid på kontakt med kyrkjelydane i bispedømet for å inspirera til å dela trua både lokalt og globalt, men akkurat no skjer det meste elektronisk eller over telefon.
tirsdag 14. april 2020
lørdag 30. november 2019
Om adventstid og rett til arbeid
![]() |
| Vigra og Valderøy skulekorps spelte på julegrantenninga. |
Det
er godt å ha eit hus å bu i og eit arbeid å gå til.
Det tenkjer eg på no i desse førjulstider.
Og det er ikkje først og fremst fordi eg
sjølv har fått meg ny jobb. Neste år
skal eg jobba på bispekontoret i Molde.
Men eg tenkjer på dei som ikkje har rett til å tena pengar for å livnæra
seg. Dei papirlause flyktningane. Dei som ikkje har fått innvilga rett til å bu
i landet vårt, men som er livredde for å reisa tilbake. Og utan jobb og inntekt, kan dei heller ikkje
betala for ein plass å bu.
Tidlegare biskop Gunnar Stålsett såg eit
menneske i ein slik situasjon, og han såg det som si kristenplikt å hjelpa
henne til å livberga seg, så han gav henne arbeid, sjølv om han visste det var
ulovleg. Det er han villig til å gå i
fengsel for. Han gjorde det i sivil
ulydighet mot ei lov som han meinte var ukristeleg. Og det er han villig til å
ta straffa for. Eg har slett ikkje
alltid vore enig i alt biskop Stålsett har stått for. Tvert imot. Men dette har eg stor respekt
for. Han har valt å lyda ein annan Herre
enn fleirtalet på Stortinget.
Eg tenkjer også på noko som hendte ei mørk
vinternatt heime på Stord for mange, mange år sidan, i åra like etter
krigen. Mor mi døydde no i haust, og i
dagane før begravelsen sat eg og las noko ho hadde skrive om gamle dagar. Der fortalde ho korleis det var då dei budde
i ein trang, liten loftsleilighet nede på kaien. Om kvelden banka det på døra. Der stod ei splintakone og ein liten unge, og
spurde om dei kunne få sova der i natt.
«Splintar», det var det dei kalte omreisande folk som ikkje hadde fast
arbeid og fast plass å bu. Dei skulle
bli henta av ein båt dagen etter, men no hadde dei ingen plass å sova, fortalde
dei. Men mor mi sa nei. Dei hadde ikkje plass, for no hadde dei fått
besøk av svogeren hennar, onkelen min,
og han skulle sova på sofaen i stova.
Meir sengeplass hadde dei ikkje.
Så ho måtte spørja om husly andre plasser, sa mor mi.
Men så sat dei der inne og fekk ikkje ro i
sjela. Ute var det mørkt og kaldt. Kva ville skje viss dei ikkje fekk husrom
nokon annan stad? Etter ei stund gjekk far min ut og leita. Då fann han dei nede på kaien, dei stod og
hutra og fraus utanfor eit hus. Skorne
var gjennomvåte. Så fekk dei komma inn, likevel. Ho serverte dei varm kakao og mat, og dei
fekk ligga på sofaen i stova. Onkel fekk plass i dobbeltsenga attmed pappa og
mamma. Dei var berre så utruleg takknemlige for at dei fekk ein plass å sova og
varma seg, og om morgonen etterpå gav ho mamma ein visp som takk for hjelpa før
dei reiste.
Så
tenkjer eg på Josef og Maria og det vesle Jesusbarnet som måtte flykta til
Egypt. Eg trur nok at Josef fekk lov til
å livberga seg og familien sin som bygningsarbeidar i dei åra dei budde i Egypt
som asylsøkarar. Og eg trur at landet vårt har råd til å la slike såkalla
«ureturnerbare» og papirlause menneske få lov til å jobba for å livberga
seg. For det er ein menneskerett å ha
mulighet til å jobba for å livberga seg, slik også grunnlova vår slår fast.
mandag 25. november 2019
Drømmejobben?

Eg får mange spørsmål om jobben min no, og det er heilt greit at folk spør. Det er kjekt at dei viser interesse for presten sin. Men no har det seg altså slik at eg har fått ny jobb. I februar ein gong byrjar eg som rådgjevar for misjon og kyrkjefag i Møre bispedøme, og arbeidsplassen min blir på bispekontoret i Molde. Iallfall nokre dagar i veka. Hovuddelen av jobben (75%) blir som misjonsrådgivar tilknytta SMM - Samarbeid menighet og misjon, og i den resterande fjerdedelen av jobben skal eg arbeida med ulike faglege ting på bispekontoret. Eg håpar at eg får komma rundt i heile bispedømet i jobben, og at det ikkje berre blir ein kontorjobb.
