lørdag 25. desember 2010

Kvit jul

Kvart år har eg som prest den same utfordringa: Å finna ein ny vinkling på den gode, gamle julebodskapen. Det er vanskeleg å forkynna i julehelga, fordi tekstane er så kjende. I år også gjekk eg lenge utan å ha ei klar "spissing" av bodskapen, men så fekk eg hjelp av Knut Grønvik, som for tida er prest i Korsvei. Han har skrive ei andaktsbok som heiter "Alle dager". For ein av dagane i desember hadde han ein andakt om "kvit jul". Han tok utgangspunkt i Jesaja 1, der det står at syndene våre skal verta kvite som snø. På ein festdag som julafta, følte eg ikkje at eg kunne ta så hardt i som Knut Grønvik gjorde, for han er ganske så utfordrande, men hovudideen hans sette meg på sporet. Og andakten hans er med dette tilrådd til alle.

Her er preika på julaftan 2010 i Os kyrkje:

Så blei det kvit jul i år og.
Kvart år høyrer me Bing Crosby synga om det: I'm dreaming of a white Christmas. Her på Vestlandet er me meir vane med "wet Christmas". Ikkje alle opplever den kvite jula like positivt: I Europa har snøen skapt store problem på flyplassane. Det er ikkje berre Maria Mena som vil gå "Home for Christmas". Tusenvis av passasjerar har venta i dagevis på å komma seg heim til familie og venner.
Men det er jo kjekt med snø til jul då. Alt det gøye me kan gjera i snøen! Laga snømann, og snøhole, gå på ski og renna på akebrett.

Uttrykket "kvit jul" kan bety mange ting
Eg var ein tur borte på Flåten [kjøpesenteret] på tirsdag: Der var det nokre ungdommar som hadde ein stand med slagordet "Kvit jul" og då meinar dei ei julefeiring utan alkohol. Fleire rusorganisasjonar har ein kampanje for å gi borna ei rusfri julefeiring. Det er dessverre slik at tusenvis av born i landet vårt kvir seg til jul fordi dei er redde for kva foreldra deira skal finna på når dei får eit glas for mykje. Borna treng ei "kvit jul", ei jul som ikkje blir øydelagt av alkohol. Og det var det ikkje vanskeleg å skriva under på.

Jula er heldigvis ikkje ei "kvit" feiring.
Og då meinar eg at jula ikkje er ei feiring for den kvite delen av verda. Me kan vel lett få følelsen av at jula er ei europeisk eller amerikansk feiring, der nissen og reinsdyra hans er viktigare enn barnet i krybba, og der våre gåver til kvarandre blir viktigare enn kva me gir til han som faktisk har bursdag.
Ikkje alle moderne juleskikkar har så mykje med den eigentlege bodskapen å gjera. Heldigvis er jula ikkje ei kvit feiring, men ei fargerik og internasjonal feiring.

Heile verda rettar augo sine mot Betlehem i natt, der eit jødisk barn vart født, i ein liten by som ligg i krysningspunktet mellom Afrika, Asia og Europa. Og han som blei lagt i ei krubbe, blei til velsigning for alle folkeslag.

Gud vil likevel gi oss ei kvit jul
Det har gått eit år sidan sist jul, og me har gjort mykje, sikkert både godt og gale. Eg veit ikkje om julenissen har slutta med å spørja om me har vore snille. Han gjorde iallfall det før i tida. "Har du vore snill gut i år, då?" "Ja... kanskje ikkje alltid..."

Tenk om livet vårt dette året var som spor i snøen. Og alt me har gjort var synleg for alle. Og så kom nysnøen og dekka over det. Alt blir så fint og reint når snøen lavar ned.

Det står noko om det i Bibelen. Gud har lova oss ei kvit jul: Profeten Jesaja: "Kom, lat oss gjera opp vår sak, seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø; om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull" (Jes 1,18).

På den måten er det godt med ei kvit jul. Me kan få begynna heilt på nytt. Me kan setja nye spor i snøen, og me kan velja kva retning dei spora skal gå.

"I dag er det fødd dykk ein frelsar", sa engelen til gjetarane på markene utanfor Betlehem. At Jesus er vår frelsar, det betyr at han vil ta bort syndene våre og setta oss på rett kurs.

Og ein ny kurs treng me nok. At det er kvit jul og kaldt ver i Europa akkurat no, betyr til dømes ikkje at klimakrisa er over. Når me ser heile jorda vår under eitt, er det likevel slik at gjennomsnittstemperaturen held fram med å stiga. Og skal me ha håp om å unngå katastrofale endringar i klimaet vårt, må me endra vanane våre, og finna bærekraftige måtar å bruka ressursane på.

Og ser me rundt oss i verda, ser me at det framleis er det mykje urett. Framleis er det millionar som lever i djup fattidom og naud. Men framleis er det mogleg å vera med og gjera noko med det. I dag går takkofferet til Kirkens Nødhjelp: Ein av dei tinga dei gjer: Prøver å hjelpa menneske som merkar klimaendringane på kroppen. Nokre land har flaum, andre tørke. I Tanzania bur for eksempel nokre born saman med besteforeldra sine. Dei har fått hjelp til å låna litt pengar for å investera i ein liten grønsakhage og ein grisebinge, og slik klarar dei seg på sin enkle måte.

Englekoret sang om fred på jord. Det kan det bli, når me tar imot fredsfyrsten. Når Gud gir oss ei kvit jul. dekker over dei gamle spora og sender oss ut for å trakka heilt nye spor i snøen.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,
som var og er og vera skal éin sann Gud
frå æve og til æve.
Amen

fredag 10. desember 2010

Himmel på jord

I dag hadde me tre julegudstenester i Os kyrkje. Det var Os ungdomsskule som var på besøk i kyrkja. Dei hadde øvd godt på førehand, både på songar, tekstar og bøner, og det var ei veldig fin oppleving for alle. Utruleg positive ungdomar!

Her er dagens preike:

Kvifor feirar dei kristne jul? Det enkle svaret er sjølvsagt at det var fordi Jesus vart fødd. Men før i tida pleidde ikkje folk å feira bursdag. Og dei første kristne feira heller ikkje jul. Den viktigaste feiringa dei kristne hadde, var påske, den dagen Jesus stod opp av grava. Og den var så viktig at dei feira det kvar søndag.

Julefeiringa kom seinare. På den tida visste ingen kva tid på året Jesus vart fødd, eller akkurat kva årstal det var. Dei kunne ikkje spørja Maria, for ho var død. Men at Jesus var fødd som eit menneske, det var så viktig for dei kristne, at dei bestemte seg for å feira det på den 25. desember, på den mørkaste tida av året. Fordi Jesus var som eit lys som kom frå himmelen for å skinna i mørket på jorda.

På kjøkenet heime har me ein cd-spelar. Og i år har me spelt ein juleCD der ein av songane heiter "Himmel på jord". Sjølv om eg først ikkje var overbegeistra over å sjå endå ei ny juleplate frå endå ein kjend artist heime hos oss, har det refrenget surra rundt i hovudet mitt dei siste dagane. Og så tenkjer eg at det er jo derfor dei kristne feirar jul. Fordi himmelen kom til jorda. Me feirar at Guds Son vart fødd som eit menneskebarn. Det betyr at Gud ikkje er langt borte. Han er nær oss. Me kan komma nær Gud når me kjem nær Jesus.

Dette er eit mysterium som ikkje er lett å forstå med fornuften.
Sånn var det kanskje for dei gjetarane som var ute på markene ved Betlehem og, den natta Jesus vart fødd. Dei fekk plutseleg besøk av ein engel som fortalde dei at ein frelsar var blitt fødd. Det er ikkje sikkert dei forstod så mykje av kva dette handla om eigentleg. Men dei gjekk inn i Betlehem til den staden der Maria og Josef budde, og fann barnet i krubba, slik engelen hadde sagt.
Me og kan gjera det same som gjetarane. Me kan bruka julefeiringa til å be Gud visa oss litt meir om dette mysteriet, at Gud vart menneske, og at me kan sjå Gud i det vesle barnet som vart født i Betlehem.

