Viser innlegg med etiketten Vigra. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vigra. Vis alle innlegg

lørdag 30. november 2019

Om adventstid og rett til arbeid

Vigra og Valderøy skulekorps spelte på julegrantenninga.
På den årlege julegrantenninga på Roald hadde eg ord for dagen, der eg snakka litt om biskop Stålsett, litt om mor mi og litt om Jesus: 

Det er godt å ha eit hus å bu i og eit arbeid å gå til.

Det tenkjer eg på no i desse førjulstider. 
Og det er ikkje først og fremst fordi eg sjølv har fått meg ny jobb.  Neste år skal eg jobba på bispekontoret i Molde.  Men eg tenkjer på dei som ikkje har rett til å tena pengar for å livnæra seg.  Dei papirlause flyktningane.  Dei som ikkje har fått innvilga rett til å bu i landet vårt, men som er livredde for å reisa tilbake.  Og utan jobb og inntekt, kan dei heller ikkje betala for ein plass å bu.

Tidlegare biskop Gunnar Stålsett såg eit menneske i ein slik situasjon, og han såg det som si kristenplikt å hjelpa henne til å livberga seg, så han gav henne arbeid, sjølv om han visste det var ulovleg.  Det er han villig til å gå i fengsel for.  Han gjorde det i sivil ulydighet mot ei lov som han meinte var ukristeleg. Og det er han villig til å ta straffa for.  Eg har slett ikkje alltid vore enig i alt biskop Stålsett har stått for.  Tvert imot. Men dette har eg stor respekt for.  Han har valt å lyda ein annan Herre enn fleirtalet på Stortinget.

Eg tenkjer også på noko som hendte ei mørk vinternatt heime på Stord for mange, mange år sidan, i åra like etter krigen.  Mor mi døydde no i haust, og i dagane før begravelsen sat eg og las noko ho hadde skrive om gamle dagar.  Der fortalde ho korleis det var då dei budde i ein trang, liten loftsleilighet nede på kaien.  Om kvelden banka det på døra.  Der stod ei splintakone og ein liten unge, og spurde om dei kunne få sova der i natt.  «Splintar», det var det dei kalte omreisande folk som ikkje hadde fast arbeid og fast plass å bu.  Dei skulle bli henta av ein båt dagen etter, men no hadde dei ingen plass å sova, fortalde dei.  Men mor mi sa nei.  Dei hadde ikkje plass, for no hadde dei fått besøk av svogeren hennar,  onkelen min, og han skulle sova på sofaen i stova.  Meir sengeplass hadde dei ikkje.  Så ho måtte spørja om husly andre plasser, sa mor mi.

Men så sat dei der inne og fekk ikkje ro i sjela.  Ute var det mørkt og kaldt.  Kva ville skje viss dei ikkje fekk husrom nokon annan stad? Etter ei stund gjekk far min ut og leita.  Då fann han dei nede på kaien, dei stod og hutra og fraus utanfor eit hus.  Skorne var gjennomvåte. Så fekk dei komma inn, likevel.  Ho serverte dei varm kakao og mat, og dei fekk ligga på sofaen i stova. Onkel fekk plass i dobbeltsenga attmed pappa og mamma. Dei var berre så utruleg takknemlige for at dei fekk ein plass å sova og varma seg, og om morgonen etterpå gav ho mamma ein visp som takk for hjelpa før dei reiste.

Så tenkjer eg på Josef og Maria og det vesle Jesusbarnet som måtte flykta til Egypt.  Eg trur nok at Josef fekk lov til å livberga seg og familien sin som bygningsarbeidar i dei åra dei budde i Egypt som asylsøkarar. Og eg trur at landet vårt har råd til å la slike såkalla «ureturnerbare» og papirlause menneske få lov til å jobba for å livberga seg.  For det er ein menneskerett å ha mulighet til å jobba for å livberga seg, slik også grunnlova vår slår fast.   