Då eg høyrde at stillinga som misjonsrådgjevar skulle lysast ut tidlegare i haust, kjende eg med ein gong at dette hadde eg lyst til. Det er ikkje det at eg mistrivest som prest, men eg har no vore kyrkjelydsprest i 10-11 år no, og kjende på eit behov for å gjera noko anna. Men først og fremst var det muligheten til å få jobba med misjon som gjorde at eg fekk lyst til å søka på denne. For dei to siste åra har eg jobba ein del med misjon i samband med eit deltidsstudium ved Høgskulen i Volda. Masteroppgåva som eg akkurat no har skrive ferdig, handlar om NMS sin historie i Midtausten. I arbeidet med denne oppgåva er eg blitt veldig inspirert av alt det flotte som NMS har drive med i åra etter at familien min og eg flytta frå Kairo til Bergen. No gler eg meg til å begynna, men framleis er det ei stund til. Arbeidet her i Giske kommune skal avsluttast på ein skikkeleg måte, og det er altså ikkje før i februar 2020 eg tar til i den nye jobben.
Så spørst det korleis det går med den stillinga som eg no har sagt opp. Stillinga som sokneprest i Giske og Vigra blir lyst ut med det første, og me håpar det blir gode folk som søker. Allereie frå januar kjem det ein vikarprest på kyrkjekontoret i Valderøy rådhus, men han er vikar for soknepresten i Valderøy, og skal gjera teneste inntil vidare. Eg håpar folket på øyane tar godt imot han!
tirsdag 23. april 2019
Så no er påska over - eller?
Nei, slett ikkje. Det er no det byrjar! Påska varer til pinse, men det er ikkje slutt då heller.
I kyrkja påskedag sa eg at påska varer til Kristi himmelfartsdag. Det er for så vidt sant, for i desse førti dagane viste Jesus seg for læresveinane mange gonger før han forlét dei på fjellet. Men den liturgiske påsketida i kyrkjeåret varer dei femti dagane fram til pinse (eller 49 alt etter korleis ein tel). Det blir 7 x 7 veker til den femtiande dagen i påsketida, då Gud sende Den heilage ande over læresveinane. Pinse kjem som kjent av det greske ordet "pentekoste", som tyder "den femtiande". I den gamle pakta var dette ein takkefest etter kornhausten, men det var også ein fest til minne om at Moses mottok lova på Sinaifjellet femti dagar etter utgangen av Egypt.
Med "Påskeveka" tenkjer dei fleste på skuleferien mellom Palmesøndag og Påskehelga, men frå gammalt av er det den første veka i påsketida, som er den eigentlege påskeveka. Og på den åttande dagen - oktaven - gjentok dei den store festen frå påskedag. Dette har jo sin naturlege bakgrunn i forteljingane frå evangelia. Johannes skriv t.d. at "åtte dagar etter var dei igjen samla". Det var då Jesus viste seg for Tomas, han som ikkje ville tru før han fekk sjå såra til Jesus og stikka handa i sida hans.
Kvar einaste søndag året gjennom er slik sett ein påskedag, for på den dagen - Herrens dag - feirar me at Jesus stod opp av grava. Slik var det særleg i den første kristne tida, til ein gjekk over til å feira den årlege påskedagen med ein ekstra stor fest. Og dette var utgangspunktet for kyrkjeåret med alle sine ulike festdagar og markeringar.
Så påska er ikkje over. Det er no det byrjar, og det held fram. Det held fram gjennom heile livet, også når døden når oss. For Jesus sigra over døden, og den sigeren har me del i ved trua på han. Kvar dag skal me stå opp til eit liv med Den oppstadne, og ein dag skal me stå opp til evig liv med han.
I kyrkja påskedag sa eg at påska varer til Kristi himmelfartsdag. Det er for så vidt sant, for i desse førti dagane viste Jesus seg for læresveinane mange gonger før han forlét dei på fjellet. Men den liturgiske påsketida i kyrkjeåret varer dei femti dagane fram til pinse (eller 49 alt etter korleis ein tel). Det blir 7 x 7 veker til den femtiande dagen i påsketida, då Gud sende Den heilage ande over læresveinane. Pinse kjem som kjent av det greske ordet "pentekoste", som tyder "den femtiande". I den gamle pakta var dette ein takkefest etter kornhausten, men det var også ein fest til minne om at Moses mottok lova på Sinaifjellet femti dagar etter utgangen av Egypt.
Med "Påskeveka" tenkjer dei fleste på skuleferien mellom Palmesøndag og Påskehelga, men frå gammalt av er det den første veka i påsketida, som er den eigentlege påskeveka. Og på den åttande dagen - oktaven - gjentok dei den store festen frå påskedag. Dette har jo sin naturlege bakgrunn i forteljingane frå evangelia. Johannes skriv t.d. at "åtte dagar etter var dei igjen samla". Det var då Jesus viste seg for Tomas, han som ikkje ville tru før han fekk sjå såra til Jesus og stikka handa i sida hans.
Kvar einaste søndag året gjennom er slik sett ein påskedag, for på den dagen - Herrens dag - feirar me at Jesus stod opp av grava. Slik var det særleg i den første kristne tida, til ein gjekk over til å feira den årlege påskedagen med ein ekstra stor fest. Og dette var utgangspunktet for kyrkjeåret med alle sine ulike festdagar og markeringar.
Så påska er ikkje over. Det er no det byrjar, og det held fram. Det held fram gjennom heile livet, også når døden når oss. For Jesus sigra over døden, og den sigeren har me del i ved trua på han. Kvar dag skal me stå opp til eit liv med Den oppstadne, og ein dag skal me stå opp til evig liv med han.
torsdag 3. januar 2019
Vegansk eller kjøt?
