fredag 25. desember 2009

Ordet vart kjøt


Athanasius
I krypten under den store St. Markus-katedralen i Kairo ligg dei jordiske restane etter ein av dei største teologane i kyrkjehistoria. Athanasius var patriark av Alexandria på 300-talet. Navnet "Athanasius" betyr "Udøyeleg" på gresk, og sjølv om mange prøvde å skyva han til sides og få han til å tia, skulle han komma til å få svært mykje å bety for at kyrkja tok vare på trua på Jesus som Guds Son.
300-talet var ei turbulent tid på mange måtar. Dei kristne hadde endeleg fått religionsfrihet, men når dei ikkje lenger opplevde så mykje ytre forfølging, oppstod det indre splid. Ein av dei største konfliktane gjekk på kva ein skulle tru om kven Jesus eigentleg var. Var han Gud i menneskeform? Eller var han berre eit menneske som var spesielt benåda av Gud? Eller var han kanskje Gud og menneske i ein og same person? Ein av dei som skapte splid i kyrkja, heitte Arius. Arius meinte at Jesus ikkje kunne vera Gud. Det var ikkje logisk, meinte han. Dersom Faderen er Gud, må Sonen vera skapt, og dersom han er skapt, kan han ikkje vera like evig som Faderen. Athanasius såg at sjølv om dette kunne virka som ein logisk måte å forklara ting på, så gjekk det på tvers av det Bibelen seier om Jesus. For korleis kunne me verta frelste av ein gud som ikkje sjølv var Gud?
Athanasius fekk eit omflakkande liv. Dei aller fleste innan kyrkja støtta hans syn, men den romerske keisaren var ikkje så interessert i teologi. Han ville helst ha ro i kyrkja si, så han sendte Athanasius vekk i eksil heilt nord til det som i dag er Tyskland. Seinare fekk han komma tilbake, men berre for ei kort tid. Den prinsippfaste patriarken vart sendt i eksil ut av Alexandria heile fem gonger i løpet av dei 45 åra han styrte kyrkja. Likevel var det den trua han heldt fast ved som vart ståande som den felles kristne trua, fordi dei heldt fast ved det Bibelen seier om Jesus, og fordi dei heldt seg til det som hadde vore den felles kristne trua heilt sidan aposteltida.
Det som vart Athanasius sine udøyelege ord, og som ettertida huska han spesielt for, var desse: ”Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddommeleggjort”.
Men det var ikkje nye tankar, eigentleg. Andre kyrkjefedre før han hadde sagt liknande ting, og dei bygde sjølv på det evangelistane hadde lært dei om Jesus.

”I opphavet var Ordet”
Slik byrjar Johannes evangeliet sitt. Det er som eit ekko av dei første orda i Bibelen. ”I opphavet skapte Gud himmelen og jorda” les me der. ”I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud og Ordet var Gud” skriv Johannes. Når han bruker det greske ordet ”Logos” for å snakka om Jesus, så betyr det at han seier at Jesus eksisterte lenge før han vart fødd her på jorda. ”Logos” er eit filosofisk begrep som er mykje eldre enn kristendommen. Det er snakk om eit slags skaparprinsipp, me kan nærmast forklara det med den visdommen, den logikken som Gud skapte universet med. Kanskje enkelte av vår tids filosofar eller vitenskapsmenn ville brukt uttrykket ”intelligent design”. Johannes seier altså at Jesus eksisterte før verda vart skapt. ”Alt vart til ved han”, skriv han. ”Og utan han vart ikkje noko til”. Jesus er altså like evig som Gud sjølv. Og det var dette vår egyptiske venn Athanasius kjempa så hardt for å forsvara. Og denne trua, som er felles for alle kristne trussamfunn, kjem til uttrykk i den nikenske truvedkjenninga. Der vedkjenner me oss trua på Jesus som ”Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider, Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen.”

Ordet vart menneske
Dette skriv Johannes vidare i prologen til evangeliet. Det er det som er utgangspunktet for julefeiringa, ikkje sant? I kyrkjebladet lovte eg at det skulle bli litt meir å tygga på i gudstenesta juledag enn på julafta. Litt grundigare teologi enn i familiegudstenesta. Og det er jo dette med inkarnasjonen som er grunnen til at me feirar jul. Dette at Gud vart menneske og tok bustad mellom oss. Gud ikledde seg kjøt og blod.
Jul var eigentleg ikkje noko stor høgtid i dei første kristne tidene. Det var jo påske som var den store festen den gong. Fødselsdagen til Jesus var det ikkje så mange som brydde seg om. Men på slutten av 300-talet har me iallfall sikre historiske bevis for at i Betlehem, der feira dei fødselen til Jesus midt på vinteren. Og det var heller ikkje så unaturleg, for det var på 300-talet at at me finn den store teologiske interessa for ein gong for alle å bli enige om kven Jesus eigentleg var, i forhold til Gud Fader og Gud, Den heilage ande. Og så har den kristne julefeiringa spreidd seg ut over heile verda, sjølv om kanskje julenissen har overtatt mykje av hovudrolla i feiringa mange plassar, og det kan sikkert diskuterast kor mykje kristent innhald som er igjen, no når pengane får styra det meste.

Og vi såg hans herlegdom
Dagens evangelium blir avslutta med desse orda: ”Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som dne einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning”. Og litt etterpå skriv Johannes at ”av hans fullnad har vi alle fått”. Det var kanskje dette gamle Athanasius tenkte på då han sa at ”Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddommeleggjort”. I 2. Petersbrev står det same med litt andre ord: Der står det at me ”skulle få del i guddommeleg natur”.
Me pleier jo å seia at me menneske er skapte i Guds bilde. Det betyr at Gud skapte oss som ein refleks av seg sjølv, og at me skulle kunna kommunisera med Gud. Men så var det dette med Adam og Eva då. ”Kor lenge var Adam i Paradis”, seier me. Ikkje så veldig lenge. Gudsbildet i oss menneske vart på ein eller annan måte forvrengt. Me er ikkje lenger eit avbilde av Guds vesen, slik me skulle ha vore. Alle som har sett lite grann inn i seg sjølv trur eg vil kunna vera enig med meg i det.
Men i Jesus ser me Guds herlegdom fullt og heilt. Og når me er i Jesus, får me del i den same guddommelege natur. Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddommeleggjort.
Me syng i ein gammal nattverdsalme: ”Din saft har flytt meg i årene inn. Jeg knelte og drakk av din nattverdvin.” Me skal få tenkja så konkret om nattverden. På same måten som Guds Son vart inkarnert og tok bustad mellom oss i ein kropp av kjøt og blod, like verkeleg er Jesus til stades i brødet og vinen som me deler i nattverden, og me får del i hans guddommelege natur når me tar imot i tru det han har å gi oss. Ordet – det guddommelege skaparprinsippet – kom til oss og vart ein del av den verda me bur på.
Dette får konsekvensar for oss og for korleis me kan tenkja om jorda vår, om kroppane våre, om naturen, klimaet, fattigdom, misjon – mange aktuelle tema som me ikkje skal gå inn på i dag. Men det at Gud vedkjenner seg det skapte, at han går inn i det, gjer seg til eitt med oss, det har inspirert utallige kristne til å få ein tilsvarande innstilling til verda.
Det at Jesus forlot sitt komfortable liv, at han bøygde seg ned til oss, vart ein tenar for oss alle, at han vart sendt av Gud for å leita opp det fortapte og frelsa det, det får oss til å skjøna kor høgt han elskar oss. Og det er det som er det store i julebudskapet – at Gud sjølv kom til oss.
Til slutt vil eg berre nemna ein konkret måte me kan la oss inspirera til å vera med på den same bevegelsen, ut frå det komfortable livet hos oss sjølv og inn i livet til medmenneska våre: I ettermiddag, og andre og tredje juledag vil det vera ope hus i Kyrkjetunet, og der går det an å vera med, eller bidra med ei hjelpande hand, litt god julemat eller litt ved til peisen. Desse dagane ønskjer me at me kan legga til rette for gode møte mellom menneske, slik at me kan gi til kvarandre av det gode me har fått av Gud – han som sjølv gav sitt aller dyraste, sin eigen Son.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande
som var og er og vera skal ein sann Gud
frå æve og til æve.
Amen

lørdag 19. desember 2009

Tru i Egypt

Eg hadde akkurat ein chat på MSN med ein av mine egyptiske venner. Han som vart overfalt av det hemmelege politiet i haust, som eg besøkte på sjukehuset. Det går bra med han, og han får hjelp av venner til å komma seg til kyrkje.