Og så er det sånn at julebudskapet, det har inspirert folk til å gjera gode ting. Eg trur verda er blitt forandra fordi Jesus vart fødd. Fordi himmelen har komme til jorda, har folk fått glede, og håp og fred, og det har gitt oss lyst til å gi det vidare til andre. Fordi Gud vart født som eit lite barn, for eksempel, så er det viktig for oss å ta vare på dei som er små og hjelpelause. Fordi Jesus kom til verda i fattige kår, er det viktig for oss å bry oss om dei fattige og hjelpa dei.
Himmel på jord. Det er det jula handlar om. Himmelen kom til jorda. Og eg tenker, at fordi Gud bryr seg så mykje om jorda og oss som bur her, fordi han bryr seg så mykje om oss at Jesus blei født som eit menneske, så har eg og lyst til å bry meg om den jorda eg bur på, og dei menneska som eg lever saman med, og spre litt himmel rundt meg.

søndag 14. november 2010

"Maestra" frå Os på Stord

Eg hadde ei fantastisk konsertoppleving på Stord sist helg. Den utflytta Os-jenta Tonje Hernes hadde ei nøkkelrolle i konserten ”Pomp og Prakt” i Stord kulturhus. Tjuefemåringen som studerer musikk på Høgskolen Stord-Haugesund, dirigerer det dyktige blandakoret ”Stordkoret” på fritida. Saman med brassbandet Sagvåg Musikklag og to lokale solistar, leverte dei ein konsert som gjekk frå det eine høgdepunktet til det andre.

Pomp og Prakt er Stord sin eigen variant av den kjende ”Last night of the proms” i Royal Albert Hall i London. Eit par av dei obligatoriske stykka var sjølvsagt med, som ”Rule Britannia” og ”Pomp and Circumstance”, men med lokalpatriotiske tekstar. Prosten i Sunnhordland var konferansier, med bowlerhatt og mykje patos, og gjorde sitt for å få opp stemninga i salen, der folk var utstyrte med flagg og fløyter, og damene sat med finhatten på. At den internasjonalt anerkjente dirigenten Eivind Gullberg Jensen vitja heimbygda som gjestedirigent, sette heller ikkje nokon dempar på stemninga.

Osjenta Tonje Hernes hadde sjølv laga arrangementet til to av songane som Stordkoret framførte. Ho dirigerte godt og tydeleg, som ein ekte maestra, både sitt eige kor og eit par fellesstykke med korpset. Ho er sjølv ein allsidig musikar, og det er kanskje håp om at me får både høyra meir til musikken og sangen hennar, og sjå henne som dirigent her i Os også?

For meg som sjølv har spelt tuba i Sagvåg musikklag (det var då eg slutta, at dei byrja å bli gode…) var det flott å høyra brassbandet spela. Slike konsertopplevingar gir inspirasjon til det me held på med sjølve. Eg tenkjer at me skal få vera med og laga mykje fin musikk i Oseana når det opnar neste år. Og som prest må eg sjølvsagt føya til at me kanskje kan få litt ”hosianna” også i Oseana.

lørdag 6. november 2010

Skal me ikkje til himmelen?

”Det kristne håp dreier seg ikke om å komme til himmelen, men at himmelen skal komme til oss. Da skal det bli en ny jord, hvor rettferdigheten bor”. Slik står det på omslaget til ei gammal bok av Erling Utnem. Eg tørka støv av boka ”Visst skal jorden bli ny” for nokre veker sidan, og er blitt fascinert av det han skriv. Boka las eg første gongen i 1987 då ho var ny, men seinare har ho blitt ståande i ei hylle eller lagra i ei eske.

Søndag er det helgemesse, og i kyrkjene våre skal me minnast spesielt dei som er gravlagde det siste året. Mange stader er det blitt tradisjon å setja ut lys på gravene for å visa at me tenkjer på våre kjære, som no er i himmelen. Eller – er dei ikkje i himmelen? Skal me ikkje møta dei igjen når me døyr? Kva skjer eigentleg med oss når me døyr? Skal me sova i gravene heilt til den dagen Jesus kjem tilbake, eller går sjela vår heim til himmelen?

I kyrkja brukar me ofte altarringen som bilde på kyrkja: Den halve ringen som me ser, er den synlege kyrkja, og den andre halvparten er dei kristne som levde før oss, og som no er i himmelen. Og i nattverdliturgien seier me at ”di kyrkje i himmelen og på jorda prisar namnet ditt med samrøysta lovsong”. Korleis kan dei prisa Guds namn viss dei ligg i gravene? I salme 6,6 står det jo ” For ingen av dei døde kjem deg i hug. Kven prisar vel deg i dødsriket?”

Det ser ut til at det meste av det Bibelen skriv om håpet vårt for livet etter døden, handlar om at me skal stå opp frå dei døde. Det er også det me seier i truvedkjenninga, i tredje artikkelen: ”Eg trur på…oppstoda av lekamen og evig liv”, eller som det står i den nikenske truvedkjenninga: ”Vi…ser fram til oppstoda av dei døde og eit liv i den komande verda”.

Samstundes er det nokre stader i Bibelen der det kan sjå ut som at sjela til dei truande går til Gud når dei døyr. Når Jesus diskuterer med saddukearane – dei som ikkje trudde på oppstoda – minner Jesus dei om at Herren kallar seg ”Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud”, og at han ikkje er ein Gud for døde, men for levande. ”Dei lever alle for han.” (Luk 20,38). I likninga om den fattige Lasarus og den rike mannen (Luk 16) er dei begge medvitne om kvarandre, men på kvar sin stad i dødsriket. Frå krossen seier Jesus til den eine røvaren at ”i dag skal du vera med meg i Paradis”. Paulus skriv i Filipparbrevet (1,23) at han ”har hug til å fara herifrå og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre”. Ein annan stad seier han at ”vi vil heller flytta bort frå lekamen og heim til Herren” (2 Kor 4 og 5). Det kan dermed sjå ut som om Bibelen lærer både om at sjela først kjem til himmelen, og så blir sjela gjenforent med kroppen når Jesus kjem tilbake og dei døde står opp. Eller?

Erling Utnem, som var biskop i Agder frå 1973 til 1983, var kjent for å vera tydeleg evangelisk og konservativ kristen med eit sterkt sosialetisk engasjement. Engasjementet for rettferd og etikk vart styrkt av at han trudde at himmelen skulle komma til jorda, og ikkje at me skulle komma til himmelen. Han diskuterer alle desse skriftstadene som eg nemner ovanfor, men kjem fram til at døden kan reknast som ein søvn som varer til Jesus kjem tilbake.

Eg veit ikkje heilt kva eg skal tru. Det viktigaste for meg er at når eg døyr, så er eg i Herrens hender, anten han tar vare på meg mens eg ”søv”, eller eg skal få gle meg i hans nærleik medan eg ventar på oppstoda.

Å lesa boka til Utnem på nytt i haust har uansett gitt meg eit nytt perspektiv på det kristne håpet. Trua på at Gud ein gong skal gjenskapa denne jorda har komme meir i framgrunnen igjen. Det må jo få konsekvensar for korleis me forheld oss til skaparverket. Me ber jo kvar dag i ”Fader vår” om at Guds rike må komma hit til oss, og at hans vilje må råda på jorda, slik som i himmelen.

mandag 4. oktober 2010

Levande steinar

Eg skulle hatt eit bilde av konfirmantane som deltok i gudstenesta på "5-aren" i Os kyrkje i går. Dei illustrerte preiketeksten frå 1 Peters brev 2,4-10, der Peter seier at me skal vera levande steinar som blir oppbygde til eit åndeleg hus. Konfirmantane bygde ei kyrkje med kroppane sine. Nokre var søyler, andre var veggjer og tårn, og med løfta hender laga dei eit tak.

Her følgjer utdrag av preika:

Å vera kyrkje er minst like viktig som å gå i kyrkja.

Me har nettopp feira at kyrkja vår her i Os er 140 år gammal. Mange ville opplevd det vondt om kyrkja brann ned, slik det skjedde i Kopervik. Likevel ville ikkje kyrkja i Os vore borte. “Kirken den er et gammelt hus, står om enn tårnene faller”, skreiv Grundtvig i den gamle salmen. Det er ikkje først og fremst bygningen som er kyrkja. Kyrkja er laga av levande steinar.

I Det gamle testamentet ser me korleis tempelinstitusjonen utviklar seg frå dei enkle altara som patriarkane bygde, via det flyttbare tabernaklet i ørkenen, til det store, flotte tempelet i Jerusalem. Dette var heller ikkje varig. To gonger vart tempelet lagt i grus, siste gong i år 70 e. Kr. Nokre år før denne siste, store katastrofen, hadde Peter skrive til dei kristne kyrkjelydane (dei kristne hadde jo ikkje lenger tilgang til tempelet): "Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud. Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus" (1 Pet 2,4-5).