Debatten
mellom veganarar og kjøt-etarar går friskt for tida. Men må det vera eit anten
eller? Tradisjonell kristendom, t.d. som i den koptisk-ortodokse kyrkja i
Egypt, har ein to tusen år gammal tradisjon med å eta vegansk mat til visse
tider på året.
Ifølge ortodoks
tankegang vender me tilbake til mennesket sitt opprinnelege kosthald når me et
vegansk mat. Mat utan kjøt eller andre
animalske produkt er «paradis-mat», altså den maten dei første menneska fekk
lov av Gud til å eta, slik Bibelen fortel i 1. Mosebok 1,29: «Sjå, eg gjev dykk
alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber
frukt med frø i. Det skal de ha å eta.»
Etter
storflaumen, derimot, gjer Gud ei pakt med Noah og seier: «Alt som lever og
rører seg, skal no vera mat for dykk. Som eg gav dykk dei grøne plantene, gjev
eg dykk no alt dette.»
Koptiske
kristne fastar meir enn 180 dagar i året, og i mange av fasteperiodane avstår
dei frå alle animalske produkt. Gjennom
å fasta frå dette, prøver dei å finna tilbake til noko av paradis-tilstanden i
sitt eige liv.
Kanskje
norske kristne kan gjera bruk av noko av denne tankemåten i diskusjonen om
vegansk eller kjøthaldig mat? Det er jo mange gode grunnar til å eta mindre kjøt.
Dyrevern er ei side av saka: Kjøtindustrien
gjer dyra om til produkt som kjem ferdig pakka i plast i butikken, og mange er
bekymra for om dei har eit godt liv før dei blir slakta. Klima-endringar er ei anna viktig side:
Kjøtproduksjon er ofte dårlegare for miljøet enn produksjon av frukt og
grønsaker. Men produksjon og import av visse typar
grønsaker er heller ikkje alltid så miljøvennlig. For min del hellar eg til at eit balansert
kosthald med utstrakt bruk av kortreist mat – anten det er fisk, kjøt eller vegetariske
produkt – er det beste alternativet.
Kvifor ikkje då avstå frå kjøt eit par dagar i veka og til visse tider
på året? Onsdag og fredag har tradisjonelt vore fastedagar: Onsdag fordi det
var den dagen Judas sveik Jesus, og fredag fordi han hang på krossen. Kyrkja her til lands har også hatt lengre
periodar for faste, t.d. dei førti kvardagane før påske, eller i adventstida
før jul. Kan dei gamle kristne fastetradisjonane
visa veg i ei ny tid med nye utfordringar?
tirsdag 11. desember 2018
God bok om Midtausten etter "Den arabiske våren"
Eg har vore på leit etter ei bok som oppsummerer dei viktigaste trekka i moderne historie i Midtausten etter den såkalla "arabiske våren" i 2011. Det har eg funne i "Brennpunkt Midtøsten" av Nils A. Butenschøn og Rania Maktabi (red.). Lånte boka på det nyopna biblioteket på Moa, og tok henne med meg på tur no i frihelga mi. Boka les historia med nokre viktige storbyar som prisme. Anbefalt!
søndag 18. februar 2018
Snart 30 år med misjon i Midtausten
Eg er på veg til Stavanger for å dykka ned i misjonsarkivet
til NMS. For snart 30 år sidan byrja Det
Norske Misjonsselskap arbeidet sitt i Midtausten, og no skal eg skriva historia
om dette misjonsfeltet. Eg gler meg til å
ta fatt! No har eg vore deltidsstudent ved Høgskulen i Volda i to år på
masterprogrammet «Kulturmøte», og har gjennomført fire semester og like mange
fag. Eg synest det er kjempekjekt å vera
student igjen, etter så mange år vekke frå skulebenken, og opplever at lesinga
og arbeidet med semesteroppgåver så langt har vore veldig berikande for
arbeidet mitt som prest. Eg har fått
repetert ein del kunnskap som eg har vore innom tidlegare, og så har eg fått
lært mykje nytt stoff også.
Denne veka har eg tre studiedagar i Stavanger. Eg skal gå
gjennom arkivstoff og sjå om eg kan finna ut kva som var dei viktigaste
grunnane til at NMS valde å satsa på Midtausten som eit nytt misjonsfelt den
gongen i 1990, og korleis prosessen var då dei valde samarbeidsorganisasjonar.
Det byrja med støtte til organisasjonen «Middle East Media» i 1990. Tre år
seinare sende dei ut dei første misjonærane – dvs. min eigen familie. Arbeidet gjekk over i ein ny fase då den
kristne satellitt-TV-stasjonen «SAT 7» vart stifta midt på 90-talet. NMS har også samarbeidd med Bibelselskapet, med
menneskerettsorganisasjonen «MIddle East Concern», og med ulike
utviklingsprosjekt i Egypt.