Han fortalde om kva som rører seg blant kristne i Kairo for tida. Til dømes kunne han fortelja at Jomfru Maria har vist seg i byen - det er iallfall slik dei tolkar dette lyset som viste seg over kyrkja i ein fattig bydel for nokre dagar sidan:



Elles fortalde han om ein 'bowab', dvs. ein dørvakt i huset til ein venn av han. Denne dørvakten var blitt angripen og stukken med kniv seks gonger. Den kristne vennen hadde besøkt han på sjukehuset. Doktoren hadde sagt at han kom til å døy neste dag. Men ved legevisitten dagen etter, var han frisk, omtrent som ingenting skulle ha skjedd. Dørvakten er muslim, men gir Jesus æra for helbredelsen.

fredag 4. desember 2009

Adventskonspirasjon

Ein av mine kjepphestar er at advent ikkje er starten på julefeiringa. Det er starten på førebuinga til julefeiringa, og det er noko heilt anna. Tradisjonelt har advent vore ei fastetid, men no er det blitt ei festetid. Kjøtet skulle venta til julafta kl 6, og så skulle festen ta til. I Egypt held dei kristne enno på tradisjonen med å fasta i adventstida, og det var der eg fann kjepphesten min, som eg no tar fram igjen.

Tenk om me kunne ta jula tilbake frå Mammon! Det er slett ikkje umogleg.

Ein bloggar på Vårt Land sine debattsider har skrive eit innlegg med tittelen "Adventskonspirasjon". Han viser til den amerikanske nettsida adventconspiracy.org. Her er mange gode idear til korleis me kan gjera adventstida til det ho var meint å vera. Sjekk denne videoen:

lørdag 28. november 2009

Kjem Gud til København?

Toppleiarar frå heile verda samlar seg i København i desember. Kjem Gud?
I morgon skal eg preika over Salme 24 på familiegudsteneste i Os kyrkje, der speidarane deltar, mellom anna med å be for klimaet og for toppmøtet i Danmark. ”Lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, kan dra inn!” les me i Salme 24. Der står det også at ”jorda og det som fyller henne, verda og dei som bur der, alt høyrer Herren til,” og at dei som skal møta kongen må ha ” skuldfrie hender og eit reint hjarta”. Kanskje har me for mykje olje på hendene til å møta han?

Aldri før har klimakrisa blitt sett så tydeleg på dagsorden i kyrkja vår som no. Alle bispane våre reiser til København, og tusen menneske dreg over Skagerrak i båt. I kyrkjene våre blir me oppfordra til å be og ringa med kyrkjeklokkene på søndag. Tolv slag, fordi me er i tolvte time. Det er viktig at han som er mektigare enn den mektigaste president, rikskanslar eller statsminister, også er til stades på møtet, elles blir aldri toppleiarane samde om ein rettferdig klima-avtale.

Det er flott at kyrkja tar klimakrisa på alvor. Måtte me også visa det same alvoret når det gjeld å møta Jesus, når han ein gong kjem tilbake til jorda vår som ”Kongen, den herlege”.

onsdag 18. november 2009

Klimakrisa

Kva har filmen 2012, Noas ark, døypefonten og klimakrisa med kvarandre å gjera? Dei vart alle omtalte under gudstenesta i Os kyrkje sist søndag, som ein del av 'konfehelga'. Nedanfor er filmen me viste i gudstenesta:



Utdrag frå preika følgjer nedanfor:
I går spurte eg konfirmantane om dei hadde sett filmen 2012, eller hadde tenkt å sjå han.
Det var iallfall ein som hadde sett han, og han meinte det var ein dårleg film.
Det er endå ein av desse amerikanske katastrofefilmane, og han har Norgespremiere i desse dagar.
Dei som har laga denne filmen, har klart å skremma mange med å bygga opp eit massehysteri om ein katastrofe som skal skje i desember 2012. Ein katastrofe på linje med syndefloden som me kjenner frå Bibelen. Det som er heilt sikkert, er at filmskaparane tener mykje pengar, akkurat som dei gjorde då dei lagde filmar som ’Armageddon’, ’Independence Day’ og ’The Day After Tomorrow’.

Det som likevel ser ut til å bli meir og meir sikkert, er at verda står overfor ei klimakrise.
Ikkje så dramatisk som i katastrofefilmane, der alt skjer på ein dag, men på ein langsiktig måte som kanskje ikkje får store negative konsekvensar for oss, men som likevel påverkar folk i andre delar av verda.

Me har sett videoen om toppmøtet i København neste månad.
Klimaendringar trugar balansen i naturen.
Isen smeltar.
Havet stig, som følge av klima-endringane.
I andre delar av verda merkar dei konsekvensane av dette.
Dersom det er sant at vårt overforbruk er ei sterkt medvirkande årsak til endringane, kan me då trekka samanlikningar til syndefloden? På den måten at det er vår egoistiske livsstil som fører til at klimaet endrar seg?

Me kjenner den eldgamle forteljinga om Noah.
Han som bygde arken. Han og familien vart berga, saman med to av ulike slags dyr.
Mange har sett for seg korleis det må ha vore då Noah bygde arken, korleis folk må ha ledd av han og latterleggjort tiltaket hans, kanskje slik me har lett for å tenka no.
Me har det jo så bra. Kvifor skal me bekymra oss for framtida?

At det har vore store katastrofar i den gamle, førhistoriske verda, er det ingen tvil om. Bibelen er ikkje den einaste kjelda til slike hendingar.
Eitt døme: I Svartehavet ved Tyrkia har arkeologar funne landsbyar som ligg hundre meter under havflata, og dei meiner ein heil sivilisasjon vart overfløymd ved at havet steig og rann over frå Middelhavet ved Bosporosstredet ved Istanbul og inn i Svartehavet.

Me skal ikkje her og no spekulera i dette. Poenget mitt er å visa til den gamle forteljinga om Noah, han som bygde arken. For i den kristne trua er arken eit symbol på dåpen. 1. Pet 3,20 seier at i arken 'vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen.'
Eg vart for nokre veker sidan gjort merksam på at døypefontar ofte er åttekanta, nettopp for å symbolisera arken. Poenget er at dåpen bergar oss inn i kyrkja, som er som arken.
I Egypt er taket på kyrkjene forma som botnen på eit skip.
Tanken: Kyrkja skal berga oss frå det vonde i verda og føra oss trygt fram til himmelen.
Derfor er det viktig for kvar av oss at me tenker over om me fortsatt er om bord i dette skipet, eller om du har hoppa ut. Kanskje føler du at du berre heng på rek etter ei snor, og at det er på tide å komma om bord skikkelig. Konfirmasjonstida er ein mulighet du har til å tenka skikkelig over kva forhold du har til Gud og til den kyrkja du blei døypt inn i ein gong.

Men, sjølv om me er glad for å vera berga, så betyr ikkje det at me skal gløyma resten av verda. Gud har lova at det ikkje skal komma ein ny flom, sånn som den på Noas tid. Og til teikn på det, står det i Bibelen, gav han oss regnbogen.

Men likevel er det folk i dag som blir truga av at vatnet stig.
Dei kjenner det på kroppen. Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp går til å byggja flomsikre hus.