Korleis byggjer me eit tempel av levande steinar her i Os?

”Kom til han, den levande steinen”
Det byrjar med at enkeltpersonar kjem til Jesus. ”Kom til han, den levande steinen”, står det. Kyrkja blir berre bygt opp av at enkeltpersonar blir frelst og kjem til Jesus, han som blir kalla den levande steinen, og hjørnesteinen i tempelet.

Struktur
Korleis blir me bygde opp til eit åndeleg hus? Eg trur det skjer best når me har eit samspel mellom storsamlingane i gudstenesta, mindre, nærare fellesskap, og heimane våre.

Eit hus må ha ein struktur. Det må ha ein plan, elles blir det berre ein haug med bygningsmateriale, eller lause steinar som ligg slengt rundt omkring. Heldigvis er Herren ein god arkitekt, og han byggjer kyrkja si etter ein god plan og set oss inn i ulike sosiale fellesskap. Og strukturen er desse fellesskapa som me finn i ulike former. Gudstenesta er ein type fellesskap. Familien er ein annan. Og så er det ulike andre grupper me er ein del av – bibelgruppe, misjonsforening, bønnegruppe, husfellesskap – me har veldig mange forskjellige namn på det. Men det er gjennom desse strukturane me blir oppbygde til eit åndeleg hus. Kanskje me kan tenka på dei ulike fellesskapa som rom i huset.
La oss ta for oss desse ulike romma:

Gudstenesta
Det er mange meiningar om korleis gudstenesta skal vera. 5-aren blei vel starta i si tid fordi ein ønskte ein form på gudstenesta som var annleis enn 11-gudstenesta.
Men uansett kva form me har på gudstenesta, så skal gudstenesta vera ein stad der me ”ber fram åndelege offer”, som det står i det bibelverset i 1. Peters brev. Kva tyder det?
Peter hadde ofringane i tempelet som bakgrunn for det han skreiv. Me er vande til å tenka at Jesus er Guds offerlam. Jesus vart ofra som Guds lam, for syndene våre. Derfor er det ikkje behov for fleire syndoffer. Han er ofra ein gong for alle.

Likevel skriv Peter at me skal ”bera fram åndelege offer”. Paulus skriv om det same, i Romarbrevet 12,1: Der står det at me skal ”bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer”. Det handlar om at alt me gjer med kroppane våre, skal vera til glede for Gud, og tena til oppbygging. Det handlar om at me ikkje skal skitna til kroppane våre med synd, og det handlar om å gjera kroppane våre tilgjengelege for Gud med alt me er og har, både i praktisk arbeid og nestekjærleik. Og når me er samla til gudsteneste, så handlar det om å bruka kroppane våre til Guds ære, anten det er at me spelar musikk for han, at me syng for Gud, eller at me deltar i bønn, bibellesing eller andre ting.

Gudstenesta er ikkje først og fremst for meg, men for Gud. Gud møter meg, sant nok. Han møter meg i ordet sitt, han tener meg med sakramenta, i dåpen og i nattverden, og gir meg sin nåde, men me må få fokuset der det høyrer heime, nemlig i møte med Gud. Me er her for å bera fram åndelege offer til han som har frelst oss, han som har gjort oss til levande steinar og som er med på å bygga sitt tempel.

Eg trur det er viktig at me diskuterer forma på gudstenesta. Eg trur det er viktig at forma på gudstenesta er tilpassa den tida me lever i og dei menneska som kjem, og derfor må me fornya oss. Alt treng ikkje vera slik det var for hundre år sidan eller 1700 år sidan. Men perspektivet må vera der: I gudstenesta ber me fram offer som Gud skal ta imot med glede.

Familien
Kor mange prestar er det i Os?
3? Det er berre dei som er offisielt tilsette i Os kyrkjelyd. Elles er det fleire andre med presteordinasjon, pensjonistar o.a. Men eigentleg burde me hatt minst 3000 prestar i Os - eller kanskje 16-17000. “Alt som har krope ut av dåpen, kan rosa seg av allereie å vera via til prest, biskop og pave”. Alle som er døypte, er ordinert til presteteneste.

Dette handlar om “det allmenne prestedømme”. Sjølv om me har ei ordning med at nokre av oss har ei særskilt teneste som prest, betyr ikkje det at me er spesielle i forhold til andre menneske. Alle kristne er prestar for Gud.

Derfor sa Martin Luther noko anna og, når han underviste om familien sin rolle: "Foreldra er apostlar, biskopar og prestar for borna sine, for det er foreldra som gjer dei kjende med evangeliet". Alle som er foreldre har eit kall til å vera prest for borna sine.
I GT står det om Job at han ofra brennoffer for borna sine kvar gong dei hadde hatt fest. ”Han stod opp tidleg om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild av dei. For han tenkte: ’Kanskje har sønene mine synda og spotta Gud i sitt hjarta’ ” (Job 1,5). Han tok åndeleg ansvar for familien sin. Job var prest for familien sin.

Det er viktig at fedrane er prestar for familiane sine. Mødrene og, men i dag er det fleire mødre enn fedre som tar åndeleg ansvar for borna. Heimen er ei lita kyrkje. Der er dåke prestar for familien dåkas. Eg seier ikkje at det alltid er like lett, og eg har slett ikkje alltid fått det til sjølv heller, sjølv om jobben min er å vera prest. Men eg trur det er viktig at me ikkje berre går i kyrkja, men at me er kyrkje der me er, både helg og kvardag.

Grupper
Dei siste åra har det vore mange forsøk på å organisera kyrkja på nye måtar. Den gode gamle soknestrukturen med geografiske kyrkjelydar har jo eksistert sidan middelalderen. Det er ikkje sikkert det er den einaste måten kyrkja skal organiserast på.

I England har dei noko dei kallar ”Fresh expressions of Church”. Med støtte frå biskopane prøver ein å finna nye måtar å samlast på. Ein plass er det kanskje forretningsfolk som har sitt viktigast gudstenestefellesskap midt i veka. Ein annan plass er det foreldre og born som møtest til uformelle gudstenester der leik er ein viktig ingrediens. Andre gonger er det studentar som kjem saman og feirar gudsteneste i den lokale puben. Her hos oss har me jo liknande ting – for nokre er Familiesamlingane i Nore Neset aktivitetshus ein del av rytmen i det åndelege livet. Det og er kyrkje, sjølv om me møtest i ein gymsal og prestekjolen er erstatta av treningsdrakten.

I det siste nummeret av Agenda 3,16 stod det om eit nettverk av huskyrkjer på Jæren. ”Bedehuskirken” kallar dei seg. Der samlar dei seg i større og mindre fellesskap i heimane, og kvar heim har ein huspastor, eller to viss det er eit ektepar. Ganske radikal måte å tenkja kyrkje på, der relasjonsbygging og disippelskap er viktigare enn offisiell kyrkjemedlemskap.

For vår eigen del trur eg at eit samspel mellom familie, gudsteneste og små grupper er den beste vegen å gå. Eg trur me treng både gudstenesta, bevisste familiar og smågrupper som går ut over familien. Me treng ein plass der me kan veksa og bygga kvarandre opp som kyrkjelyd. Ein plass der me er så trygge på kvarandre at nådegåvene kan veksa fram. Ein plass der me alltid kan invitera nye inn, så gruppa kan veksa og kyrkjelyden kan bli større. Ein plass der dei levande steinane får ein funksjon, slik at me blir bygde opp til eit åndeleg hus, der me kan vera prestar og bera fram oss sjølve som åndelege offer.

onsdag 22. september 2010

Berre på grunn av din nåde



Berre på grunn av din nåde,
berre på grunn av Guds lam,
får vi no lov til å komma,
berre ved blodet som rann.

Far, når du vinkar oss til deg,
vi kjem, på ditt ord.
Her får vi kjenna din kjærleik
i fellesskap rundt ditt bord.

Om du ville gøyma på syndeskulda mi
Kunne eg då verta ståande og gå fri?


Fritt etter Gerrit Gustafson

Denne omsettinga laga eg i sommar. Eg følte behov for å laga ein nynorsk versjon av den kjende songen, og eg hadde Rublevs bilde av Den Heilage Treeininga i bakhovudet medan eg skreiv.

tirsdag 14. september 2010

Konfirmantane er i gang igjen!