For meg personleg har eg merka at eg er blitt meir oppglødd
for NMS sitt arbeid etter at eg bestemte meg for å skriva om arbeidet i
Midtausten, og det blir kjekt å komma i gang, kjenner eg.
fredag 9. februar 2018
Pilegrimskyrkja på Giske
Langs kystpilegrimsleia mot Nidaros ligg Giske kyrkje som ei
lita perle. Kyrkja har vore pilegrimsmål
sidan mellomalderen og vart kanskje bygd til minne om pilegrimar frå Giske.
Året 1102 sigla fem langskip med korsfararar frå Sunnmøre. Målet
var Jerusalem og leiar for ferda var Skofte Aagmundsson frå Giske. Skofte hadde med seg tre av sønene sine, og
alle fire omkom på denne reisa, skriv Elias Giske i boka om Giske kyrkje. Skofte la ut som korsfarar, men døydde som pilegrim, og han nådde eit anna mål enn han hadde tenkt. Det er ikkje bevart skriftlege kjelder om
bygginga av kyrkja, men Elias skriv at «det er naturleg å gjere seg tankar,
fable om ein vil. Skofte var ein av
Norges mektigaste menn, og var komen i arvestrid med sin nære slektning kong
Magnus. Hans store mål var å fullføre
reisa til Jerusalem. Men så låg han for
døden i Roma. Ein av sønene som var med,
var kanskje allereie død. Det vart ikkje
slik han vona og trudde. Men i Rom hadde
han sett dei mange kyrkjer, og andre praktfulle små og store bygg i
marmor. Kanskje sette han fram eit
ynskje på sitt dødsleie, om å reise ei fin, lita marmorkyrkje i gardstunet
heime på Giske.»
Nesten tre hundre og femti år seinare, i 1345, fekk Giske
kyrkje eit brev frå pave Clements VI, som gav hundre dagar fritak for pålagde
botsøvingar til alle truande som kom hit som pilegrimar på kyrkja sine
helgendagar. Her står det at kyrkja var
vigsla til jomfru Maria, den heilage Nicolas og evangelisten Johannes. Den
heilage Nicolas (som er opphavet til julenissen) sin festdag er 6. desember,
evangelisten Johannes vert feira 27. desember, og den viktigaste festdagen for
jomfru Maria er hennar himmelfart den 15. august.
På austveggen utanfor kyrkja er det framleis tydelege teikn
etter pilegrimar. Her har dei skore inn
kors i veggen – såkalla kyssekors – som pilegrimane kyste når dei kom hit.
Moderne pilegrimar kjem framleis til Giske. Årleg kjem om lag ni tusen turistar hit, dei
fleste frå cruise-skipa til Ålesund, og dei kjem som regel hit med buss. No når
kystpilegrimsleia etter kvart blir meir kjend, håpar me å få fleire pilegrimar
som kjem hit på veg langs leia.
Les meir her.
søndag 3. desember 2017
"Det er noko skræmande"
I ein film på fjernsyn kom eg over eit gammalt dikt av ein spansk jødisk poet og vitskapsmann som levde for 900 år sidan. Yehuda Ha Levi var fødd i 1075, levde både i det kristne Spania og det muslimske al-Andalus, og døydde i Jerusalem i 1141.
Diktet er tydelegvis best kjent på engelsk, med tittelen "Tis a fearful thing".
Eg har prøvd å omsetja det til norsk:

Diktet er tydelegvis best kjent på engelsk, med tittelen "Tis a fearful thing".
Eg har prøvd å omsetja det til norsk:

Det er noko skræmande, dette.
å elska noko døden kan nå.
Noko skræmande er det,
å elska, å håpa, å drøyma, å vera –
å vera,
og ja, å mista.
Det er noko for dårar, dette.
Og noko heilagt,
noko heilagt
å elska
For livet ditt har levd i meg,
låtten din løfta meg ein gong,
ordet ditt var di gåve til meg.
Å huska dette gir ei sår glede.
Det er noko menneskeleg, dette,
å elska,
noko heilagt er det, å elska
det som døden har nådd.
lørdag 7. oktober 2017
Sommar i oktober
![]() |
Det er ikkje så mykje kjensle av sommar lenger her ute på
Vigra der eg bur. Uttrykket «sommar i
oktober» kjem frå ein salme eg oppdaga for ei vekes tid sidan. Eg var på samling inne i Geiranger med
prestane og organistane i Møre bispedøme, og i morgonbøna eine dagen song me
denne salmen. Salmen rørte ved noko i
meg, ikkje berre på grunn av den fine melodien av Ivar Jarle Eliassen, men
først og fremst gjennom det malande ordvalet til Jan Inge Sørbø.
Salme nr 847 i Norsk Salmebok:
Han gyller himlens tak med gullsinober.
Han heiser sola varsamt opp og ned.
Han helsar oss med sommar i oktober.
Han skifter fargar på kvart ospetre.
Han lyfter trea langsamt opp av jorda.
Han murer opp eit fjell og let det stå.
Han pustar liv og varme inn i orda.
Han hentar deg den dagen du skal gå!
Går du på glør, så går du på hans hender.
Og når du blør, er det hans blod som renn.
Han står der nederst når di krise vender,
For han stig ned og du stig opp igjen!
Det gull du ser på himlen i oktober,
er renningar i veven som han vev.
Frå hans palett flyt purpur og sinober.