Filmen 2012 handlar om ein del rike og mektige menneske som først og fremst ville berga seg sjølv. Slik treng det ikkje vera. Det er ikkje me her i Norge som blir hardast ramma av klimakrisa. Tvert imot vil eit varmare klima ha positiv effekt på ein del ting. Men me treng ikkje berre tenka på oss sjølv.

Neste månad er det eit stort toppmøte i København. Møtet som mange har venta på lenge. Forventningane har vore høge – kanskje for høge. Likevel, mange håpar at dette møtet skal vera starten på ein prosess mot eit forpliktande samarbeid for å snu utviklinga.
Laurdag 12. desember reiser alle biskopane i kyrkja vår til København. Over 1000 menneske reiser i eit eige skip frå Oslo for å delta på konferansen. Det blir eit kjempeløft for å visa at mange ønsker å gjera noko.

Til slutt – det er mykje snakk om krise, og om klima-endringar og om å berga jorda. Me trur på ein Gud som har skapt alt dette, og eg trur at han ikkje vil stå stille og la oss ødeleggja alt saman. Eg er sikker på at han har ein plan for å berga skaparverket sitt – med eller utan oss menneske. Som me song i den første salmen i dag: ”Gud er Gud om alle land lå øde, Gud er Gud om alle mann var døde.” Gud er ikkje avhengig av oss, men me er avhengige av han, og me kan velja om me vil spela på lag med han eller ikkje. Han ønskjer å ha oss med på laget, for han er glad i oss. Han vil at alle menneske skal bli frelst, og eg trur han vil at me skal ha det godt på den jorda han har skapt, heilt til den dagen han skal gjera alle dei skapte ting nye.

lørdag 14. november 2009

Me vant ein kokk!

 
Det vart mykje meir enn eit plaster på såret etter bomturen på Bømlo sist veke, at bømlingen Bjørnar Alvsvåg Folgerø kom heim til oss og lagde ein fantastisk treretters middag i kapellan-bustaden i kveld. Bjørnar er kokk på Solstrand og spelar elles tuba i Os Musikklag, og det var då musikklaget skulle ha lotteri at tjueåringen stilte opp og lodda seg sjølv ut. Og den gevinsten fekk me! Kan tru me har gledd oss og sett fram til dette. Kjøpt inn dei lekraste ingrediensar og pynta og rydda huset til gjestene skulle komma.

Maten svarte til forventningane og vel så det! Tusen takk, Bjørnar!
Posted by Picasa

søndag 8. november 2009

Uteliv på Bømlo

Presten og kono var på hytto på Bømlo dinna helgo. Det var ein fin tur, for all del, Bømlo er jo eit ferieparadis. Men så hadde me tenkt oss ut for å innta ein bedre middag laurdagskvelden. Det er jo ikkje så ofte det skjer. Så kjørte me forventningsfulle til Bremnes sentrum for å sjå om me kunne finna ein serveringsstad. Først prøvde me Dolly Dimple's. Den var nedlagd. Så var det 'Horn Steak House' - om det var Big Horn eller Long Horn skal vera usagt, for meir stod det ikkje på skiltet. Men der var det stengt for kvelden pga bursdagsselskap. På Bremnes var det eit par andre plasser som serverte mat, men det frista oss ikkje så veldig med kebab. Så me kjørte til Rubbestadneset. For på Bømlo hotell var det jo restaurant, og der fekk me vel oss mat - trudde me. Nei, der hadde dei ikkje kokk den dagen, og dessutan stengde dei klokka fem om laurdagen. Hallo! Klokka fem?
Ja,ja, middag ville me ha, så kva skulle me gjera? Kjøra til Stord? Nei, det vart to pakkar Fjordland på næraste Kiwi-butikk! Litt tidleg med pinnekjøt, men likevel...

søndag 1. november 2009

Minnegudstenester i Os



I dag, på Helgemessesøndag, har det vore minnegudstenester i dei to kyrkjene her i Os. Me har minnast våre døde og tent lys for kvar av dei som vart gravlagde frå kyrkjene her. Os Blandakor var med i Nore Neset kyrkje, og Os Vocalis song i Os.

Nedanfor er tankane eg delte med dei frammøtte i dag:

Når me kjem saman i kyrkja i dag, så går tankane våre til dei av våre kjære som har gått bort, eller me tenker på nokon som har misst ein dei var glad i. Og me skal særleg minnast dei som er gravlagde her frå denne kyrkja det siste året, men fleire av oss ber nok med oss minnet om andre kjære som me saknar i livet vårt, og som er døydd frå oss tidlegare, eller gravlagde ein annan stad enn her.

Sorga er ein del av livet vårt. Me kjenner på saknet – det er eit ansikt som er borte, ei stemme som me ikkje høyrer meir, eit rom eller ei seng er tom. Me tenker på at me aldri meir skal få sjå den personen igjen i dette livet, og det gjer oss triste. Då er det naturleg at me feller tårer og føler på sorg. Hos nokon av oss er denne sorga som ei knugande hand som lammar oss totalt, og hos andre er det som eit mildt vemod. Kvar av oss kjenner det på ulik måte. Me er forskjellige som menneske, og situasjonen vår er ulik. Men Gud ser deg og din situasjon, og veit korleis du har det.

Fredrik Wisløff, den kjente presten og forfattaren som døydde for meir enn 20 år sidan, sa i ei bok om sorg at kjærleiken og sorga står kvarandre nær. ”Den som ikke kjenner kjærlighetens lykke, vil heller ikke få smake sorgens smerte. Sorgen vil bli like dyp som kjærligheten har vært sterk.”

Me har tidlegare vore gjennom ei gravferd. Gravferda handlar først og fremst om å ta avskil. Me overlet våre kjære i Guds hender og gir dei frå oss. Det er ein viktig del av sorgprosessen, å ta avskil, det å innsjå at dei ikkje lenger er saman med oss, slik som før. Der og då kan det opplevast svært tungt, nærmast brutalt, men på lengre sikt er det godt for oss at avskilen blir gjort.

Likevel er ikkje avskilen total. I dag blir me minna om at dei likevel er ein del av vårt liv, om enn på ein annan måte enn før.

Eg vil lesa nokre ord frå Matteusevangeliet. Det er kjende ord av Jesus, frå Bergpreika i Matt 5 (1-10):
(Eg les)

Me kan undra oss over noko av det som Jesus seier her: ’Sæle dei som sørgjer’, seier han. Det ordet, ’sæl’ eller ’salig’, det betyr jo ’lukkeleg’ eller ’velsigna’. Og når me nettopp har mista ein av våre kjære, så føler me oss langt frå lukkelege. Likevel seier han ’Sæle dei som sørgjer’. Men han sluttar ikkje der. Han fortset setninga og tilføyer, ’dei skal bli trøysta’. Dei som sørgjer i dag, skal ein dag bli trøysta. Derfor kan dei vera sæle midt i sorga. Det er vel noko av det same Paulus er inne på når han seier at me ’ikkje skal sørgja som dei andre, dei som er utan håp’. Sorga er der, men det er ei sorg som har eit håp. Og då går det an å vera sæl, midt i det som er vondt og vanskeleg. ’Syrgjande, men alltid sæle er me i vår kristentru’. Slik syng me i ein gammal salme av Elias Blix.

Den trøysta Jesus snakkar om, er himmelriket. ’Sæle dei som er fattige i si ånd, himmelriket er deira’ Slik byrjar saligprisningane. Her er det ikkje snakk om fattigdom i kroner og øre, men den fattigdom i ånda som innser at ein har bruk for Gud og hans tilgjeving. Ein fattigdom i ånda som gjerne og fører til sorg over sin eigen svakhet, sorg over sin eigen menneskelege begrensing, sorg over si eiga synd. Men ei slik sorg skal ein dag finna trøyst i Guds tilgjeving.

