Viser innlegg med etiketten Bibelen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bibelen. Vis alle innlegg

torsdag 1. september 2016

Bibel og kveldsmat på Roald

Onsdagskveldar kl 19-21 inviterer me til bibelgruppe heime hos presten i Øievegen 3 ved Joker Roald. 

Helga og eg har hatt mange gode erfaringar frå liknande smågruppefellesskap på dei ulike stadene me har budd tidlegare, og no startar me det opp i lag med eit vennepar.  Tanken er at dette skal vera ei gruppe der det alltid er plass for nye som vil prøva korleis det er.

Opplegget er enkelt:  Me byrjar med eit enkelt kveldsmåltid. Deretter les me dei tekstane som skal lesast i kyrkja komande søndag, og deler med kvarandre tankar me gjer oss om dette.  Til å hjelpa oss med samtalen, brukar me boka  «Mester, på ditt ord. Søndagstekstene 2016-2017». Før me går heim, ber me i lag for kvarandre og for bygda.


Så viss du saknar eit slikt fellesskap, er du hjarteleg velkommen! Det er for kvinner og menn uansett alder, og for både tvilarar og overbeviste truande.  Har du spørsmål, så kan du ringa meg på tlf 91325568. 

torsdag 28. januar 2016

Kvifor har Moses horn i panna?

Når den 22 år gamle Jacob Sørensen Giske-gaard, eller "Tavle-Jacob" skar ut altartavla i Giske kyrkje med kniven han hadde laga av ein gammal ljå, så lagde han Moses med horn i panna.   Kvifor har Moses horn? Stemmer det at det skuldast ei feil omsetjing av Bibelen? Det fekk eg lyst til å sjå litt nærare på denne veka, for ein av tekstane for komande søndag handlar om akkurat dette.  

Komande søndag er Kristi forklarelsesdag, og tekstane frå 3. rekke finn me her.   Den første leseteksten er 2. Mosebok 34,27-35.  Her står det at når Moses kom ned frå Sinaifjellet etter 40 dagar med dei to lovtavlene i hendene, då "stråla det av andletet hans, fordi Herren hadde tala med han"(vers 29).

By Jörg Bittner Unna - Own work, CC BY 3.0, $3
Den forklaringa eg har høyrt på kvifor Tavle-Jacob skar ut horn i panna på Moses, er at han har brukt tidlegare europeisk kunst som modell, og kanskje særleg Michelangelo sin kjende statue av Moses. Men kvifor horn? Skuldast det verkeleg at Hieronimus omsette teksten feil?

Hieronimus var ein teolog som levde frå ca 345 til 420 e. Kr. Han kom frå Italia, men levde store delar av livet sitt i Midtausten. Han lærde seg hebraisk, og er mest kjend for å ha omsett Bibelen til latin.  Omsetjinga hans er kalla for "Vulgata", og var den katolske standardbibelen i tusen år.

Det hebraiske ordet som han omsette med at det vaks fram horn, er verbet qaran, som har samanheng med substantivet qeren - horn.   Min hebraisk-kunnskap er nokså avgrensa, men ut frå det eg har lese meg til, kan det omsetjast både bokstaveleg - som horn - eller i overført tyding - som stråler av lys.  Denne jødiske rabbien meiner tydelegvis at Hieronimus bevisst valde å bruka den bokstavlege tydinga for å understreka den autoriteten Moses hadde etter møtet med Herren på fjellet.  Horn er symbol på autoritet.

Men på søndag skal me høyra om ein som har endå større autoritet enn Moses.  Velkommen til Vigra kyrkje søndag kl 11.00

torsdag 4. juni 2015

Kan ei bok om gamle manuskript vera spennande?

Kan ei bok om gamle, tørre håndskrifter på papyrus og pergament verkeleg vera interessant lesestoff?  Ja, det ser me jo på dei mange krim-bøkene som tar opp dette temaet - på meir eller mindre spekulativt vis.  Men Hans Johan Sagrusten har klart å gjera fagstoffet spennande også.

Krimforfattaren Tom Egeland skriv:" For en bok! Velskrevet, fengslende og intenst spennende - den rene vitenskapsthriller for alle som er fascinert av Bibelen, teologi og mystiske manuskripter".

Dette er jo ting me lærte på teologistudiet, så i og for seg er det ikkje noko nytt tema for meg,  men boka er lettlest og er ein god repetisjon.   Dessutan - og det er viktigast - så ser me liksom for oss dei gamle manuskripta på ein heilt annan måte enn når me berre ser ei liste med namn som A, B, D, p45, L, N osb. Dette er fordi han tar med så mykje bakgrunnsstoff som gjer stoffet levande for oss.

Forfattaren tilbakeviser også ein del innvendingar mot Bibelen, som t.d. dette at det var eit tilfeldig kyrkjemøte som avgjorde kva slags bøker som skulle vera med i Bibelen, eller at keisar Konstantin skulle ha revidert teksten til Bibelen på 300-talet.

Boka er anbefalt for alle som er interessert i å vita meir om korleis Bibelen er blitt slik me har han i dag.

Hans Johan Sagrusten:  Det store puslespillet.  Jakten på de tidligste manuskriptene til Bibelen. Verbum 2014.

fredag 16. januar 2015

Bibeldagen 2015

Foto: Tor Tjeransen

Kyrkja i Giske løftar fram Bibelen med fleire arrangement i månadsskiftet januar – februar.   Det byrjar i Godøy bedehuskapell søndag 25. januar kl 11.  Denne gudstenesta er ein del av Lys Våken-arrangementet for 10- og 11-åringar frå Giske og Godøya, og dei som går i 5. klasse får utdelt Bibelen.  Takkofferet går til Bibelselskapet og arbeidet som dei driv saman med Bibelselskapet i Egypt.  I år skal dei dela ut Lukasevangeliet til hundre tusen skuleborn.   Søndag 1. februar er det også takkoffer til Bibelselskapet i Giske kyrkje.  Bibelselskapet skriv at for berre 300 kroner kan ein klasse med 40 elevar få både Lukasevangeliet og ei oppgåvebok som følgjer med.

Torsdag 29. januar får me besøk frå Egypt.  Då er det møte i Valderøy bedehus kl 19.30, og dette er eit samarbeid med Valderøy indremisjon.  Det er Nashat Megalaa, informasjonsleiar i Bibelselskapet i Egypt som kjem hit saman med Bernt G. Olsen frå Det Norske Bibelselskap.  Dei vil fortelja om det store bibelarbeidet dei driv i Egypt. 




Video: Det Norske Bibelselskap

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...