Det tenkjer eg på no i desse førjulstider. God advent!

torsdag 1. september 2016

Bibel og kveldsmat på Roald

Onsdagskveldar kl 19-21 inviterer me til bibelgruppe heime hos presten i Øievegen 3 ved Joker Roald. 

Helga og eg har hatt mange gode erfaringar frå liknande smågruppefellesskap på dei ulike stadene me har budd tidlegare, og no startar me det opp i lag med eit vennepar.  Tanken er at dette skal vera ei gruppe der det alltid er plass for nye som vil prøva korleis det er.

Opplegget er enkelt:  Me byrjar med eit enkelt kveldsmåltid. Deretter les me dei tekstane som skal lesast i kyrkja komande søndag, og deler med kvarandre tankar me gjer oss om dette.  Til å hjelpa oss med samtalen, brukar me boka  «Mester, på ditt ord. Søndagstekstene 2016-2017». Før me går heim, ber me i lag for kvarandre og for bygda.


Så viss du saknar eit slikt fellesskap, er du hjarteleg velkommen! Det er for kvinner og menn uansett alder, og for både tvilarar og overbeviste truande.  Har du spørsmål, så kan du ringa meg på tlf 91325568. 

torsdag 2. juni 2016

Litt statistikk om øyane våre

Til hausten skal me ha bispevisitas på øyane våre i Giske kommune.  Det betyr mellom anna at me må grava fram rapportar og planar og statistisk materiale.  Her kjem ein liten smakebit: 


Totalt innbyggartal i Giske kommune pr 1. januar 2016 var 8094.  Dei fordeler seg slik på øyane våre: Vel halvparten (4087) bur på Valderøya.  Ein fjerdedel  på Vigra (2061). Den siste fjerdedelen bur på dei to øyane Godøya (1131) eller Giske (788).  27 er ikkje oppgitt.

Talet på medlemer i Den norske kyrkja for 2015 var 6631.  Det tilsvarar 81,9% av folket, og 9 prosentpoeng meir enn landet totalt (71,9).

Me døypte nesten dobbelt så mange personar som me gravla i fjor: 103 mot 56.

Det var 22 vigslar i kyrkjene våre i fjor, mot 38 i toppåret 2009
.

søndag 13. mars 2016

Til Helvete og forbi.


Sist søndag gjekk kona og eg eit stykke på nordsida av Molnesfjellet. Der er det flotte strender og fantastiske steinformasjonar, jettegryter malt ut av bølgjer som bryt mot land, og steinar som gneg mot berget.  Denne staden skal visstnok ha namnet "Helvete".  Det finst vel mange liknande stader i landet med same namnet, vil eg tru.

Etter at me flytta til Roald på Vigra, har eg begynt på eit nytt turprosjekt:  Eg vil gå Vigra rundt langs fjørebeltet. Det er jo så mykje flott natur å sjå langs strendene på desse øyane våre her ute i havgapet. Så no tar eg for meg strendene stykke for stykke.  Eg starta ved moloen på Roald for eit par veker sidan, og gjekk eit lite stykke nordover, til Sandvika.  Så gjekk eg beine vegen heim.  Ein annan dag gjekk eg langs vegen dit eg slutta sist, og der heldt eg fram strandturen min. Og slik vil eg fortsetta til eg er tilbake dere eg begynte.  Det er ikkje om å gjera for meg å gå fort, men heller å få med meg detaljar i landskapet. Og så kan eg meditera over Guds skaparverk og be til han medan eg går.

I går gjekk kona og eg endå eit stykke langs nordsida av Molnes.  Når eg ser bølgjene der, så må eg tenkja på det andre verset i den nydelege salmen "Du er mi øy i havet, Gud".  Den står på nr 334 i den nye salmeboka.  Melodien er ein norsk folketone frå Rindal på Nordmøre, og teksten har Sverre Haltne dikta fritt etter ei keltisk kveldsbøn.  Andre verset lyder slik:

"Du er ein bårerygg som bryt,
der får eg sjå ditt velde.
Du er ei elv som roleg flyt,
ho er mi nådekjelde.
Du fjøre er og flod,
i rytmen finn eg ro.
Du er eit hav kring heile meg,
der er eg evig eitt med deg."




lørdag 1. mars 2014

Giske i fastetida


No byrjar snart den kristne fastetida:  Dei førti kvardagane frå oskeonsdag til påskenatta, då kristne tradisjonelt har avstått frå kjøt.  Mange meinar at ordet karneval kjem av det seinlatinske carne vale, som tyder «farvel til kjøtet». Faste kan definerast som å avstå frå noko godt for å oppnå noko endå betre. 