Saligprisningane er ein tekst som høyrer heime i dag, på Helgemessesøndagen, eller Allehelgensdag, som me og seier. På ein dag då me minnest dei døde. Men teksten handlar ikkje om døde menneske. Det er skrive til menneske som er levande, og det handlar om menneske som er levande. Jesus seier det sjølv ein anna stad, at Gud er ikkje ein Gud for døde, men for levande. Det gjeld også dei som er døde i Herren.

Det er ein song som uttrykker trua på det evige livet hos Gud så fint, og det er den enkle songen ’Ein fin liten blome’. La meg sitera dei to siste versa av den songen:
Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud!
Ja glad skal eg vakna hos Jesus eingong
i morgonen æveleg klår,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når!


Det er sagt mange gonger før, men me kan godt gjenta det: Altarringen i kyrkja er ofte ein halvsirkel, på framsida av altaret. Me kan tenka oss at sirkelen fortset på baksida av altaret, og at der er dei som er sovna inn i døden. Og i nattverdliturgien seier me at me vil blanda våre røyster med englane, dei som lovsyng Guds herlegdom natt og dag, og med Guds kyrkje i himmelen og på jorda. Gud har si kyrkje både i himmelen og på jorda. Han er ein Gud for levande. ’Eg er oppstoda og livet’, seier Jesus. ’Den som trur på meg, skal leva om han så døyr, og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy’.

Det er dette som gjer at me kan vera sæl og lukkeleg midt i sorga.
Så skal me la denne trua få hjelpa oss til å komma gjennom dei vanskelege dagane.
Sorga og saknet er framleis der, i større eller mindre grad, men det vil bli lettare å bæra, for det er ikkje ei sorg som er utan håp.

tirsdag 27. oktober 2009

Skjelvande kne

Eg skjelv i knea for tida. Turen opp til Svenningen med konfirmantane var litt stor belastning på mine utrente fiskebolle-musklar. Særleg nedturen, med ekstra mykje bagasje på ryggen, gjorde utslaget. Elles var det ein fantastisk tur, for alle saman, trur eg. Eit par bilde frå turen ligg inne på 'konfebloggen'.

Elles skjelv eg litt i knea for oppgåvene som ligg føre meg denne veka. Gravferder, vigsel, andakt på misjonsmessa på laurdag, og ikkje minst minnegudstenestene i Nore Neset og i Os på søndag. Særleg det å snakka til menneske i sorg, er ei vanskeleg oppgåve, føler eg.

Kanskje eg kan søka hjelp i orda til profeten Jesaja:
Styrk dei kraftlause hender,
gjer dei skjelvande kne sterke!
Sei til dei urolege hjarto:
Ver frimodige, ver ikkje redde!
(Jes 35,3-4a)

Det var forresten ein som sa det slik ein gong: "Det er betre å stå skjelvande på sikker grunn enn sikker på skjelvande grunn".

Med ønske om ei god veke til deg som les.

lørdag 17. oktober 2009

Me treng ei kreativ tru

Den siste veka har det kome fram kritikk i lokalavisa mot dei kristne ungdommane som brukar dei beste åra av sitt liv på å vitna om Jesus for ungdommar her i Os. Søndagens tekst om dei fire vennene som braut opp eit tak for å bæra ein lam mann til Jesus, fortel meg at me treng ei kreativ tru, sjølv om det provoserer enkelte menneske.
- Jesus sjølv provoserte ofte folk, både med det han gjorde og med det han sa. Det gjorde han denne dagen og. Kva var det som stod i teksten? ”Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: ’Son, syndene dine er tilgjevne’” . Det var provoserande for ein del av dei som sat og høyrde på. Kven andre enn Gud sjølv kunne tilgje synd? Dette er jo blasfemi! Men Jesus gjorde det for å få fram eit poeng, at han faktisk hadde makt til å tilgi synd, fordi Jesus var eit bilde av den usynlege Gud. Og når du og eg ser på Jesus i tru, då kan han tilgi oss vår synd.
Kreative løysingar skapar ofte debatt, og irriterer ein del folk i dag og, akkurat som den gongen.

For 40 år sidan innførte Ten Sing-bevegelsen trommer og elektrisk gitar i kyrkja. Det irriterte ein del folk, men i dag er det ein sjølvsagt ting.

I dag går ungdommar ut på gata og kjem i kontakt med folk. Dei snakkar med ungdommar om Jesus, og når det er naturleg, hender det at dei spør om dei skal be for ein vond fot eller ein rygg eller andre ting som ungdommane er plaga av. Det irriterer ein del folk at dei går der ute, men eg trur Jesus vil rosa trua deira. Problemet no for tida er ikkje at det er så fullt i kyrkja at folk ikkje kan komma inn. Problemet i vår tid er heller at me stenger Jesus inne i kyrkja, og i eigne religiøse rom. Han er ikkje ein del av kvardagen til folk i Os. Derfor må me ta Jesus ut der folk er, anten det er i form av diakoni, evangelisering, trusopplæring, eller andre ting. Me treng ei kreativ tru, ei tru som stimulerer til handling slik dei fire vennene til den lamme hadde.

lørdag 10. oktober 2009

Det hemmelege politiet kjem paa besoek

(Beklagar at eg ikkje har visse norske bokstavar paa tastaturet mitt)
I dag var eg paa sjukehus i Kairo. 'Samir', ein venn av meg fraa den gong me budde i Egypt, havna der for tre dagar sidan, fekk eg vita fredag kveld etter gudstenesta. Det hemmelege politiet hadde storma inn i huset hans. Fem mann kasta seg over han og skamslo han, og endevende alt i huset mens dei leita etter ting. Daa dei ikkje fann noko av interesse, drog dei han med seg til ein annan plass og slengde han ut paa gata med knekt fot. Heldigvis fekk han ringt til ein annan venn, ein kjent egyptisk kunstnar, som fekk soerga for at han kom seg paa sjukehus og betalte 2000 kroner i inngangspengar. Heldigvis finst det enno gode samaritanar mellom oss. Det var han som fortalde meg om kva som hadde skjedd med vaar felles venn.

I dagmorges tok eg derfor Metroen inn til sentrum av Kairo og gjekk ut til sjukehuset. Fann ut at visittida ikkje var foer ein og ein halv time seinare, saa eg fann meg ein plass i skuggen av nokre tre og satt og slappa av for meg sjoelv og saag paa folkelivet, paa gatefeiarane som arbeidde seg meter for meter bortover, paa mannen som hadde ansvaret for parkeringsplassen, paa alle som gjekk til og fraa sjukehuset, nokre i vestlege klaer, bukse og skjorte, andre i egyptisk 'gallabiya', eller ein lang kjortel. Til slutt fekk eg betala dei to kronene det kosta aa sleppa inn paa sjukehuset, og fann fram til etasjen og rommet der 'Samir' laag. Eg hadde ikkje sett han paa 8 aar, saa det var eit hjerteleg gjensyn, men han hadde det ikkje godt. Han foeler seg nedfor, redd og uroleg. Ser ikkje noko framtid for seg sjoelv i Egypt, men kva elles skal han gjera?

Eg spurde han kvifor dette skjedde med han, men han ser ikkje noko spesiell grunn, anna enn at han blir forfylgd fordi han er kristen. Naboane likar han ikkje, seier han. Sjoelv trur eg det er ein kombinasjon av fleire ting. 'Samir' er kunstnar, halvt fransk og har langt haar og skjegg. Han passar ikkje inn i det egyptiske samfunnet, som er veldig intolerant for alle som er annleis. Eg er glad eg fekk hjelpa han litt i den vanskelege situasjonen han er i no, og glad for at kyrkja her nede ikkje kjem til aa gloyma han heller.