Her er nokre av konfirmantane i årets KRIK eXplore-gruppe klare til kajakkurs i Hauglandsjøen. Til helga blir det overnattingstur med kajakk og oselvar. Me gler oss! Dette er jo noko av det som gjer det ekstra kjekt å vera prest.
Fleire bilde på "Konfebloggen".

søndag 12. september 2010

Familieleir


Me har vore på familieleir på Brandøy denne helga, organisert av familiesamlingane i Os. Gruppa frå 5. -7. klasse hadde "bruer" som tema. Først lagde me bruer av kroppane våre, og så konstruerte me ei hengebru av tre og tau. Geir Skarding er jo så praktisk anlagt, så han kom opp med den ideen. Så snakka me litt saman om kva me treng bruer til, og at Jesus har laga ei bru mellom Gud og oss menneske.



Den årlege familieleiren er så populær at han blir fullteikna utan å bli annonsert utanom familiesamlingane. Familiesamlingane er lavterskel-samlingar på Nore Neset aktivitetshus om lag ein gong i månaden, med ein enkel barneandakt, kaffikos og leik i gymsalen. Brandøy ungdomsheim er ein leirstad som er eigd av Indremisjonssamskipnaden - den delen av Indremisjonsforbundet som omfattar Sunnhordland, Hardanger, Voss og Midhordland.

Sjølv har eg utruleg mange gode minne frå Brandøy. Her reiste eg på leir kvart år frå eg var elleve år gammal, og eg har fått viktige impulsar for trua mi. Eg tvilar på at eg hadde vore ein aktiv kristen i dag, viss det ikkje hadde vore for det eg har fått med meg på Brandøy, så eg føler eg står i stor takknemlighetsgjeld til dei som var leiarar den gong eg var ung.

mandag 9. august 2010

"Dåke lyge, dåke prestar!"

"Dåke prestar, dåke står i kyrkja og lyg kvar søndag, dåke". Det var eitt av søskenbarna mine som sa dette i sommar då me sat og drakk kaffi heime hos mor mi. Han fortalde meg om ein gammal original han kjende som hadde truffe nokre prestar på ferja ein dag. "Kva tid er det me lyg, då?" hadde ein av prestane spurt. "Jo, dåke seier 'meg, arme syndige menneske'. Det står jo i Bibelen at Gud skapte mennesket i sitt bilde, og då kan me ikkje vera arme og syndige". Kva prestane på ferja svarte på dette, det veit eg ikkje, men på søndag som kjem, skal me lesa tre forskjellige svar frå Bibelen. Jesus fortel ei likning om to søner som får ein jobb å gjera av far sin. Den eine seier nei, men angrar og gjer jobben likevel, medan den andre seier ja, men går ikkje. Apostelen Johannes skriv i det første brevet sitt at "seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill". Og i preiketeksten, frå Salme 32,1-5, seier David: "Så lenge eg tagde, tærtest eg bort."

Desse tekstane har eg å arbeida med denne veka. Tankar og idear tar eg imot med takk!
I går var eg på Austevoll og hadde gudsteneste i kyrkja på Storebø. Kjekt å komma litt rundt og sjå korleis dei har det andre stader i Midhordland prosti.

onsdag 4. august 2010

Kven skulle vi gå til?

"Herre, kven skulle vi gå til?" Slik byrja Peter svaret han gav til Jesus på vegne av dei tolv disiplane. Dei var blitt utfordra på om dei også ville gå bort, slik mange av dei andre disiplane hadde gjort. Denne veka arbeider eg med preiketeksten for kommande søndag (Joh 6,66-69).

Kven går nordmenn til når dei blir borte frå kyrkja? I Norge har me fritt val på øvste hylle, også når det gjeld religion. Sjølv om fleirtalet blir døypt, lærer borna om alle religionar på skulen, og er forvirra om kor dei sjølve høyrer til. Kanskje islam eller buddhisme er like bra, eller kanskje betre? Og kva er eigentleg skilnaden mellom Jesus, Muhammed og Buddha?

Offisielt blir dei fleste verande i kyrkja, og ingen er meir kristne enn nordmenn når me skal gravleggjast. Men kva trur me på, eigentleg? Ifølge ei religiøs undersøking av Eurobarometer i 2005 (), seier 32 % av nordmenn at dei trur på ein gud, medan 47 % svarar at dei trur på ei eller anna åndeleg kraft. Norge ligg langt nede på denne skalaen over gudstru, litt over Danmark og Sverige. I den andre enden av skalaen finn me den katolske øystaten Malta og det muslimske Tyrkia, der 95 % seier dei trur på ein gud. Det er tankevekkande at nokre av dei rikaste landa i Europa har lågast prosentdel som trur på Gud. Kanskje materialisme er den største religionen i Norge?

I Os stilte me forresten eit liknande spørsmål til konfirmantane mot slutten av konfirmanttida. Me spurde dei om lag 170 ungdommane - anonymt - om dei trur på Gud. Halvparten svarte at dei trudde før dei begynte som konfirmantar, og at dei framleis trur. Ein fjerdedel svarte at dei begynte å tru i løpet av konfirmanttida. Dette er svar som gir grunnlag for optimisme. Utfordringa blir å gi eit innhald til denne trua, "så dei kan verta verande hjå Kristus" som me seier det i dåpsliturgien.

tirsdag 3. august 2010

"Vil de og gå bort?"

Jesus hadde uttalt seg provoserande til folkemengda, og mange av disiplane slutta å følgja Jesus. No stiller han spørsmålet til dei tolv: "Vil de og gå bort?" Denne veka jobbar eg med preiketeksten for kommande søndag, som er Johannes 6,66-69.

Jesus opplevde at fleirtalet av jødane forkasta bodskapen hans. Etter oppstoda, derimot, vaks flokken av disiplar, først mellom jødane og seinare mellom "heidningane", dvs dei andre folkeslaga. I dag er situasjonen i Norge litt lik den Jesus opplevde. Det har vore store folkemengder som har fylgd Jesus. No, derimot, er det få som går regelmessig til gudsteneste. I gruppa mellom 18 og 30 år er det forsvinnande få som går i kyrkja. Det bør få oss til å stilla ein del spørsmål. Kvifor går folk bort frå kyrkja? Går dei samstundes bort frå Jesus? Kva kan me gjera for å engasjera dei som forsvinn frå kyrkja?

Rettar me blikket ut i verda, er situasjonen heldigvis ein annan. Det er lenge sidan Europa var det kristne kontinentet. Mens kyrkjene i Europa går tilbake, veks dei i resten av verda, særleg i Afrika, Sør-Amerika og Asia. Kvifor? Kva kan me læra av dei kyrkjene som veks?

Eg fann ei interessant nettside medan eg arbeidde med desse spørsmåla i dag. WhyChurch.org ser på dette frå eit engelsk perspektiv.

søndag 25. juli 2010

Ei fundamentert tru

Det ser ut til at Jesus vil at me skal vera fundamentalistar. Iallfall seier han at me må ha eit godt fundament for livet vårt og bygga huset vårt på fjell.

Nedanfor følgjer preika i Os kyrkje 25. juli 2010, med utgangspunkt i Matt 7,21-29

Ordet "fundamentalisme" er ikkje så populært i dag, for me assosierar det med muslimske sjølvmordsbombarar og terroristar, som dei som skaut og drepte to prestar i Pakistan nylig. Men det er jo ein feil bruk av ordet.
Opprinneleg blei ordet fundamentalistar brukt om konservative kristne i Amerika som ville halda fast ved ein del grunnleggande prinsipp ved den kristne trua. Seinare er det blitt brukt om konservative grupper i alle religionar, og no altså mest i forbindelse med terroristar, og det er jo synd at ordet er blitt ødelagt slik. For det å ha eit godt fundament, ei god grunnvoll for trua vår og livet vårt, det er jo viktig.

Eit godt fundament er viktig"
Gi meg eit fast punkt, og eg kan flytta heile jorda!" Arkimedes, den greske filosofen og matematikaren som levde eit par hundre år før Kristus, er kjend for mange ting. Han sa mellom anna desse orda. Han snakka om vektstongprinsippet. Og alle som skal flytta tunge steinar, veit at viss du har eit spett og eit fast punkt å støtta spettet mot, så kan du flytta på steinar som du aldri hadde klart å løfta med berre armane. "Gi meg eit fast punkt, og eg kan flytta heile jorda!"
På ein måte kan du seia at dette skjedde med disiplane til Jesus. Dei var ikkje mange, og dei var ikkje sterke, men dei hadde eit fast punkt i trua på Jesus, og med det faste punktet rokka dei ved grunnvollane til sjølvaste Romarriket, den sterkaste makta i verda på den tida. Og den kristne kyrkja har endra heile verda - på godt og på vondt - opp gjennom historia.