Og du er den som får hans kjærleiksbrev!
Så lærte eg eit nytt ord den dagen og: «Sinober» er altså
ein raudfarge. Og sjølv no når det går
mot mørkare tider, kan det vera flott å sjå fargane både på himmelen og i blada
som misser grønfargen sin.
For min del var det vers tre som talte sterkast til meg
denne gongen, og særleg dei to siste verselinjene: «Han står der nederst når di
krise vender, for han stig ned og du stig opp igjen!» Då måtte eg tenka på ein person som eg visste
hadde det tungt og vanskeleg, og senda opp ei ekstra bøn til Gud.
Salmen kan du høyra i NRK-programmet "Salmeboka minutt for minutt"
Salmen kan du høyra i NRK-programmet "Salmeboka minutt for minutt"
lørdag 2. september 2017
Veøya - Den heilage øya i Romsdalen
Veøya i Romsdalen var målet for reisa mi langs kystpilegrimsleia denne sommaren. Måndag ettermiddag 21.08 sigla eg ut frå Roald hamn
med den vesle seglebåten «Pilegrimen» (ein 17 fot Hurley Silhouette frå 1968), og med to overnattingar på vegen nådde
eg fram til Veøya onsdag kveld.
«Ve» er norrønt for «heilagdom», og Veøya har vore ei heilag
øy frå førkristen tid. Arkeologar har funne spor av kristne graver og ei kvadratisk
kyrkje frå nihundretalet, og desse blir knytte til Håkon den gode sine
misjonsframstøyt omkring år 950. Her har
det budd folk iallfall sidan overgangen mellom yngre steinalder og bronsealder,
dvs. 1500 f.Kr. I mellomalderen var Veøya eit sentralt knutepunkt for handel,
og det ville vera ein naturleg plass å stoppa for pilegrimar på veg nordover
mot Nidaros. Då ville ein sigla vidare inn fjorden til Eidsvåg og tatt seg over
eidet til Tingvollfjorden, der ein kunne bruka båt resten av vegen.
Veøya er ein nydeleg plass å komma til med båt. På vestsida er det to små vågar der det er
fint å ankra opp, og i Nørevågen på austsida er det ei stor, god flytebrygge. Det
er kort veg opp til kyrkja og dei andre bygningane på garden. Fram til 1905 var det prestegard på øya, men då
presten flytta til fastlandet kom øya i privat eige. Den siste eigaren testamenterte øya til
Romsdalsmuseet. Dei gjer ein god jobb
med å halda området rundt kyrkja og garden ved like, men mykje av øya er
overgrodd av granskog og anna småskog, sjølv om det går villsau og beitar der.
Det gjeld også «Pilegrimsstien» som går over
øya. Dette er i utgangspunktet ein fin
tur, men den har
I dag står den heilage Veøya også i fare for å bli øydelagd
av vegplanane i Romsdalsaksen. Den planlagde traseen går over Sekken, langs
sørsida av Veøya og Hangholmen, og vil kunna setta mange kulturminne i fare.
Kjelder:
Marit Heiene (2013) «Slik fant de Norges eldste kirke på
Veøya», http://www.rbnett.no/nyheter/article8769151.ece
Britt Solli (2017) «Vei over Veøya» http://www.rbnett.no/meninger/leserinnlegg/2017/01/05/Vei-over-Ve%C3%B8ya-14018930.ece
Romsdalsmuseet: Veøya prestegard og middelalderkirke. http://www.romsdalsmuseet.no/avdelinger/veoy-prestegard-og-middelalderkirke/
Anette B Wollebæk (2012) «Den hellige øya»,
Forskningsmagasinet Apollon http://www.apollon.uio.no/artikler/1995/hellige.html
lørdag 19. august 2017
Islam i Spania
Det har vore mykje snakk om islamistisk terror i Spania dei siste dagane. Sist vår studerte eg spansk mellomalderhistorie ved Høgskulen i Volda, med vekt på "Al-Andalus", den delen av den iberiske halvøya som var styrt av muslimar frå 711 til 1492.
For dei som har interesse av slikt, legg eg ut semesteroppgåva mi her.
Det muslimske al-Andalus i mellomalderen blir ofte framstilt som ein gullalder for convivencia, fredeleg sameksistens mellom religionane. Dette blir gjerne sett i skarpt relieff til måten jødar og muslimar blei behandla på av dei kristne etter 1492, då heile den iberiske halvøya var gjenerobra. Eit døme på ei slik framstilling er boka «Spansk gullalder og arven fra jøder og muslimer» av Knut Aukrust og Dorte Skulstad, som kom ut på Pax forlag i 2011, der dei skriv at dei 800 åra med muslimsk styre i al-Andalus er «først og fremst en historie om relativt fredelig sameksistens mellom religioner og kulturer». Sjølv om dei kunnskapsrike forfattarane innrømmer at perioden var full av konfliktar, ber tekstane preg av det eg vil kalla ei «rosemaling» av det muslimske styret, og ei tilsvarande svartmaling av dei kristne rika på den iberiske halvøya, t.d. når dei skildrar den kristne ekspansjonen på 1000-talet som «begjær og plyndring» og «utpressingstaktikk i beste mafiastil».