Fastelavnssøndag er det karnevalsgudsteneste i Valderøy kyrkje, med kyrkjelydspedagog Anne-Helen Roaldsnes som liturg. Same dagen er det «vanleg»  gudsteneste med dåp i Giske kyrkje.  Ja, ikkje heilt vanleg då, for konfirmantane blir spesielt delaktige i gudstenesta denne gongen. 

Feitetysdag (4. mars)  får konfirmantane besøk frå Kirkens Nødhjelp.  Etter skuletid møter konfirmantane frå Valderøya og Vigra i Valderøy kyrkje til undervisning om årets fasteaksjon.   Tradisjonelt er dette dagen då folk skulle eta restane av kjøt og annan feit mat.

Oskeonsdag (5. mars) er det gudsteneste kl 19.00 både i Johanneskapellet på Valderøya og i Vigra kyrkje.  I Johanneskapellet blir dette starten på ein serie kveldsgudstenester kvar onsdag fram mot påske.  Sidan soknepresten på Valderøya, Andre Sjåvåg skal på pilegrimsreise til Det heilage landet, blir tre av desse gudstenestene leia av diakon Berit Johansen og av underteikna.   I Vigra kyrkje blir det duka til langbordsgudsteneste på oskeonsdag.   «Lær oss å dekke et langbord i verden» blir temaet for denne kvelden, der konfirmantane har mykje av ansvaret.  Det blir bønevandring og eit enkelt måltid i denne gudstenesta, og takkoffer til Kirkens Nødhjelp.  

Sjølve fasteaksjonen går av stabelen tysdag 8. april, siste veka før Palmesøndag.  Då vil konfirmantane banka på dørene til husa på alle øyane i kommunen vår, og me håpar dei vil bli godt mottekne. 

God fastetid!

søndag 22. desember 2013

Julegudstenester for unge og eldre

Fjerde søndag i advent, og me er godt i gang med dei mange julegudstenestene allereie.  På bildet ser me nokre av dei mange som organist Runa Godø Sæther hadde fått med seg til å bidra  med song på gudstenesta i Godøy og Alnes bukollektiv i føremiddag.  Kjekt når unge og gamle kan komma saman og feira høgtida som nærmar seg.   I ettermiddag blir det tilsvarande gudsteneste på Vigra omsorgssenter.  Sist veke fekk eg med meg  tre skulegudstenester, og til saman blir det ni gudstenester totalt på ei veke, så det er litt travlare enn vanleg.   

Då vil eg ønskja ei god jul til min eksklusive "skare" av lesarar :) 

onsdag 18. desember 2013

Kven er målaren?

Tysdag 17. desember fortalde Kjetil Molnes til dei frammøtte frå Vigra sogelag og Vigra sokneråd kva han hadde funne ut om biletet i bakgrunnen:  Altartavla frå 1893, året før den nye kyrkja vart ferdig.  Det har lenge vore eit mysterium kven som hadde måla altartavla.  Nokre meinte det kunne vera Jonas Peson, som har måla mykje her på Sunnmøre.  Men etter eit liten sjekk, fann Kjetil snart ut at om det  var tilfelle, måtte Peson ha vore eit vidunderbarn, for i 1893 var han berre seks år.

Nede i venstre hjørnet på bildet, står nokre initialar som ikkje var heilt lett å tolka.  Etter mykje korrespondanse fekk Kjetil Molnes endeleg ei melding frå Riksantikvaren som sette saka i eit klårare lys.  Det vart etter kvart tydeleg at namnet på kunstnaren måtte vera Jacob Bratland frå Bergen (1859-1906).   Dermed er eit gammalt mysterium frå Vigra kyrkje si første tid oppklart i tide til 120-årsjubileet neste år.  