For kong David i det gamle Israel er det Gud som er hans faste punkt. I fleire salmar tar han det opp. Salme 62,8: "Mi frelse og mi ære har sin grunn i Gud. Han er mitt faste fjell, eg flyr til han".

Og Jesus brukar bildet om det faste fjellet når han skal forklara kor viktig det er at me ikkje berre lyttar til orda hans, men at me faktisk rettar oss etter dei og.
Det må vera forferdeleg å oppleva at flom eller jordras tar hus og heim frå deg, og kanskje til og med folk og. Me har opplevd det her til lands nokre gonger. No er det fem år sidan det store raset i Hatlestad terrasse. Og denne veka har me sett nokre få glimt av den store flomkatastrofen som skjer i Kina no. Når det ikkje skjer i Europa eller i USA er det jo ikkje så interessant nyhetsstoff for oss nordmenn virkar det som. Men det var skremmande bilde. Me fekk sjå korleis store betonghus berre blei tatt av vannmassane og raste ut som om dei skulle vore bygde av lego. Og det blir rapportert om at meir enn ein halv million hus er blitt øydelagde av flommen, og millionar av menneske er blitt huslause.

Dette vart for meg ein skræmande realistisk illustrasjon av det bildet Jesus brukte når han var i ferd med å avslutta Bergpreika si. Og me kan alle stilla oss det same spørsmålet: Korleis har du fundamentert livet ditt og trua di når den store stormen kjem? Vil byggverket halda, eller vil alt kollapsa?

Kva er fundamentet for vår tru?
Jesus er tydeleg på kva trua vår må vera fundamentert på: Det er hans ord, og spesielt dei orda han nettopp har talt, nemlig det han har sagt i Bergpreika, som me finn gjengitt i Matteus-evangeliet kap 5, 6 og 7. Den kloke mann, seier han, det er den som høyrer orda hans, og som set orda hans ut i praksis.

Kva betyr det for oss i dag?
Dette er jo både ein sterk advarsel og ei utfordring til alle som vedkjenner seg til den kristne trua. Først ein advarsel til alle som stiller seg fram som profetar - prestar, predikantar, forkynnarar og andre - om at ein dag vil det komme ein storm. Ein dag vil det komma eit oppgjer med alt som er falskt. Og den dagen risikerer me å bli stengt ute frå fellesskapet med Gud. "Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!"
Dette legg eit sterkt alvor over den offentlege tenesta med Guds ord, at me ikkje berre må ha ein fin fasade og ei tilsynelatande vellukka teneste, men at me faktisk må leva slik me lærer - eller rettare sagt: etterleva dei orda som Jesus lærer.
Og så er det ei utfordring for oss alle, uavhengig av kva slags teneste me har, om å ta Jesu ord på alvor.
Kva betyr det for oss å bygga på fjell i dag? Som enkeltpersonar, som samfunn og som kyrkjelyd?

Kva betyr det for oss som enkeltpersonar?
Er det verkeleg mogleg å leva med Bergpreika som rettesnor? Er ikkje det Jesus seier i denne talen berre overdrive, slik at me skal innsjå at me er syndarar og treng Guds nåde alle saman?
Det er sant at Bergpreika har overraska dei fleste som les henne. Og eg vil tru at dei fleste som samanliknar sitt eige liv med dei utruleg høge krava som Jesus stiller, dei vil innsjå at dei ikkje held mål. Ta for eksempel dette med drap og vreide (Kap 5,21ff)
De har høyrt det er sagt til fedrane: "Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal vera skuldig for domstolen." Men eg seier dykk: Den som blir sint på bror sin, skal vera skuldig for domstolen, og den som seier til ein bror: 'Din tosk!' skal vera skuldig for Det høge rådet, og den som seier: 'Din gudlause narr!' er skuldig til helvetes eld.
Er det i det heile tatt eit einaste menneske på jord som ikkje må seia seg skuldig etter ein slik standard?

Så det er nok sant at orda er meint å få oss til å innsjå at me alle er syndarar og treng Guds nåde. Og dermed kan me seia at me alle må grunnfesta trua vår i Jesus, han som gjer kvar av oss rettferdig, ikkje på grunn av gjerningane våre, men på grunn av Jesu blod. På grunn av det han gjorde for oss.
Men når det er sagt, så er det ingenting i Bergpreika som skulle tilseia at Jesus ikkje meinte det han sa Og han avsluttar heile talen sin med å seia kor viktig det er at me faktisk tar han på alvor, at me faktisk set orda hans som ein fast grunnvoll for trua vår og livet vårt. Men til det treng me hjelp frå Den heilage ande, for utan hans kraft kan me ingenting gjera.

Det norske hus
Kva betyr det for oss som samfunn å bygga huset på fjell?
Huskar de uttrykket "Det norske hus"? Det var Torbjørn Jagland som lanserte det uttrykket den gong han blei statsminister, i 1996. Det var eit fengande uttrykk, men Jagland fekk jo mykje mediekritikk i den tida han var statsminister, og det slo liksom aldri heilt an. Det blei nesten som månelandinga til Stoltenberg.
"Det norske hus" skulle vera eit uttrykk for verdifellesskapet i samfunnet vårt. Grunnmuren skulle vera verdiskapinga, dvs. økonomien, og så var det då søyler for viktige sider ved samfunnslivet.
Det er ikkje vanskeleg å vera enig i at økonomien er vesentleg for eit samfunn. Kanskje så viktig at det kan stå for sjølve grunnmuren. Men det som blir det avgjerande spørsmålet er: Kva står grunnmuren på? Er det grunnlagt på grådighet, på egoistisk sjølvhevding, eller er det grunnlagt på eit ønske om å bygga eit samfunn i fellesskap? Og det me dessverre ser i samfunnet vårt i dag, er jo at mens mange blir rikare og rikare, så blir fellesskapet fattigare og fattigare.
Mot dette seier Jesus i Bergpreika: Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Det er vel tvilsamt om Jesus hadde blitt anerkjent som så veldig politisk korrekt om det var i våre dagar han hadde komme til oss med dei same orda.
Men kva med "Det norske hus"? Vil "Det norske hus" verta ståande når dei vanskelege tidene kjem? Kva skjer når økonomien vaklar, slik me har sett på Island, og slik me ser det i Hellas? Kva gjer me når olja tar slutt om nokre år? Då treng me verdiar som er meir varige enn kroner og øre.
Då treng me orda frå Jesus i Bergpreika:
"Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta og kva de skal drikka, og kva de skal kle dykk med."
"Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de og gjera mot dei."
"Be så skal de få"
"Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg"

Kva betyr det for oss som kyrkjelyd å bygga huset på fjell?
Os kyrkjelyd er mangfaldig. Me har ein stor breidde i meiningar. Me er menneske med ulik bakgrunn, ulike erfaringar, ulike interesser. Desse ulikhetane skal me respektera.

Og så lever me i spenningsfeltet mellom dei få av oss som er regelmessig med på gudsteneste, og dei mange døypte som er sjeldan å sjå i kyrkja. Mellom dei som er ope bekjennande og praktiserande kristne, og dei som har eit uavklart forhold til trua - eller kanskje ei direkte negativ innstilling. Me er eit truande kyrkjelydsfellesskap og ein folkekyrkjelyd på same tid. Og me har eit ønske om at flest mogleg skal føla seg heime i kyrkja vår - det trur eg dei aller fleste av oss er enige om.

I dette spenningsfeltet beveger me oss. Me har eit budskap frå Gud, eit godt budskap, men også eit alvorleg budskap. Me vil gjerne vera opne og inkluderande i forhold til alle menneske, for me veit at Gud vil at alle menneske skal bli frelst og læra sanninga å kjenna. Men kva gjer me når det budskapet me har, støyter mot folkemeininga? Dette er det vanskeleg å forhalda seg til, for me vil ikkje støyta menneske bort frå kyrkja på feil grunnlag.

Så veit me likevel at evangeliet er ein støytestein for mange. Det er ikkje alt ved Bibelen sitt bodskap som blir tatt like godt imot av alle. Og me seier i den nikenske truvedkjenninga, som me av og til brukar, at me trur på ei heilag, allmenn og apostolisk kyrkje. Apostolisk, det betyr ei kyrkje som er bygd opp på grunnvollen av Jesus og hans apostlar. Då må me undervisa slik Jesus og apostlane underviser, som me høyrde frå Johannes første brev i dag, der han skriv om dei falske profetane: "Dei er av verda, difor er og deira tale av verda, og verda høyrer på dei. Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Slik kan vi skilja sannings ånd frå villfarings ånd."