I natt reiser me tibake til Noreg etter ti dagar i Egypt. Det var rart aa komma tilbake hit etter meir enn 8 aar. Mykje var det samme , men ting hadde endra seg og. Gatene var om mogleg endaa meir kaotiske enn foer. Det var like varmt, og like stoevete som me kunne huska. Pyramidane sto der enno :D
Desse dagane har me sett alle dei gamle plassane der me gjekk daa me budde her, besoekt den gamle husverten vaar, budd hos fleire av dei utanlandske vennene vaare, men gjort lite 'turistting', bortsett fraa den obligatoriske turen til pyramidane.

Saa er det tilbake til Os, til konfirmantar, gravferder, gudstenester og alt anna som hoyrer med til prestelivet.

onsdag 23. september 2009

Explore-gruppa på kajakktur


Forrige veke var Explore-konfirmantane på tur med kajakk. Først var det kurs i grunnleggande teknikk og øving i å velta og krabba opp i kajakken igjen. Akkurat det fekk eg bruk for!
Les meir på den nye 'konfebloggen'.

tirsdag 22. september 2009

Misjonskvinna


Oppe på St. Hans-haugen bur Kari Aadland. Ho er ei av dei som var med og starta misjonsmessa i Os for 30 år sidan, (som i år er i Kyrkjetunet laurdag 31. oktober) og stiller gjerne opp for eit intervju. Som den gode misjonskvinna ho er, har ho kaffien klar når ho får besøk, og me set oss ned ved stoveglaset med den nydelege utsikta over Osøyro.
Les meir på Misjonsbloggen.

torsdag 3. september 2009

Om miskunnsame samaritanar


Korleis skal eg preika om den miskunnsame samaritanen på søndag? Det er ikkje lett når eg føler meg meir som presten eller levitten, dei som gjekk forbi mannen som var slått ned av røvarar. Me blir så lett kyniske i møte med mykje naud. Det er vondt å ta inn over seg andre sin smerte, og ofte lettare å sjå ein annan veg. Preiketeksten på søndag står i Lukas 10,25-37.

Denne veka har eg lese teksten mange gonger, halde andakt om den miskunnsame samaritanen både til staben – me samlast i kyrkja kvar tirsdag morgon til ein liten andakt – og på eit par eldreinstitusjonar. På søndag skal det vera presentasjonsgudsteneste med nesten 50 konfirmantar og familiane deira, og det er viktig for meg å klara å kommunisera bodskapen i teksten på ein god måte.

I dag var eg oppom på ”Vindfanget”. Det er eit oppfølgingssenter for menneske som vil jobba seg ut av rusavhengighet og kriminalitet, og det blir drive av Kirkens Sosialtjeneste. Det var flott å treffa menneska der og sjå dei gode tiltaka dei driv med, mellom anna ein sykkelverkstad. Her er iallfall eit døme på at nokre har late seg inspirera av Jesus si forteljing om den miskunnsame samaritanen. Vindfanget skal få kyrkjelyden sitt takkoffer på søndag. Det passar godt.

torsdag 13. august 2009

"Regn med Gud" - erfaringar frå Oase


Me som hadde telt med oss til Skien i sommar, synest Oaseleiinga kunne ha valt eit anna motto for årets Oase-stemne. Det vart nemlig litt mykje regn på campingplassen. Elles hadde me eit flott stemne, dei rundt femti osingane som tok turen over fjellet i byrjinga av juli.

I samband med stemnet, har massemedia fokusert særskilt på profetiane til Bob Hartley og Bob Frazer, to av hovudtalarane. Generelt vil eg seia at ein del av medieoppslaga har tatt profetiane ut av sin samanheng, og at det då lett kan sjå merkeleg ut for dei som ikkje var der. Elles var Oase mykje meir enn dette. Ungdommane gav uttrykk for at dei opplevde Ten-Oase svært positivt. Dei hadde eit godt fellesskap gjennom heile veka, og fekk god og utfordrande forkynning. Hovudtemaet i år var som sagt ’Regn med Gud’. Me vart oppfordra til å rekna med Gud på alle område i livet.

Personleg fekk eg godt utbytte av undervisninga til nokre av hovudtalarane på stemnet, til dømes Martin Cave frå IMI-kirken i Stavanger og Paul Anderson, leiar i ’Lutheran Renewal’ i USA.

Slik eg oppfatta hovudbodskapen til Bob Hartley, gjekk den ut på at Gud ønskjer å gi oss del i det han kallar Fire område av Fridom:
1) Fridom til å stå saman med Gud på alle område i livet
2) Fridom til hjarteleg bøn
3) Fridom til å høyra kva Gud seier til oss
4) Fridom til å feira

Når det gjeld det profetiske spesielt, prøvde eg å få med meg det meste av det som skjedde, så eg kunne observera og kanskje læra noko nytt. I utgangspunktet er eg open for at det skal vera rom for ei profetisk teneste i kyrkja, men det må vurderast på ein nøktern måte og prøvast på Guds ord. Det profetiske var i fokus i samband med eit par hovudmøte, men elles skjedde det meste i eigne seminar.

Det som var mest spesielt, var at Bob Hartley profeterte direkte over einskildpersonar. Han hadde på førehand fått tilsendt lister med namn på personar – fortrinnsvis innan leiarskapet i Oase, slik eg forstod det – og hadde så vore i bønn og lytta til Gud om han hadde noko å seia til nokre av desse. I seminara tok han då fram nokre av desse og fortalde kva han meinte Gud hadde sagt til han. På meg verka det som om det han sa var oppmuntrande til dei det angjekk, og at det ’trefte spikeren på hovudet’.

Når det gjeld dei konkrete profetiane som har vore i massemedia sitt søkelys, (om 1 million nordmenn frelst, ny grunnlov osb.) så har dei komme på eit anna tidspunkt, og eg var ikkje klar over dei før seinare. Det ser avgjort noko merkeleg ut, og ein kan jo lura på om det er meir ønsketenking enn Guds tale. Det er nok slike ting som er med på å svekka mi eiga tiltru til Hartley og Frazer.

Alt godt kan misbrukast, og det kan heilt sikkert det profetiske også. Eg trur det er stor grunn til å vera nøkterne i møte med det profetiske, ikkje minst i ungdoms-samanhengar. Eg vil likevel ikkje avvisa dette, men følgja med på kva slags frukter det får. Er det med på å gi oppmuntring og hjelp til den einskilde, slik at kyrkja blir oppbygd, kan det ha noko for seg, dersom det går hand i hand med solid bibelsk undervisning.

søndag 9. august 2009

Herre over dine henders verk

Du har sikkert opplevd å vera ute ein stjerneklar kveld. Sett himmelen over deg med alle stjernene og fylgt med når månen stig opp bak eit fjell. Det kan vera utruleg fascinerande. Eg ser for meg at det er slik Salme 8 er blitt til, det som er preiketeksten vår i dag. ”Kva er då eit menneske?” Samanlikna med himmelen blir me ynkeleg små vesen. Likevel tar Gud seg av oss og gjer oss til noko stort. ”Du gjorde han lite ringare enn Gud”. Det er ikkje småtteri.

Nedanfor følgjer utdrag frå preika eg held i Os kyrkje og Sævareid kapell i dag.
Tekst: Salme 8

I Koranen står det også om dette. Ikkje at eg set Koranen på linje med Bibelen, men eg synest det er interessant å trekka parallellar. I Sura 7,11-12 står det om Gud som hadde skapt mennesket, og så befalte han englane om å bøya seg for Adam. Berre engelen Iblis nekta. Då Gud spurde kvifor, svara han: ”Eg er betre enn han. Meg skapte du av eld, og han skapte du av jorda.” Og som straff fordi Iblis hadde vore så hovmodig, blei han kasta ned frå Paradis. Poenget mitt her er at Bibelen og set mennesket over alt det skapte. Sjølv om me er støv, og born av Adam, så har Gud krona oss med ære og herlegdom. ”Du sette han til herre over dine henders verk”, står det. Det vil seia at me er forvaltarar av skaparverket og Guds medarbeidarar. Litt av ei oppgåve!

