Viser innlegg med etiketten Midtausten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Midtausten. Vis alle innlegg

torsdag 3. januar 2019

Vegansk eller kjøt?


Debatten mellom veganarar og kjøt-etarar går friskt for tida. Men må det vera eit anten eller? Tradisjonell kristendom, t.d. som i den koptisk-ortodokse kyrkja i Egypt, har ein to tusen år gammal tradisjon med å eta vegansk mat til visse tider på året.

Ifølge ortodoks tankegang vender me tilbake til mennesket sitt opprinnelege kosthald når me et vegansk mat.  Mat utan kjøt eller andre animalske produkt er «paradis-mat», altså den maten dei første menneska fekk lov av Gud til å eta, slik Bibelen fortel i 1. Mosebok 1,29: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i.  Det skal de ha å eta.»   

Etter storflaumen, derimot, gjer Gud ei pakt med Noah og seier: «Alt som lever og rører seg, skal no vera mat for dykk. Som eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette.» 
Koptiske kristne fastar meir enn 180 dagar i året, og i mange av fasteperiodane avstår dei frå alle animalske produkt.  Gjennom å fasta frå dette, prøver dei å finna tilbake til noko av paradis-tilstanden i sitt eige liv.

Kanskje norske kristne kan gjera bruk av noko av denne tankemåten i diskusjonen om vegansk eller kjøthaldig mat?  Det er  jo mange gode grunnar til å eta mindre kjøt.  Dyrevern er ei side av saka:  Kjøtindustrien gjer dyra om til produkt som kjem ferdig pakka i plast i butikken, og mange er bekymra for om dei har eit godt liv før dei blir slakta.  Klima-endringar er ei anna viktig side: Kjøtproduksjon er ofte dårlegare for miljøet enn produksjon av frukt og grønsaker.   Men produksjon og import av visse typar grønsaker er heller ikkje alltid så miljøvennlig.  For min del hellar eg til at eit balansert kosthald med utstrakt bruk av kortreist mat – anten det er fisk, kjøt eller vegetariske produkt – er det beste alternativet.  Kvifor ikkje då avstå frå kjøt eit par dagar i veka og til visse tider på året? Onsdag og fredag har tradisjonelt vore fastedagar: Onsdag fordi det var den dagen Judas sveik Jesus, og fredag fordi han hang på krossen.   Kyrkja her til lands har også hatt lengre periodar for faste, t.d. dei førti kvardagane før påske, eller i adventstida før jul.  Kan dei gamle kristne fastetradisjonane visa veg i ei ny tid med nye utfordringar?

tirsdag 11. desember 2018

God bok om Midtausten etter "Den arabiske våren"

Eg har vore på leit etter ei bok som oppsummerer dei viktigaste trekka i moderne historie i Midtausten etter  den såkalla "arabiske våren" i 2011. Det har eg funne i "Brennpunkt Midtøsten" av Nils A. Butenschøn og Rania Maktabi (red.). Lånte boka på det nyopna biblioteket på Moa, og tok henne med meg på tur no i frihelga mi. Boka les historia med nokre viktige storbyar som prisme. Anbefalt!

søndag 18. februar 2018

Snart 30 år med misjon i Midtausten


Eg er på veg til Stavanger for å dykka ned i misjonsarkivet til NMS.  For snart 30 år sidan byrja Det Norske Misjonsselskap arbeidet sitt i Midtausten, og no skal eg skriva historia om dette misjonsfeltet.  Eg gler meg til å ta fatt! No har eg vore deltidsstudent ved Høgskulen i Volda i to år på masterprogrammet «Kulturmøte», og har gjennomført fire semester og like mange fag.  Eg synest det er kjempekjekt å vera student igjen, etter så mange år vekke frå skulebenken, og opplever at lesinga og arbeidet med semesteroppgåver så langt har vore veldig berikande for arbeidet mitt som prest.  Eg har fått repetert ein del kunnskap som eg har vore innom tidlegare, og så har eg fått lært mykje nytt stoff også.

Denne veka har eg tre studiedagar i Stavanger. Eg skal gå gjennom arkivstoff og sjå om eg kan finna ut kva som var dei viktigaste grunnane til at NMS valde å satsa på Midtausten som eit nytt misjonsfelt den gongen i 1990, og korleis prosessen var då dei valde samarbeidsorganisasjonar. Det byrja med støtte til organisasjonen «Middle East Media» i 1990. Tre år seinare sende dei ut dei første misjonærane – dvs. min eigen familie.  Arbeidet gjekk over i ein ny fase då den kristne satellitt-TV-stasjonen «SAT 7» vart stifta midt på 90-talet.   NMS har også samarbeidd med Bibelselskapet, med menneskerettsorganisasjonen «MIddle East Concern», og med ulike utviklingsprosjekt i Egypt.

For meg personleg har eg merka at eg er blitt meir oppglødd for NMS sitt arbeid etter at eg bestemte meg for å skriva om arbeidet i Midtausten, og det blir kjekt å komma i gang, kjenner eg.

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...