Her er kunstnaren portrettert av Christian Krogh.


Nye lampettar i Vigra kyrkje

"I 2014 har Vigra kyrkje 120 års-jubileum, og i det høve vil vi fornye kyrkja med nye lampettar, og våpenhuset med ny lysekrone. Lampettane som er der i dag, må skiftast ut fordi fleire ikkje verkar. I valet av nye lampettar har det vore viktig at dei skal vere i stil med den store lysekrona i kyrkjeskipet. Lampettane og lysekrona er handlaga ved erkebiskopen sin restaureringsverkstad i Vilnius. Målet er at alle lampettane er monterte i kyrkja til julegudstenesta i år."

Slik skriv soknerådet i eit brev som er delt ut til alle husstandane på Vigra.  Og no er lampettane komne på plass!    Her er nokre av medlemene i soknerådet opplyste av skinet frå lampettane tysdag kveld.  Frå venstre:  Bente Stornes, Heidi Røsvik, Gunnhild Vindvik Nordstrand, Sigrid Roaldsand og Odd Kåre Naalsund. 

 Gåvene er også byrja å strøyma inn.  Den 5. desember var soknerådsleiaren og eg på møte i Vigra kvinne- og familieforbund.  På vegne av soknerådet tok Gunnhild imot ein sjekk på ikkje mindre enn ni tusen kroner.  Også fleire privatpersonar har sendt gåver, og andre som måtte ha lyst til å gi, kan gjera det til kontonummer  3910.20.60796.  

Heile brevet frå soknerådet, kan du lesa her: Nye lampettar til Vigra kyrkje

lørdag 28. september 2013

"Heilag grunn" på konfirmantleir


«Heilag grunn» var eit gjennomgangstema for konfirmantleiren på Kjeldsund i september i år. 48 konfirmantar frå Godøya, Giske og Vigra var i lag på denne flotte leirstaden til Det Norske Misjonsselskap (NMS) frå fredag ettermiddag til søndag formiddag.  Så mykje fisk blei det ikkje, men veret var nokså bra innimellom, så me fekk bruka kanoane og robåtane både fredag og laurdag.  Maten var topp, konfirmantane kjempegreie, og med god hjelp frå foreldre blei konfirmantleiren ei god oppleving.  Konfirmantane tok sjølve ansvar for det meste av leik og moro.  Fredag kveld var det dei frå Godøya og Giske som hadde ansvaret, og laurdagskvelden styrte Vigra-gjengen showet.


Undervisninga tok utgangspunkt i Moses sitt møte med Gud ved den brennande tornebusken.   Korleis møter me Gud i dag?  Kva gjer me i møte med Den Heilage, og korleis talar han til oss no? Laurdag kveld laga konfirmantane ei flott gudsteneste med ulike grupper: pynting, drama, tekstlesing og bønevandring.   Ein song som gjekk igjen mange gonger i helga var «Burning tree/Holy ground» med det amerikanske «Desperation Band».

fredag 30. august 2013

Ein ny haust


Hausten er komen, og mange aktivitetar byrjar igjen etter sommarferien.  For meg har det allereie vore ein travel augustmånad på jobb, og i september blir det ikkje mindre å gjera.

Førstkommande søndag blir ein spennande dag.  Då blir det friluftsgudsteneste oppe på Godøyfjellet kl 15.00, i samband med at Godøy IL feirar sitt 50-årsjubileum.  Gudstenesta blir halden på nordsida av vatnet, like ved stien opp frå Alnes. Der skal det vera lett for helikopteret å landa.  Neida, eg har ikkje tenkt å sitja på i helikopteret.  Det er for å frakta opp utstyr, tunge musikkinstrument og dei som er dårlege til beins. Godøy brass blir med, og det er eg veldig glad for.  Så får me håpa at me ikkje bles og regnar vekk. 