Derfor må det alltid vera slik, i kyrkjelyden vår, at den som skal undervisa, må undervisa slik Bibelen lærer. Også dei sidene ved trua vår som ikkje er politisk korrekt til ei kvar tid. Guds ord må vera rettesnora vår i alt me gjer, frå barnearbeid til eldrearbeid.

Så er me sjølvsagt klar over at det er nyansar i korleis me forstår Skrifta. Me er ein stor kyrkjelyd, og her er fleire bibelsyn representerte, og så får me snakka saman om korleis me skal forstå det som er gitt oss i Ordet. Men for meg er dette fundamentalt: At arbeidet vårt i kyrkjelyden må vera grunnfesta i Guds ord,

Og så må det ikkje vera slik at me berre høyrer ordet, men også slik at me gjer etter det, slik også Jakob sa det i brevet sitt: "De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve".

I Bergpreika oppfordrar Jesus for eksempel disiplane sine til å vera salt på jorda og lyset i verda. Kvifor? Jo, slik at folk kan sjå dei gode gjerningane våre. Ikkje for at me skal få æra av det, men for at fok kan prisa Far vår i himmelen. Våre gode gjerningar - så sant dei ikkje er gjort for at me skal bli stilt i eit godt lys sjølv - våre gode gjerningar skal føra til at folk prisar Gud.

Men ikkje berre det - det er i seg sjølv ei gudsdyrking, som Jakob skriv i brevet sitt: "Ei rein og feilfri gudsdyrking for Gud, vår Far, er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda."

Jesus har mange utfordringar til oss i Bergpreika. Mange av desse utfordringane virkar beint ut umulige å setja ut i praksis. Likevel, i dag seier Jesus til oss at me skal ta orda hans på alvor, ikkje berre høyra dei og gløyma dei, men gjera etter dei og, slik at det kan bli med vårt liv som Jesus sa om den kloke mannen: Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

torsdag 17. juni 2010

Saman i bøn for Os


I går kveld var eg på tverrkyrkjeleg bønesamling i Eldstova på Kyrkjetunet. Der var kristne frå ulike forsamlingar og kyrkjesamfunn i lag for å lovsynga Gud og be til han for bygda vår. ”Saman i bøn for Os” arrangerar desse samlingane ein gong i månaden rundt om på ulike stader i bygda, og eg representerer Den norske kyrkja i denne samanhengen.

Neste gong Os kyrkjelyd er vertskap for dette, blir 3. og 4. september. (Sett av datoane!) Då blir det bøne-og lovsongshelg her. Fredag kveld skal kyrkja fyllast med lovsong, og laurdag formiddag blir det bøneseminar i Kyrkjetunet. Då får me besøk av Ruth Iren Grimstad, som er bøneleiar i Oase og med i styret for Nasjonalt Bønneråd, som du kan lesa om her.

Visjon for Saman i bøn for Os:
Me arbeider no med å utarbeida skriftleg den visjonen som me har for dette arbeidet. Førebels har me komme fram til denne teksten:

"Saman i bøn for Os" skal samla og inspirera menneske frå ulike kristne samanhengar til lovsong og forbøn for Os og såleis gjera Jesus synleg i bygda. Verksemda vert leia av ei kjernegruppe av medlemer frå ulike forsamlingar.
Bærebjelkane for visjonen og verksemda er einskap, lovsong og forbøn:
Einskap - Vi vil stå saman i bøn for å gjera Jesus synleg i Os.
Lovsong - Vi vil lovsynga Gud og såleis føra Os og folk som bur her, inn i Guds nærvere.
Forbøn - Vi vil løfta folket i bygda og deira behov opp til Gud i bøn, slik at dei kan oppleva Guds omsut og frelse.

Dessutan arbeider me med å formulera eit punkt om evangelisering, for me har fleire gonger sist vår hatt utadretta tiltak på Amfi-senteret.

fredag 28. mai 2010

4-åringane i kyrkja



På søndag kjem 4-åringane til Os kyrkje for å få Kyrkjeboka. Konsentrasjonen var stor i går ettermiddag då nokre av dei var i Eldstova saman med foreldre. Her fekk dei høyra om Jesus som ville vera venn med dei små, når disiplane hans ville hindra dei. Dei øvde også på nokre songar som dei skal synga i kyrkja på søndag.

mandag 24. mai 2010

Sanningsanden

Pinsedag vart eg nøydd til å stola litt på Den Heilage Ande. Sett slikt - eg fekk ikkje til å ta utskrift av preika mi, og det berre ei lita stund før gudstenesta i Os kyrkje skulle ta til. Er det ikkje typisk? Kan tru eg stressa. Måtte ta til takke med nokre halvskrivne notat - og sjølvsagt Den Heilage Ande.

Preiketeksten var Joh 14,15-21.

Vel - her er preika: Slik eg hadde skrive det ned kvelden før:

"Kor e alle helter hen?"

Det er Jan Eggum som syng det i ein gammal song.
Og i eitt av versa syng han om kameraten sin som "lot Mao styre", og som var så skuffa då sønnen gjekk ein heilt annan veg og valde Jesus.
Kor e alle helter hen?
Stå opp igjen
Stalin kom tilbake
Utakk e verdens lønn
Når ateistens sønn
Til og med ber aftenbønn

Kva er det som gjer at eit menneske plutseleg blir forandra, byrjar å sjå at det må vera noko meir i livet enn berre det me kan ta og føla på? Det er det pinsen handlar om.

No er det no slik at dei fleste ikkje er slik som han som Jan Eggum syng om, han som "lot Mao styre" og var overbevist ateist. Dei fleste har eit positivt forhold til kristendommen, eit overveldande stort fleirtal kjem til kyrkja for å la borna bli døypte - og det er me glade for. Like mange av ungdommane blir konfirmerte.

Me hadde forresten ei anonym spørreundersøking mellom konfirmantane no, der dei kunne svara på ulike spørsmål, om det hadde vore kjekt, om dei hadde lært mykje, osv. Eitt av spørsmåla var kva konfirmanttida har gjort med trua.
Meir enn halvparten svarte at dei trudde på Gud før dei begynte som konfirmant, og trur framleis. Det var jo kjekt. Men så var det ca 1/4 av konfirmantane som sa at dei begynte å tru mens dei var konfirmant. Det var like kjekt å høyra, at så mange seier dei har har begynt å tru i løpet av det året.
Det er jo dette pinse handlar om. Pinse handlar om å få augene opp for kven Jesus er. Og det er berre Guds Ande som kan gjera det.

Pinsefesten er jo til minne om det som skjedde i Jerusalem 50 dagar etter påske. Jesus hadde stått opp frå grava, han hadde vist seg for mange, og så hadde han fare opp til himmelen. Pinsedagen var ein jødisk fest på den tida, og då var disiplane samla i Jerusalem. Dei var samla på ein plass, tradisjonen seier at det var i heimen til Markus, og dei hadde eit bønemøte. Så kjem DHA med lyden av ein sterk vind, og dei ser eldtunger som deler seg og set seg på kvar av dei, og så byrjer dei alle saman å snakka på andre språk. Det blir eit veldig oppstyr, Peter held ein tale, og den dagen blir 3000 menneske døypte. (Her har me jo berre hatt 5 dåp i dag, det er jo ingenting samanlikna med den første pinsedagen i Jerusalem).

Den evangelieteksten me har lest i dag, der er det Jesus som fortel om DHA før han døyr. "Eg vil be Far, og han skal gi dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid." Jesus kunne jo ikkje bli verande med dei for alltid. Men han skulle senda ein talsmann, ein representant, og det er DHA. Anden si oppgåve, det er å blåsa liv i oss. Det er å opna augene våre, så me ser kven Jesus er.

Det er ikkje alle som får auga på DHA, eller Sanningsanden, som Jesus kallar han. "Verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera hos dykk." Det er ikkje alle som ser Sanningsanden, seier Jesus, men han har gitt oss eit løfte: "Den som elskar meg", seier han, "skal eg openberra meg for".

Det er ikkje alle som ser han, men alle som vil, skal kunna sjå han. Gud har jo gitt oss eit løfte om at han vil ausa ut sin Ande over alle menneske. Det gjeld oss, like mykje som dei som var i Jerusalem på den første pinsedagen.