Dette er ei framstilling eg seier meg usamd i. Les meir her (Dropbox) eller her (GoogleDrive).
onsdag 16. august 2017
"Modersvingen"
![]() |
I preiketeksten frå Matt 23,37-39 seier Jesus
at han gjerne skulle samla Jerusalems born slik ei høne samlar kyllingane under
vengene sine. Orda er prega av omsorg
for folket, men også av frustrasjon fordi dei ikkje vil tru på han.
Jesus, som elles
lærte oss at me kan seia «Far» til Gud, viser oss her ei feminin side ved
gudsbildet. Eg trur nok me går eit steg for
langt om me dermed skulle byrja å tiltala Gud som «vår Far og Mor», men det er gode grunnar til å
opna oss for at gudsbildet vårt ikkje skal vera einsidig maskulint.
Lina Sandell
(1832-1903) skreiv mange songar som me er blitt glade i her i Norge, og fleire
av dei skal syngast i kyrkja på søndag. «Modersvingen» er nok den songen som
tydelegast skildrar Guds omsorg med feminine bilde som ei vernande venge og eit
ømt morshjerte, men også andre songar hadde opprinneleg liknande tekstar. Det gjeld til dømes den første versjonen av «Blott
en dag», der det heitte «han som har mer än en moders hjärta» i staden for «Han
som bär för mig en faders hjärta». Og i
salmen «Bred dina vida vingar», der me no syng «och låt mig stilla vila i ve
och väl hos dig», heitte det først «och låt din lilla kyckling få gömma sig i
dig». Kjelde: http://www.dagen.se/livsstil/gud-som-fader-eller-moder-1.108118
Dette
omsorgsaspektet ved gudsbildet vårt er også gjenspegla i ein av nattverdliturgiane
i Den norske kyrkje (nattverdbøn E), der me ber: «Gud, ta oss alle i din famn,
slik ei kjærleg mor samlar borna sine om seg.»
På Oljeberget i
Jerusalem står ei lita kyrkje som er bygd på staden der ein trur Jesus stod då
han græt over Jerusalem. Bildet med høna og kyllingane er ein mosaikk frå altaret i denne kyrkja, og det viser til teksten frå Matteus 23,37.
Foto av Wikimedia-brukar Anton 17 https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/a/a5/Mosaic_Art_at_Dominus_Flevit.jpg
torsdag 3. august 2017
Frimodig kyrkje
I år vart ein ny kyrkjeleg organisasjon stifta. «Frimodig kirke" er namnet på nettverket
som vart oppretta i mars i kjølvatnet av at kyrkjemøtet vedtok ein ny
kjønnsnøytral ekteskapsliturgi. Eg er
ein av dei som melde meg inn i nettverket.
For meg handla det mest om å ha frimod til å bli verande i den kyrkja eg
alltid har vore ein del av. Av natur er
eg ikkje nokon stridsmann, men det er viktig for meg å vita at det er plass i
kyrkja mi for det eg står for.
Det er stor teologisk breidde i Den norske kyrkja, men dei
siste åra har eg følt meg meir og meir framand i kyrkja mi, særleg i forhold
til dei samlivsetiske spørsmåla, og meir grunnleggande i forhold til synet på
Bibelen, og på kva kyrkja er. Eg vil ikkje
gå i detalj om dette no.
«Frimodig kirke" er nok også ein organisasjon som
samlar folk med mange ulike meiningar, og eg er ikkje utan vidare einig med
alle i dette nettverket. Men eg håpar
det kan hjelpa fleire enn meg, både prestar, andre tilsette og frivillige
medarbeidarar, til å bli verande i Den norske kyrkja og frimodig halda fast på
det me trur er evangeliet.
Det har vore eit problem innan dei konservative gruppene
innanfor Den norske kyrkja at me er så forskjellige. Nokre nettverk har vore såkalla «høgkyrkjelege»
og har samla flest prestar, organistar og andre med sans for liturgi og faste
kyrkjestrukturar. Andre organisasjonar
er «lågkyrkjelege», med stor skepsis til prestane og dei formelle strukturane,
og dei vil helst bygga sine eigne forsamlingar.
«Frimodig kirke" tar mål av seg å vera eit nettverk som kan bygga
bru mellom desse fløyane. Det er eit
ønskje at det ikkje skal vera dominert av prestar, men bli eit nettverk av alle
som ønskjer at kyrkja vår skal halda fast på ei bibelsk basert tru. Det blir spennande å sjå kor vegen går vidare.
lørdag 11. mars 2017
"Kystpilegrim" til St. Olav
Denne veka har eg
vore ein slags kystpilegrim, om enn på ein annan måte enn det vanlege. I gamle dagar reiste folk på pilegrimsreise
til St Olav si grav i Nidaros, og motivet var ofte å bli helbreda. Eg har og reist til St Olav for å bli
helbreda. Ikkje til helgengrava, men til
St. Olavs hospital i Trondheim. Men joda, Nidarosdomen var eg også innom.
For meg var Hurtigruta den beste og rimeligaste måten å
reisa på mellom Ålesund og Trondheim.