Sist helg byrja konfirmasjonsførebuinga med presentasjonsgudsteneste i Godøy bedehuskapell. Søndag formiddag held me fram i Giske, og søndag 8. september skal konfirmantane på Vigra presenterast.  Same dagen skal min gode kollega André Sjåvåg ta til med Valderøy-konfirmantane.  I år ser det ut til at eg får 46 konfirmantar, og 28 av dei er på Vigra.  Det er alltid spennande å sjå kven dei nye konfirmantane er, og eg håpar me får ein god tone prest og konfirmantar imellom.  Eit par veker etter oppstart, 20.-22. september, skal me på leir.  I år går turen til Kjeldsund i Herøy kommune.    Kjeldsund er ein gamal handelsstad og gjestgiveri, som no blir driven av Det Norske Misjonsselskap (NMS). Leirstaden ligg ved sjøen, og her skal det bli fint å bruka eit par dagar til å bli betre kjende. 

September blir også tida for val.  Ikkje berre stortingsval, men også val på nytt sokneråd i Giske sokn, dvs. dei to øyane Giske og Godøya.  I år skal det veljast tre nye medlemer i soknerådet, i tillegg til varamedlemer.  Det må innrømmast at det nok ikkje blir noko spennande  kampvotering, så lenge ein har såpass få kandidatar, men det er viktig at folk er med og stemmer inn dei som har sagt seg villige til å stilla opp. 

I dag kom me som arbeider i kyrkja i kommunen vår heim frå stabstur til Geiranger.  Der har me hatt to dagar til å samtala om arbeidet vårt.  Det var godt å bruka litt tid i lag på dette, og me gler oss til å fortsetta arbeidet denne hausten.  Det er mykje som skjer i kyrkjene våre, både kvardag som søndag.  Velkommen innom, og sjå gjerne innom kyrkja sine heimesider for å finna ut om det er noko du kan engasjera deg i.


torsdag 31. januar 2013

Onsdagskveld i kyrkja


I går kveld var det godt å vera i Vigra kyrkje.  Det var "Onsdagskveld i kyrkja" for første gong.  Ja, det var det beste namnet me fann på.  Kanskje kunne me ha kalla det for "Pusterom", for mykje av tanken bak er å kunna opna kyrkja for nettopp eit pusterom midt i veka. I haust snakka soknerådet mykje om korleis me kunne bruka denne flotte kyrkja til meir enn berre gudstenester søndag formiddag ein gong i månaden.  Kanskje kunne me få til noko liknande som kveldsbøna ein har hatt i Johanneskapellet på Valderøya.  Ein komite vart danna, og ungdomskoret "Inspired" vart invitert til å bruka ein øvingskveld til dette eit par gonger i semesteret.  Med dirigenten Kathrine Grande Røsvik i spissen, tok dei ansvaret for alt det musikalske. 
Det vart halvannan time med lovsong, flotte songar ved koret, fleire vitnesbyrd og bønevandring med nattverd. 

Vigra bedehus ligg vegg i vegg med kyrkja. Mykje av den byggande aktiviteten i soknet skjer på bedehuset, i regi av Vigra indremisjon. Her er det eit rikt barne- og ungdomsarbeid, møteverksemd og husgrupper.  Og det er her ungdomskoret “Inspired” har øvingskveldane sine. Som sokneprest i Vigra ser eg på dette som svært positivt.  Til dømes er eg glad for å kunna tilby konfirmantane eit godt miljø å vera med i utanom den formelle undervisninga.  Denne vinteren har me også hatt mykje av konfirmantundervisninga på bedehuset.

Personleg har eg mykje å takka indremisjonsrørsla for.  Eg har vakse opp med eit godt samspel mellom kyrkje og bedehus, og kjenner meg heime begge stader. Forkynninga på bedehuset har eg alltid opplevd varm og inkluderande.  Ikkje fordømmande og hatsk, slik det ofte blir karikert i media, men med eit brennande engasjement om å få med seg fleire på vegen saman med Jesus. Dette engasjementet ønskjer eg velkomen i kyrkja, og eg er svært glad for samarbeidet me no har fått rundt “Onsdagskveld i kyrkja”. 