Det var ein gong ein prest som var på besøk hos ein bonde som hadde rydda seg ein ny gard. Bonden viser stolt presten rundt på garden, og presten vil no gi han eit kompliment, så han seier: ”Ja, her har du og Gud fått det veldig fint.” Han syntest ikkje han kunne gi bonden heile æra, for det er jo Gud som gir vekst, ikkje sant? Og så svarar bonden: ”Ja, du skulle sett korleis det såg ut her då Gud dreiv åleine her oppe!”

Me er altså forvaltarar av Guds gode gåver. Dei andre tekstane denne søndagen handlar jo om det same: Paulus kallar seg Guds medarbeidar, og Jesus fortel likninga om talentane, om korleis Gud løner den som forvaltar godt det han har fått, og dømer den dårlege og late tenaren.

I dag, når det er Salme 8 me har for oss, er det naturleg å ha eit globalt perspektiv på dette som har med forvalting å gjera. Korleis forvaltar me skaparverket på beste måten? For når det står at Gud sette mennesket til ”Herre over dine henders verk”, så er me nok enige om at det betyr at me skal forvalta naturen og ikkje utnytta han. Og korleis tar me oss av dei fattige i verda? Korleis kan me forvalta jorda vår på ein måte som gjer at folk overalt skal kunna seia som det står til slutt i salmen: Herre, vår Gud, kor herleg ditt namn er over all jorda!

Her er det naturlegvis like mange svar som det er menneske. For me er jo ulike, skapte med forskjellige talent og gåver. Det er greitt om me er einsidige enkeltvis, berre heilskapen blir tatt vare på totalt sett.

Ein er kanskje spesielt opptatt av miljøvern. Alle har kanskje ikkje den same gløden, men dei som brenn for dette kan hjelpa andre til å sjå kva som må gjerast.

Andre brenn for global rettferdighet og nedkjemping av fattigdom. Dei ser kanskje urettferdighet som andre ikkje får auge på. Eg har akkurat sett ein britisk TV-serie om korleis moteklær blir produsert og kor elendige forhold mange av arbeidarane lever under. Ei gruppe engelske ungdommar reiste ned til India for å vera med på prosessen heilt frå bomullet blei plukka, bearbeida og vevd til stoff, til stoffet blei sydd til klær. Ho eine sa før dei reiste ned dit, at for henne betydde det ingenting om det var ein treåring som var med og produserte klærne hennar, eller ein femtiåring. Men etter å ha arbeidd saman med desse fattige arbeidarane i fleire dagar, og delt levekåra deira, fekk dei sjå kor djupt urettferdig systemet var. Og no tenker dei alltid på kor klærne kjem frå før dei kjøper noko på sal. Og eg må jo seia at for min eigen del så blei desse programma ein alvorleg tankevekkar.

Og så er det andre av oss som er opptatt av misjon og evangelisering, og som tenker at det er viktig at enkeltmenneske over heile jorda får bli kjent med den levande Gud, han som har skapt dei og som tar seg av dei. Slik at dei får sett livet sitt inn i den rette samanhengen. Og så veit me jo det, at misjon som regel går hand i hand med utviklingsarbeid, for ein kan ikkje lukka augene for den nauden ein ser når ein kjem for å arbeida som misjonær i eit land.

Me kan føla oss små og ubetydelege i den store samanhengen, men då skal me huska det som kjem fram i Salme 8: Gud gjer oss til noko stort, og han har gitt oss ei stor og fantastisk oppgåve, alt til hans ære.

fredag 26. juni 2009

Bortkomne sauer

Kvart år slepp norske bønder om lag to millionar sauer ut på sommarbeite. Om lag 6% av dei kjem aldri tilbake når sommaren er over. I søndagens tekst fortel Jesus om ein bonde som hadde 100 sauer, og ein av dei mangla. Bonden går ut og leitar til han finn sauen, og kjem glad heim igjen. Og Jesus seier: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending. (Lukas 15,7)

Kvifor seier han dette? Fordi han vart kritisert for å eta i lag med ’tollarar og syndarar’ – folk som vart rekna for dårlege og umoralske menneske. Når Jesus åt med dei, så var det den gongen ei svært sterk handling. Det viste at han aksepterte dei, tilgav dei og tok dei inn i Guds rike. Jesus kom for å leita etter syndarar som treng omvending.

Eg håpar eg som prest er i stand til å møta menneske på same måten som Jesus gjorde det. Eg trur det er to grøfter me kan falla i: Den eine er å vera hard og fordømmande overfor menneske som ikkje lever etter den standard me skulle ønska. Den andre grøfta er å vera tannlaus og akseptera synd – Gud hatar synd men elskar syndaren.

Så må eg heller ikkje gløyma at eg og treng å omvenda meg. Når Jesus snakka om ’nittini rettferdige som ikkje treng omvending’, mon tru om han var ironisk då? Finst det menneske som ikkje treng omvending? Salig Martin Luther skreiv i katekisma si om at me treng stadig å ’drukna den gamle Adam i dagleg anger og bot’. For min eigen del så kjenner eg at den gamle Adam slett ikkje er død, så eg må vel halda han under vatn ganske lenge enno, trur eg.

Heldigvis inviterer Jesus meg og til å sitja til bords med han. På søndag er det nattverd i Samnanger kyrkje, der eg skal feira gudsteneste. I nattverden bryt Jesus brødet med oss og deler ut til kvar einaste av oss, akkurat som han gjorde då han heldt måltid med tollarane og syndarane. Og då er det om å gjera at ingen av oss held seg for god til å sitja til bords med andre, eller trur at du ikkje er verdig til å sitja til bords.

søndag 21. juni 2009

Vorspiel i kyrkja

Eg veit godt at vorspiel først og fremst er forbunde med diverse drikkevarer, og eg veit godt at kyrkja slett ikkje alltid er forbunde med fest, men eg trur likevel samanlikninga har noko for seg, for det som skjer i kyrkja, skal gjera oss klar til den store festen i himmelen

Nedanfor er utdrag frå preika i Os kyrkje søndag 21. juni:
Jesus fortalde ein gong om ein mann som inviterte til fest (Lukas 14,16-24). Alle hadde ulike unnskyldningar for ikkje å komma. Eg forstår godt at mannen blei sint. Eg må jo innrømma at faktisk to helger på rad no, har eg sagt nei til invitasjon til å vera med og feira 50-årsdagar. Sist helg var eg ute på ein lengre segletur, og denne helga måtte eg arbeida. Heldigvis kunne dei fleste andre i familien komma. Det hadde vore veldig dumt viss alle sa nei. Du føler deg vel ikkje så høgt verdsett viss ingen vil feira bursdagen din.

’Svar utbedes’
Når Jesus fortalde denne likninga, så var det sjølvsagt for å seia noko om Gud og om oss, og det er at me er inviterte til fest hos Gud. Og når du har fått ein invitasjon, så står det som regel eit par bokstavar – s.u. – altså ’svar utbedes’. Gud vil gjerne ha eit svar frå oss, om me vil komma i festen hans eller ikkje. Jesus er jo tydeleg her – det var mange som orsaka seg, og dei får heller ikkje vera med på festen når han byrjar. Invitasjonen går heller ut til dei andre.

Festen er i himmelen – vorspielet i kyrkjaMange festar byrjar med eit vorspiel. På ein måte kan me seia at den festen me er inviterte til, den skal vera i himmelen, men vorspielet er i kyrkja. Ja, eg veit godt at vorspiel først og fremst er forbunde med diverse drikkevarer, og eg veit godt at kyrkja slett ikkje alltid er forbunde med fest, men eg trur likevel samanlikninga har noko for seg, for det som skjer i kyrkja, skal gjera oss klar til den store festen.