Sjølv om det tar litt fleire timar, er det likevel å føretrekka framfor
bussen, iallfall. Nordover starta turen
kl 15 i Ålesund, og då fekk eg oppleva strekninga fram til Molde i fullt
dagslys. Sørover ei lita veke seinare fekk
eg sjå det meste av kystlandskapet eg for forbi medan eg låg i lugaren og sov
sist.
No blei det også til at eg fekk
reisa med to svært forskjellige skip: «MS
Nordkapp» er eit av dei store, moderne skipa, med mykje luksus. Tilbake igjen fekk eg gleda av å segla med
det minste og eldste skipet som er like gammalt som meg sjølv: 1964-modellen «MS Lofoten».
Opphaldet på St Olavs hospital var godt. Eg blir imponert både over den solide medisinske
kunnskapen og den gode måten dei tar seg av oss reint menneskeleg. For min del
blei opphaldet der nokre dagar lenger enn eg hadde tenkt. Det som skulle vera ein kontroll og kanskje
eit enkelt inngrep i hjarta, blei litt meir omfattande. Til gjengjeld fekk eg
tid til å reflektera over livet og lesa mykje fagstoff. Så får eg håpa at når
eg no reiser tilbake, så er det med litt
betre helse enn eg hadde då eg kom til St. Olav.
mandag 27. februar 2017
Jean de Gorze
27. februar er minnedagen til St Jean av Gorze i den
katolske kyrkja (men andre kjelder seier han døydde den 7. mars). Kvifor er han interessant for meg akkurat
no? Jo, fordi denne munken frå Vandières, nord i det som i dag heiter Frankrike, var utsending frå kong Otto I til kalif
Abd al-Rahman III i al-Andalus. Og dette
semesteret tar eg eit fag ved Høgskulen i Volda som handlar om dei 800 åra den
sørlege delen av den iberiske halvøya (Spania og Portugal) var under muslimsk
herredøme.
I år 953 vart Jean
sendt til Córdoba som ambassadør for kong Otto.
Han skulle ta med seg eit brev til kalifen. Formålet var å få ein slutt på muslimske raid
i det sørlege frankarriket. Vel framme,
fekk Jean slå seg ned i eit palass i Córdoba, men kalifen fekk han ikkje
møta. Grunnen til det, var at kalifen
frykta at innhaldet i brevet var så direkte og tydeleg at det kunne oppfattast
som blasfemi mot profeten Muhammad. Og dersom kalifen hadde lese det,
ville han føla seg tvungen til å dømma ambassadøren til døden. Derfor fekk han
sin jødiske ambassadør Hasdai ibn Shaprut til å forhandla med Jean. Han klarte å overtala Jean til å be om at
Otto sende eit nytt brev, eit som var mindre fordømmande i ordlyden. Jean skal ha sagt om jøden Shaprut at han
aldri hadde møtt ein mann med eit så forfina intellekt.
Denne veka har eg arbeidd med å presentera ein artikkel om
jødiske vitskapsmenn frå al-Andalus. Det
var nemlig mange jødar som budde på den
iberiske halvøya på denne tida, fram til både muslimar og jødar blei kasta ut
av riket i 1492, då dronning Isabella og kong Ferdinand erobra den siste resten
av kongedømmet Granada. Jødiske
vitskapsmenn spelte ei viktig rolle i å overføra kunnskap om klassisk vitskap
og filosofi til Europa. Studiet er
interessant også på den måten at eg får repetert ein del gammal kunnskap frå
det førebuande filosofistudiet me hadde på teologistudiet.
mandag 19. desember 2016
Kyrkja og dei ikkje-truande medlemmane
«Rita Karlsen kaller
seg kulturkristen. Hun tror ikke på Gud, men nå har
grunnleggeren av Human Rights Service meldt seg inn i Den norske kirke».
Dette var ingressen i ein artikkel som stod å lesa på
nettsida til avisa Dagen den 26. august i år. Human Rights Service, som Rita Karlsen er både grunnleggar og dagleg leiar av,
er ein organisasjon som er kjend for sterk kritikk av norsk
innvandringspolitikk, med særleg front mot religionen islam. Rita Karlsen vart døypt og konfirmert på
heimstaden sin, men melde seg ut av kyrkja mot slutten av tenåra. Då ho melde
seg inn att i år, var grunngjevinga hennar at ho ser på kyrkja som ein viktig
kulturinstitusjon. «Det
handler om et ønske om å ha kirken som et møtested og et samlingspunkt, at vi
har noen som bærer tradisjonene, fra vuggen til graven», seier ho til Lars
Akerhaug i Dagen.
I ei meiningsmåling
som Aftenposten skreiv om i mars 2016, kom det fram at under halvparten av
medlemmane i Den norske kyrkja oppfattar seg som kristne, og at 33 % reknar seg
som ateistar. Kvifor blir dei likevel
verande som medlemer?
Dette er spørsmålet eg prøvde å finna svar på i arbeidet
med eksamensoppgåva mi denne
hausten. Eg er deltidsstudent ved
Høgskulen i Volda på mastergradstudiet «Kulturmøte», og i haust har eg studert
emnet «Nasjon, kultur og religion». Som
prest er det lærerikt å sjå på arbeidet mitt frå nye vinklar, og det var svært
interessant å jobba med dette emnet i haust.