For mange menneske er Bibelen berre ei samling gamle dokument. Ein bunke papir som ikkje gir meining. Og sjølv for dei som har kalla seg kristne heile livet, kan det av og til følast slik. Gudstenestene er kjedelege, og trua har lite å seia for dagleglivet, det blir meir som ein slags livsforsikring. "Hinsidige forsikring."
Forsikringsdokument er kjedeleg lesestoff. Eg får alltid store bunkar med forsikringsdokument kvar gong forsikringa skal fornyast. Men les eg dei? Nei.
Viss folk opplever Bibelen på same måten som eg opplever forsikringsdokument, då forstår eg at det blir vanskeleg å komma gjennom.

Men av og til skjer det noko merkeleg:
- Ein ungdom som lever eit fullstendig overfladisk liv får plutseleg djupare interesser. Leitar etter meininga med livet. Begynnar å bli interessert i Jesus. Fordi Guds Ande er begynt å gjera noko med han.
- Ein vaksen som har fått alt han kan få i dette livet, hus, hytte, båt, kone, barn og barnebarn, begynnar å lengta etter noko meir. Kan dette vera alt? Kva om eg døyr i morgon? Kanskje han tar den gamle Bibelen ned frå hylla, blæs støvet av han og begynnar å bla i han. Orda som før ikkje gav noko meining, begynnar plutseleg å bli levande. Fordi Guds Ande blæs liv i dei. Fordi Sanningsanden peikte på Jesus.
"Den som elskar meg, skal eg og elska og openberra meg for".

Gud auser ut sin Ande over alle menneske, men me må gå der vatnet strøymer.

Det er forskjell på åndelighet. Nordmenn reiser mykje, og møter åndelighet av alle kategoriar. Tar med seg heim suvenirar, kanskje ein statue av Buddha. Ikkje all åndelighet er frå Gud. Sanningsanden peikar alltid på Jesus. Akkurat som nåla på kompasset alltid peikar mot nord, peikar Guds Ande alltid på Jesus.
Kvifor skal me gå over bekken etter vatn? Pinse er høgtida som fortel at sann og god åndelighet er tilgjengeleg for alle som vil ha.

Det er også Anden som gjer at me blir i stand til å elska Jesus. Men me må ta imot, eller respondera. Korleis gjer me det? Eg trur det skjer gjennom dei mange små vala me gjer kvar dag. Gjennom det me ser og les. Bibelen er ei lukka bok for mange, men Anden kan gjera orda levande.
Det at så mange av konfirmantane seier at dei har begynt å tru på Gud i løpet av konfirmantåret, det viser at når me snakkar om trua, og når me deltar på ting som har med trua å gjera, då kan Guds Ande jobba med oss.

Me treng å gjera det vanleg å snakka om Gud. Me treng å la Guds ord påverka oss. La det bli vanleg med bordbøn og kveldsbøn heime. Få gudstenesta inn som ein vane om søndagen. Me treng å ta steg i tru for at trua skal veksa i oss.
Men det som er aller viktigast, det er å bli kjent med Jesus. "Den som elskar meg", sa Jesus, "skal eg og elska og openberra meg for".

mandag 5. april 2010

Påske på Liafjellet

2. påskedag var om lag 70-80 personar samla til friluftsgudsteneste på Liafjellet i Os.



Musikarar var Vegard Hodneland på melodika, og Solfrid Forstrønen Botnevik og Simon Bjørnevik på gitar.

søndag 4. april 2010

Påskenatt


I natt var eg ved den tome grava. Eg var i Os kyrkje saman med eit tjuetalls menneske som feira at påskehøgtida er begynt, at Jesus er stått opp.
Det var stemningsfullt og fint å komma inn i ei mørklagd kyrkje med påskelyset og sjå korleis lyset spreidde seg til alle som sat med kvar sitt stearinlys.

Eg håpar me kan få til ei slik gudsteneste neste påske og, og at det blir fleire som kjem og oppdagar kor fint det kan vera.

fredag 2. april 2010

Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?


Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret vara til den niande timen. Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst:
”Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?”
Det tyder: ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”


Mark 15,33-34 – utdrag frå Jesu lidingssoge som vart lesen i Nore Neset kyrkje i dag, Langfredag.

I dag, på Langfredag, står me ved det innerste mysteriet i den kristne trua. Me kan historia godt frå før, og likevel veit me ingen ting av det Jesus gjekk gjennom. Legevitskapen kan forklara den fysiske prosessen kroppen til Jesus gjekk gjennom i all mishandlinga, men kva veit me eigentleg om det sjelelege og åndelege mørket han opplevde medan han hang der på krossen?

Mange har spekulert på kva slags mørke det var som kom over landet i dei tre siste timane før Jesus døydde, frå kl 12 til kl 3 om ettermiddagen. Solformørking kan det ikkje ha vore, for det skjer aldri når det er fullmåne, som det alltid er ved påsketider. Kan det ha vore tunge og mørke skyer som skygde for sola, så det virka som at ho hadde gått ned, slik at det kjendest som den vonde dagen som profeten Amos skildra: ”Den dagen skal det henda, lyder ordet frå Herren Gud: Eg let sola glada middagstider, gjer jorda mørk ved høgljos dag” (Amos 8,9).

Kva det enn var, så var det ei mørk stund. Ei mørk stund for kvinnene som stod i nærleiken, for disiplane, som hadde sett sitt håp til Jesus, og for mor hans, som ein gong for mange år sidan hadde høyrt engelen fortelja at ho skullle bli mor til ein Frelsar, ein som skulle vera stor og kallast Son åt Den Høgste. Kunne Guds Son henga på eit kors og døy? Det var ein umulig tanke, men no såg dei det.
Så forstår me at for Jesus og må det ha vore forferdeleg vanskeleg. Me har kanskje lett for å tenka at Jesus må ha vore mentalt sterk gjennom alt dette – han var jo Gud, og visste alt om det som skulle skje etterpå. Men slik var det ikkje. Jesus òg var i eit djupt mørke. Når mørket hadde vart i tre timar, like før han døydde, ropte han ut i fortviling: ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?” Her ser me eit menneske som kjenner seg forlatt, åleine, redd. Mørket er totalt.
Det hender at me opplever slike mørke periodar i livet, der Gud kjennest langt borte. ”Sjelens mørke natt” er det nokon som kallar det. Trua kjennest svak, eller ikkje-eksisterande. Bibellesing blir eit ork. Bøna når ikkje lenger enn til taket. Nokre blir sinte på Gud, og i avmakt og fortviling gjer dei ting dei seinare angrar. I sånne situasjonar er det godt å sjå at ein ikkje er åleine om å ha det slik. Salmane, og andre bøker i Bibelen, viser oss at det går an å vera ekte i møte med Gud. Me treng ikkje forstilla oss og byggja opp eit skin av åndelighet for at Gud skal bli fornøyd med oss.

Men om me føler aldri så sterkt at Gud er langt borte, så er me aldri totalt forlatt av Gud. Når Gud lar oss komma inn i mørket, vil han og føra oss gjennom. Når me er midt inne det, ser me det ikkje, og me klarar heller ikkje å sjå noko svar på kvifor me opplever mørket. Men Gud er der, også i den mørke natta.

Men kva med Jesus og det mørket han opplevde? Kan det ha vore endå tettare enn det andre menneske går gjennom? Eg veit ikkje. Her står me ved mysteriet, det som gjer korset til ei gåte for oss. Kva innebar det for Jesus å vera forlatt av Gud? Kan Gud vera forlatt av Gud? Var det meir enn berre ei kjensle av å vera forlatt? Var Jesus faktisk heilt adskilt frå Faderen? Kan det ha vore den størsta smerten Jesus kjende på? Større enn dei fysiske plagene, og større enn det å bli audmjuka og spotta?

Kvifor måtte Jesus gå gjennom dette mørket? Eitt av mange svar, kan vera dette at Gud er heilag, som det står i Salme 22, den klagesangen som Jesus siterar: ”Og du er då heilag”. Kanskje eitt svar på kvifor Gud måtte skjula seg for Jesus for ei tid ligg akkurat i dette at Gud er heilag. For når Jesus hang der på korset, skuldfri som han var, så vart han gjort til synd. ”Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i han”, skriv Paulus (2 Kor 5,21).