Neste gong det blir ein slik kveld i Vigra kyrkje blir onsdag 17. april.  I mellomtida kan me gle oss over fastegudstenester i Johanneskapellet  kvar veke frå askeonsdag (13. februar) og fram mot påske.  

lørdag 22. desember 2012

Klar til å feira jul?


No hadde det vore veldig greitt å kunna skriva at alle julepreikene no låg klare, ferdigskrivne og klare til å leverast frå preikestolen dei neste dagane.  Så kunne eg gitt uttrykk for at eg var vellukka og på hogget og hadde alt på stell.  Fullt så vel er det ikkje.  Men midt i ei hektisk førjulstid for presten, vart det tid til nesten ein heil fridag i dag, laurdag før jul.  Og det hjalp godt på at eg endeleg fekk klarhet i kva eg skal fokusera på i preika på juledag: Nemlig dei to fødslane som skjer når me feirar jul:  Gud let seg føda av eit menneske for at me menneske skal bli fødd av Gud. 

Elles er det mange som samanliknar det å preika med det å føda.  Ei kvinne vil sikkert protestera, og seia at det iallfall ikkje er så smertefullt som ein fødsel.  Heilt sikkert.  Men iallfall går du svanger ei stund med nokre tankar som veks inni deg, og når tida er inne, blir preika fødd – ikkje på papir eller i  PC, men i det øyeblikket orda blir avlevert.  I så fall har eg vore  svanger med femlingar den siste tida.  Den eine vart avlevert i to omgangar på julegudsteneste med skulane i Giske og i Vigra; søndag før jul skal eg feira gudsteneste på aldersheimen på Godøya; deretter blir det gudstenester både julaftan, juledag og 2. juledag.  Etter det er det min gode kollega André Sjåvåg som held fram åleine nokre dagar, så eg får fri i nyttårshelga dette året.

Korleis blir me klar til jul? Sjølvsagt er det alltid ting som skal gjerast.  I dag kom til dømes juletreet på plass i prestegarden på Valderøya.  Ein dag for tidleg i forhold til gamle familietradisjonar, men det var no kjekt å ha treet på plass når dei utflytta borna skulle heim.

Elles var det til god hjelp for julestemninga å vera med på fleire førjulsarrangement i kyrkjene denne veka. Barnehagegudstenesta i Vigra kyrkje var i så måte eit bra kick-off.  Borna hadde laga stjerner, som me hengde opp og pynta kyrkja med.  Og under preika til menighetspedagog Anne-Helen Roaldsnes fekk underteikna æra av å vera tredje vismann.  Fredag kveld var det “julenattiné” i den same kyrkja, med korpsmusikk og julesongar og mykje god julestemning.

Alt dette er med å gjera oss klar til jul.  Men framfor alt gjeld det å gjera klar eit rom i hjarta, der Guds Son kan ta plass og gjera sin gjerning i oss.  Slik at den fødselen som skjedde den gongen for lenge sidan, også kan skje i dag, i vår kvardag.

Kom, la min sjel dog finne
sin rette gledes stund,
at du er født herinne
               i hjertets dype grunn. 

onsdag 5. desember 2012

Vigra sigra!

På tide eg legg ut bildet av konfirmantlaget frå Vigra som fekk eit napp i vandrepokalen i Nattcupen i Ålesund siste helga i november.  Stor stas!  Også dei andre laga frå øyane i Giske kommune gjorde ein bra innsats. 


For min eigen del var dette ei ny oppleving.  Første gong på nattcup, faktisk.  Forvirringa var bortimot total i byrjinga, men det klarna etter kvart som eg fekk oversikt over banar og kamp-oppsett. Neste år skal me vera betre organiserte, så spørst det om pokalen får stå i Vigra kyrkje endå eit år, eller om me må levera trofèet frå oss.

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...