Som prest skal eg vera den første til å innrømma at gudstenesta slett ikkje alltid følest som ein fest. Til tider kan det vera direkte kjedelig og langtekkelig. Derfor har me heilt sikkert potensiale til å forbetra oss. Men, når det er sagt, så har eg vore med på minst like mange gudstenester der festen og gleda er sterkt til stades. Og så er det slik, at viss du har eit personleg engasjement i noko, så blir det interessant. Viss nokon går på fotballkamp og ikkje forstår reglane, så blir det som skjer på banen heilt meiningslaust. Men med engasjement, blir tilskodarane ’lagets tolvte mann’, som det heiter, og kampen kan bli ein stor fest. I kyrkja er det forresten ingen tilskodarar – her er det berre spelarar.

”Er det ikkje Nugatti?”
I festen i himmelen skal me få servert god mat, står det hos profeten Jesaja, som me las frå i stad. ’Feite, mergfulle retter og gamal, klåra vin’ står det. Kor bokstaveleg me skal ta det, kan nok diskuterast, men det er iallfall eit uttrykk for at det skal bli godt å feira saman med Gud. Av og til når me vaksne skal ha fest, har me eit flott koldtbord med masse herlege rettar – skinke og fenalår, aspik, kylling, karbonader og masse salatar. Og så kjem ungane og så spør dei – er det ikkje Nugatti? Det er ikkje alle som set pris på det som blir servert, eller som kjenner forskjell på god og dårleg kvalitet. Slik er det med gudstenesta og. Det tar tid å skjøna innhaldet i gudstenesta og setta pris på alt som skjer der. Men etter kvart som smaken utviklar seg, får me sans for kvaliteten i det som blir servert.

Korleis svarar me på invitasjonen?
Så viss invitasjonen er ute, då gjenstår det jo berre for oss å svara. Og korleis gjer me det?
Vel, på ein måte har dåke jo alle saman svart. Ved å komma til kyrkja i dag og vera med på gudsteneste, så er det ein måte å svara ja på. Det er iallfall eit steg i rett retning.

Og så har de som er foreldre og fadrar til dåpsborna svart ja til å bera borna til Jesus slik at han kan ta imot dei i dåpen. Og de har svart ja til å gi borna ei kristen oppseding. Og så håpar me jo at de og vil prøva å følga opp i praksis det de har lova i dag.

Kva var det eigentleg de svarte ja på i dag? ”Å be for borna, læra dei sjølve å be og hjelpa dei til å bruka Guds ord og Herrens nattverd”. Det er fleire vaksne som har begynt å gå til nattverd sjølv fordi dei skulle læra borna om det. Og det er flott. Når det er nattverd i kyrkja – og det er det nesten kvar søndag – så er det ein liten forsmak på festmåltidet i himmelen, og der trur eg Gud vil sjå flest mulig av oss, både små og store.

Men så er det det viktigaste svaret, og det er ditt personlege svar til Jesus. Og det er eit svar som kanskje treng tid til å modnast fram. Det er ikkje sikkert du kjenner deg klar i dag eller neste månad eller neste år til å seia det klart og eintydig. Men det er viktig at du gjer det. Kanskje kjem du gradvis fram til det svaret ved å delta i dei ulike aktivitetane som kyrkja har – alt frå babysong til senior-koinonia.

Og så er det slik at dei som ein gong for lenge sidan har svart ja, må og tenka over invitasjonen, om du framleis svarar ja. Og kanskje kan du vera med og senda invitasjonen vidare til andre, slik at huset kan bli fullt når festen begynnar. For det var jo det Jesus sa. Festen er planlagt. Invitasjonane er sendt ut. Ganske mange vil seia nei til invitasjonen. Det er eit personleg val som Gud ikkje vil nekta nokon å ta. Men då går invitasjonen vidare til andre som får anledning til å delta i festen og gleda. For huset, det skal bli fullt.

mandag 8. juni 2009

Endeleg er boka ferdig!



"INN i Guds familie" er tittelen på studieheftet eg har skrive på ei god stund, og som endeleg er ferdig frå trykken. Heftet er eit studieopplegg for vaksne innvandrarar som ønskjer kristen dåp, og kan bestillast frå IKO sin nettbutikk.

mandag 1. juni 2009

Om pinse, ein gammal sofa og ein trampoline

Preika i Lyse kloster kapell 2. pinsedag:

Kva har dette med pinse å gjera?
Det spørsmålet stilte eg meg når eg såg kva bibeltekstar me skulle lesa i kyrkja i dag, særleg preiketeksten frå Johs 3,16-21.
Johs 3,16 er jo eit veldig kjent bibelvers. Kanskje det mest kjende av alle. ’Den vesle Bibelen’ kallar me det. ”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” Men kva har det med pinse å gjera?

Jo, det har med dette ordet ’tru’ å gjera. Det står nemlig at ’kvar den som trur på han’ skal ha evig liv. Og for å tru, så treng me Den Heilage Ande. Det er han som skaper tru inni oss. Utan Den Heilage Ande, kan me ikkje tru på Jesus. Men han gir oss tru når me ber han om det.

Utan tru blir Bibelen berre ei samling med eventyr, eller ei bok med ein masse reglar som seier kva du skal gjera eller ikkje gjera. Men med tru blir Bibelen ei samling inspirerande forteljingar og ei kjelde til liv.

Anden er som vatn i ørkenen.
For nokre år sidan, budde eg og familien min i Egypt. Egypt er stort sett berre ørken. Men midt gjennom landet, renn elva Nilen, og langs elva, er det grønt og frodig.
Slik er Anden. Han er som ein straum av vatn i eit tørt landskap.
Dei menneska som skreiv dei ulike bøkene i Bibelen, dei forstod godt dette bildet. Dei levde i land som var avhengige av vatn for å overleva. Dei såg korleis eit einaste regnskyll kunne forvandla ørkenen ein blomsterhage.
Me høyrte bibelteksten frå GT i stad (Jes 44,2-6):
Jesaja fekk høyra at Gud sa til han: ”Eg vil renna vatn over det tyrste og straumar over det turre. Min Ande vil eg renna ut over di ætt og mi velsigning over dine etterkomarar.”
Slik gjer Anden at ordet i Bibelen blir levande. Anden gir oss den trua som Johannes 3,16 snakkar om, ei tru som gjer at me ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Dom og frelse
Det stod meir i bibelteksten vår. Det stod om dom og frelse, om mørke og lys, om vonde gjerningar og om gjerningar som er gjorde i Gud. La meg forklara det med to døme frå kvardagen:

Sofaen.
Då eg var liten, sånn omtrent 4-5 år gammal, hadde me ein sofa i stova. Han stod inntil veggen, og eg huskar at det var god plass bak sofaen. Der hadde eg ein fin gøymeplass.
Og når eg hadde gjort noko gale, når eg forstod at foreldrene mine ville komma til å skjenna på meg, då sprang og gøymte meg bak sofaen. Eg var skamfull og ville ikkje sjå dei i augene.

Slik er me vaksne framleis. Viss me har gjort noko gale mot ein person, så prøver me å unngå dei. Me vil ikkje sjå dei i augene. Slik er me overfor Gud og. "For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen" (v.20). Viss me veit at me har synda mot Gud, så blir det vanskeleg å komma til han. Me har helst lyst til å gøyma oss bak sofaen.

Men Gud ønskjer jo ikkje å dømma oss. Det er jo frelsa oss han vil: "Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han" (v.17). Han vil hjelpa oss til å tru, og trua skal hjelpa oss til å leva slik at me slepp å gøyma oss bak sofaen i skam.