For å gi iallfall nokre svar på dette spørsmålet, har eg
leita opp ulike aktuelle døme frå avisartiklar og debattinnlegg i nettaviser og
sett dette inn i ei teoretisk ramme med utgangspunkt i pensumlitteraturen. Det handlar om kollektiv identitet, forestilte
fellesskap, samfunnsreligion og kyrkja si rolle som både eit religiøst og eit
nasjonalt symbol. Er det slik at det å vera norsk gjer det naturleg å vera
medlem av Den norske kyrkja?
torsdag 1. september 2016
Bibel og kveldsmat på Roald
Onsdagskveldar
kl 19-21 inviterer me til bibelgruppe heime hos presten i Øievegen 3 ved Joker
Roald.
Helga og eg har hatt mange gode erfaringar frå liknande
smågruppefellesskap på dei ulike stadene me har budd tidlegare, og no startar
me det opp i lag med eit vennepar.
Tanken er at dette skal vera ei gruppe der det alltid er plass for nye
som vil prøva korleis det er.
Opplegget er enkelt:
Me byrjar med eit enkelt kveldsmåltid. Deretter les me dei tekstane som
skal lesast i kyrkja komande søndag, og deler med kvarandre tankar me gjer oss
om dette. Til å hjelpa oss med samtalen,
brukar me boka «Mester, på ditt ord.
Søndagstekstene 2016-2017». Før me går heim, ber me i lag for kvarandre og for
bygda.
Så viss du saknar eit slikt fellesskap, er du hjarteleg
velkommen! Det er for kvinner og menn uansett alder, og for både tvilarar og overbeviste truande. Har du spørsmål, så kan du ringa meg på tlf 91325568.
torsdag 2. juni 2016
Litt statistikk om øyane våre
Til hausten skal me ha bispevisitas på øyane våre i Giske kommune. Det betyr mellom anna at me må grava fram rapportar og planar og statistisk materiale. Her kjem ein liten smakebit:
Totalt innbyggartal i Giske kommune pr 1. januar 2016 var 8094. Dei fordeler seg slik på øyane våre: Vel halvparten (4087) bur på Valderøya. Ein fjerdedel på Vigra (2061). Den siste fjerdedelen bur på dei to øyane Godøya (1131) eller Giske (788). 27 er ikkje oppgitt.
Talet på medlemer i Den norske kyrkja for 2015 var 6631. Det tilsvarar 81,9% av folket, og 9 prosentpoeng meir enn landet totalt (71,9).
Me døypte nesten dobbelt så mange personar som me gravla i fjor: 103 mot 56.
Det var 22 vigslar i kyrkjene våre i fjor, mot 38 i toppåret 2009
.
Talet på medlemer i Den norske kyrkja for 2015 var 6631. Det tilsvarar 81,9% av folket, og 9 prosentpoeng meir enn landet totalt (71,9).
Me døypte nesten dobbelt så mange personar som me gravla i fjor: 103 mot 56.
Det var 22 vigslar i kyrkjene våre i fjor, mot 38 i toppåret 2009
.
søndag 13. mars 2016
Til Helvete og forbi.
Etter at me flytta til Roald på Vigra, har eg begynt på eit nytt turprosjekt: Eg vil gå Vigra rundt langs fjørebeltet. Det er jo så mykje flott natur å sjå langs strendene på desse øyane våre her ute i havgapet. Så no tar eg for meg strendene stykke for stykke. Eg starta ved moloen på Roald for eit par veker sidan, og gjekk eit lite stykke nordover, til Sandvika. Så gjekk eg beine vegen heim. Ein annan dag gjekk eg langs vegen dit eg slutta sist, og der heldt eg fram strandturen min. Og slik vil eg fortsetta til eg er tilbake dere eg begynte. Det er ikkje om å gjera for meg å gå fort, men heller å få med meg detaljar i landskapet. Og så kan eg meditera over Guds skaparverk og be til han medan eg går.
I går gjekk kona og eg endå eit stykke langs nordsida av Molnes. Når eg ser bølgjene der, så må eg tenkja på det andre verset i den nydelege salmen "Du er mi øy i havet, Gud". Den står på nr 334 i den nye salmeboka. Melodien er ein norsk folketone frå Rindal på Nordmøre, og teksten har Sverre Haltne dikta fritt etter ei keltisk kveldsbøn. Andre verset lyder slik:
"Du er ein bårerygg som bryt,
der får eg sjå ditt velde.
Du er ei elv som roleg flyt,
ho er mi nådekjelde.
Du fjøre er og flod,
i rytmen finn eg ro.
Du er eit hav kring heile meg,
der er eg evig eitt med deg."
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Nye arbeidsoppgåver
Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...
-
Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...
-
Det er ikkje så mykje kjensle av sommar lenger her ute på Vigra der eg bur. Uttrykket «sommar i oktober» kjem frå ein salme eg oppdaga...
-
Det vart siger – litt overraskande – for dei konservative på Kyrkjemøtet i saka om vigsel for likekjønna. For meg er det ein siger med bis...