Det gjer vondt å bli gjort til synd. Det gjer vondt å bli urettferdig skulda for å ha gjort noko gale – å føla at folk ser ned på deg og snakkar vondt om deg. Sjølv om det er småting, kan det svi. Og når Jesus vart gjort til synd for oss, har han bore børa av å bli urettferdig skulda for alt dette, og den heilage Gud måtte skjula sitt åsyn for han ei stund. Og dette måtte Jesus tåla, så me kunne få nyta lyset av Guds åsyn. Han måtte gå gjennom dei tre timane med mørke, og dei tre dagane i grava, så me for evig kunne få leva i lyset hos Gud. ”Kvifor har du forlate meg?” Noko av svaret ligg i dette: Han blei forlatt av Gud for ei kort tid, så me kan få nyta hans nærvær til evig tid.

onsdag 24. februar 2010

Sju gode grunnar til å be

Eg er ikkje så flink til å be. Det innrømmer eg gjerne. Det er andre ting som ligg lettare for meg, som å lesa eller å gjera noko praktisk. Derfor må eg minna meg sjølv på kvifor det er bra for meg å bruka tid til bønn. Nedanfor kjem ei liste med sju gode grunnar. Det finst nok mange andre gode grunnar til å be. Kva er din beste motivasjon for å bruka tid til bøn? Del det gjerne med andre her på bloggen!

1. Bøn er eit privilegium, ikke ei plikt (Hebrearbrevet 10,19-22).
2. Bøn hjelper mot bekymringar (Filipparbrevet 4,6)
3. Gud svarar på bøn (Matt 7,7-11)
4. Han me ber til, får me lov til å kalla’Far’ (Matt 6,9).
5. Jesus brukte mykje tid til bøn, og han er eit føredøme for oss (Lukas 5,16).
6. Bøn har stor kraft (Jakob 5,16)
7. I bøna får me komma slik me er, utan å gjera oss til (Luk 7,36-50).

På søndag 28. februar er det 2. søndag i faste. Tekstane me les i kyrkja den dagen handlar om å komma til Gud i bøn. Først høyrer me om profeten Elia på Karmelfjellet, som ber Gud senda regn (1. Kongebok 18). Så høyrer me frå Jakobs brev, at Jakob minner om kor stor kraft Elia si bøn hadde (Jak 5,16-20).

Kroppsspråk og bøn
Søndagens evangelium, frå Lukas 7,36-50, handlar om kvinna som kjem til Jesus mens han ligg til bords i eit selskap heime hos farisearen Simon. Kvinna gjer alle forlegne med måten ho opptrer på. Ho gret, og byrjar å væta føtene til Jesus med tårene sine. Så slepp ho ut håret sitt og brukar det til å tørka føtene hans med. Til slutt kysser ho føtene hans og smørjer dei inn med dyr salve. Simon meiner ho er ei hore, og at Jesus burde visst kva slags menneske ho var.

Jesus overraskar då alle med å anerkjenna det ho gjer. Ho veit at Jesus er ein som tilgir synd. Derfor kjem ho til han med det ho har: Tårene sine, håret sitt og salven sin. Det er jo akkurat dette som er bøn: Å komma til Gud slik du er. Kvinna bad til Gud gjennom kroppsspråket sitt. Så avsluttar då Jesus med å seia til kvinna: ”Trua di har frelst deg. Gå i fred”.

Farisearen Simon hadde ikkje bruk for tilgjeving, meinte han – iallfall ikkje frå Jesus. Derfor viste han heller ikkje Jesus nokon kjærleik. Men det er den som har fått ettergitt størst skuld som viser størst kjærleik. Kanskje er det slik at den største motivasjonen for å komma til Gud i bøn, er å vita kor mykje Gud har tilgitt, og kor stor skuld Jesus har tatt på seg.

Då blir det og ein nær samanheng mellom bøn og faste. I fasten følgjer me Jesus på veg mot krossen, som er grunnlaget for vår tilgjeving. Fasten er meiningslaus utan bøn og kjærleiksgjerningar. Bøn er å komma til Gud slik me er. Bøn kan også uttrykkast som kroppsspråk gjennom kjærleiksgjerningar, som når me tar beina fatt og går frå hus til hus med fastebøssene.

Elles kan det å bruka kroppen aktivt når me ber, vera ei praktisk hjelp. Når eg sit godt henslengt i godstolen og skal prøva å be, misser eg lett konsentrasjonen, eller eg sovnar rett og slett. Då kan det vera godt å uttrykka bøna gjennom kroppen: Me kan stå oppreist, me kan løfta hendene, me kan bøya kne, eller kva det enn måtte vera som gir bøna eit uttrykk. Og her er kvinna som kom til Jesus, eit føredøme for oss.

lørdag 20. februar 2010

Leirdueskyting


Dette må vel kallast eit frynsegode i prestejobben: Å få vera med konfirmantgruppa Explore på leirdueskyting! Fleire bilde og kommentarar på 'konfebloggen'.

tirsdag 9. februar 2010

7 tips til fastetida

På søndag er det fastelaven, morsdag og Valentinsdag, alt på ein dag. Tre gode grunnar til å eta godt og mykje, med andre ord. Så kjem blåmandag, feitetirsdag og askeonsdag. Dette innleier fastetida før påske, som i vår tradisjon er dei førti kvardagane fram til påskemorgon.

Det er mange måtar å fasta på. Her er nokre tips:

1. Avstå frå noko du føler deg avhengig av, t.d. kaffi, sjokolade, morgonavisa, internett eller eit TV-program.
2. Sett av tid kvar dag til å be og lesa i Bibelen eller ei åndeleg bok.
3. Øv deg på å leva enkelt. La bilen stå når du kan. Unngå luksus. Unngå å kjøpa mat på restaurant, og gi pengane du sparar til nødhjelp.
4. Et 'paradismat'. Adam og Eva var vegetarianarar før syndefallet. Du kan bruka fastetida til å søka tilbake til Guds opprinnelege vilje med mennesket. I Egypt,til dømes, et dei ortodokse kristne ingen dyreprodukt i fastetida før påske.
5. Vent med å eta til litt utpå dagen, om du orkar. (Ikkje viss du er gravid eller har dårleg helse!)
6. For dei aller sterkaste: Gå utan mat ein dag eller fleire.
7. Søndagar er ikkje fastedagar. Inviter folk som har dårleg råd, på ein god festmiddag.

Kva kristen faste er, og kvifor det kan ha noko for seg, kan du lesa her, i eit kapittel frå Richard Foster si bok ’Veier til glede’ (Celebration of Discipline).

tirsdag 2. februar 2010

Draumen om det enkle livet


Livet er altfor komplisert! Huset er fullt av rot, og avspeglar korleis det indre livet er i fullstendig kaos. Verda rundt oss er så kompleks at det er umogleg å finna samanheng og system i det. Kvar dag blir me bombarderte med inntrykk frå radio og TV, internett, aviser og reklame. Korleis skal me finna fred i ei slik kompleks verd?

”Declutter your life!” er eitt svar. Bli kvitt alt rotet! Rydd i kjellar og loft. Kast eller gi bort det gamle før du kjøper nytt – eller lar vera å kjøpa nytt. Ein av dei mest besøkte bloggane i verda, Zenhabits.net, er skriven av produktivitets-guruen Leo Babauta. Som namnet på bloggen tilseier, byggjer han ideane sine på filosofi frå zen-buddhismen. Det er heilt sikkert mange gode idear å henta frå det Babauta skriv, men sjølv har eg funne inspirasjon frå ei anna kjelde, nemlig den kristne forfattaren Richard Foster.

Enno har eg ikkje fått bort alle pappeskene med bøker og papir som me pakka ned då me flytta for vel eit år sidan, men sist eg rydda, kom eg over boka ”Freedom of Simplicity”, som eg kjøpte i England for 3-4 år sidan. Forfattaren, Richard Foster, har eigentleg bakgrunn frå kvekar-rørsla, men har skrive til eit breiddt kristent publikum i ei årrekke.

Boka handlar om enkelheit. (Eg hadde problem med å omsetja ’simplicity’ til nynorsk, og syntest ordet ’einfelde’ vart for gammaldags – kven går rundt og snakkar om ’einfelde’ i dag? Derfor landa eg på ’enkelheit’.) Kristen enkelheit handlar om å finna fred, midt i ei uroleg og kompleks verd. Det handlar om å finna fred med Gud og å vera avhengig av han. Det handlar om å la oss inspirera av Jesus og identifisera oss med dei svake. Det handlar om ein enkel livsstil som har utspring i ein indre tryggleik. Eg ser fram til å lesa boka på nytt.

onsdag 27. januar 2010

Kurs i trusopplæring

I går var det kurs i trusopplæring på Kyrkjetunet. Her er ein kort film som handlar om noko av det me lærte. Eg tenkjer at denne må me visa til foreldre og fadrar når me har dåpsførebuingsmøte med dei.

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...