Trampolinen
For nokre veker sidan, kjøpte me ein trampoline. Ein sånn som står i hagen og tar altfor stor plass. Men alle som har ein trampoline veit at ungane elskar det. Og når dei står der og hoppar, så ropar dei til foreldrene sine: Sjå på meg! Sjå når eg tar salto! Me likar å bli sett når me gjer noko positivt. Slik er me overfor Gud og. Bibelen kalla det å ’leva i lyset’ – eller å leva slik at me tør å la Gud sjå oss. "Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud"(v.21).

Derfor, når me skammar oss over ting me gjer eller seier – eller lar vera å gjera og seia, når me får lyst til å gøyma oss i mørket bak sofaen: Då treng me å be Den Heilage Ande om at han gir oss ei tru – ei tru på at Gud ikkje ønskjer å dømma, men å tilgi og frelsa, og at han vil hjelpa oss til å få eit slikt godt forhold til han at me kan vera som barnet som gjerne vil bli sett av foreldrene sine.

onsdag 27. mai 2009

VL: 'Satanister' arrestert i Iran

Vårt Land melder i denne artikkelen at iranske soldatar har arrestert rundt hundre konsertgjengarar som er mistenkte for satanisme.

Det same skjedde i Egypt på nittitalet då me budde der. Ungdom med sans for vestleg rockemusikk vart arresterte av politiet og anklaga for satan-tilbeding. Det vart seinare kommentert i ein av dei populære TV-seriane som gjekk under fastemånaden Ramadan, og som eg skreiv ein analyse av i 2000.

Det var mange som ville ha blitt arrestert her til lands dersom politiet skulle ha reagert på same måten som i Midtausten, så full av satanisk symbolisme som mykje av rockemusikken er. Det som me bør spørja oss er: Kor mykje av dette er berre eit harmlaust 'image'? Mange vil nok seia at det er musikken som er det viktigaste, og at tekstane er sekundære. Kanskje det. Men tekst påverkar. Kva retning påverkar det oss i?

Eit band som Dimmu Borgir, t.d., har tekstar som er tydeleg antikristne og som hyllar Satan. Men bandet seier sjølv at dei ikkje tilber Satan. I eit intervju med puls.no i april 2002 seier eit av medlemene i bandet: "Vi er jo ikke bare antikristne, det er jo ikke den kristne mannen i gata vi er ute etter å ta, for han utgjør jo ingen trussel, men det er religionen i seg selv, ikke bare kristendom, men islam og alle andre religioner som forpester menneskehjernen i mine øyne, det er jo massehypnose man skal bekjempe og ikke den snille mannen i gata som jeg sa."

Min konklusjon er: Lytt gjerne til god musikk, men ikkje lukk øyrene for tekstane og kva artistane vil formidla, og tenk over kven du vil identifisera deg med.

lørdag 23. mai 2009

Kinamat

 


Frynsegodet ved å ha ei fortid som prest i Bergen Internasjonale Menighet, er all den gode maten. I dag feira eg gudsteneste saman med den kinesiske forsamlinga i St. Markus kyrkje. Etterpå var det lunsj med kinamat slik du aldri får det i norske kinarestaurantar. Min favoritt er det grøne på toppen av tallerkenen: Kokte bregner - eller 'ormagras' som me seier det her.
Posted by Picasa

lørdag 9. mai 2009

Kva vel du?


”Det er ikkje evnene våre, Harry, som viser kven me eigentleg er, men det er dei vala me tar.” Orda kjem frå professor Humlesnurr i boka ’Harry Potter og mysteriekammeret’, ein gong Harry er forskrekka over sine eigne evner. I morgon skal eg preika i to fullsette kyrkjer i Os. Det er konfirmasjon for andre søndag på rad, og eg har valt å snakka om at livet handlar om å velja.

Eg var personleg svært spent på korleis møtet med konfirmantane skulle bli då eg byrja her i Os i januar. Ville eg få god kontakt med ungdommane? Ville eg få respekt? Det har vore ulike erfaringar. Til tider har det vore slitsomt. Enkelte gonger har eg følt meg både frustrert og sint. Og nei, eg vil slett ikkje gå i detaljar om kva som har forårsaka det. Likevel må eg seia at eg har hatt mest positive opplevingar. Eg er blitt glad i ungdommane, til og med i bråkebøttene.

Nedanfor følgjer talen eg skal halda til konfirmantane i morgon.

Livet handlar om å velja. Gud har valt deg og gitt deg livet, og du må velja kva du gjer med det.
Me kjenner vel alle Harry Potter. Mange av oss har enten lest bøkene eller sett nokre av filmane om denne engelske guten med dei heilt spesielle magiske evnene. Ein gong var Harry ganske forskrekka over nokre av evnene sine. Professor Humlesnurr seier då til han: ”Det er ikkje evnene våre, Harry, som viser kven me eigentleg er, men det er dei vala me tar.” Enten du føler at du har mange evner eller få evner: Du kan velja korleis du vil bruka evnene dine, og det er dei vala du tar som viser kven du er.

Livet handlar om å velja.
Fram til no har dei vaksne rundt deg gjort val for deg, men no må du ta fleire og fleire val sjølv.

I gamle dagar, den gong foreldrene dåkas var unge, var det ein president i Amerika som heitte Ronald Reagan. Ein gong når han var liten, gjekk han til skomakaren for å få seg nye sko.
Skomakaren spurte: ’Skal du ha runde eller firkanta tuppar på skoa dine?’
Men guten klarte ikkje å bestemma seg.
Litt seinare såg skomakaren vesle Ronny på gata, og han spurte endå ein gong: Skal du ha runde eller firkanta tuppar? Men han klarte ikkje å bestemma seg då heller.
’Vel, kom innom og hent skorne dine om eit par dagar, så skal dei vera ferdige’, sa skomakaren. Og då han kom for å henta dei, såg han at den eine skoen hadde rund tupp, og den andre hadde firkanta tupp.
’Dette vil læra deg at du ikkje skal la andre folk velja for deg’, sa skomakaren.
’Den dagen lærte eg’, sa Reagan seinare, ’at viss eg ikkje gjer mine eigne val, så vil andre folk velja for meg.’

Du har valt å bli konfirmert i kyrkja. Kanskje var det andre som gjorde det valet for deg.
Alle foreldre gjer jo val for ungane sine. Dei som er opptatt av sport, påverkar dei små håpefulle til å driva idrett. Me vil at borna skal læra å lesa, hjelper dei på skulen.
Mange tar og valet om å døypa borna sine. Me kan sjølvsagt seia at det berre er ein tradisjon, ja visst. Men det som skjer ved døypefonten, er faktisk at dei lover å gi borna ein kristen oppdragelse. Og konfirmasjonen har liksom alltid vore siste etappe på den kristne oppdragelsen.

Ein gong sette Jesus disiplane sine på eit val.
Jesus var jo først veldig populær. Så begynte populariteten hans å dala. Han sa ting som gjorde at mange syntes han var blitt for ekstrem. Folk slutta å henga med han.

66 Etter dette drog mange av disiplane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. 67 Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» 68 Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, 69 og vi trur og veit at du er Guds Heilage.» (Johs 6,66-69)

Jesus hadde mange disiplar, mange fleire enn dei tolv som me høyrer mest om. Og dei fleste av dei valde å gå bort frå Jesus. Då gav Jesus ei utfordring til dei tolv. Han gav dei eit val. Vil de og gå bort?
Men Peter svarte på vegne av dei alle: Herre, kven skulle vi gå til?

Eigentleg så var ikkje det noko sjølvsagt svar. Dei hadde mange dei kunne ha gått til. Faktisk så likna samfunnet den gong svært mykje på vårt samfunn i dag, på den måten at det var mange religionar å velja mellom. Det var mange livssyn å velja mellom den gong, akkurat som no. Dei kunne gå til andre jødiske rabbiar – viss dei hadde tatt imot dei då, for det var ikkje kven som helst som blei utvalt til å vera disippel av ein rabbi. Elles så var det fullt av sekter, filosofiar og politiske retningar som dei kunne ha engasjert seg i viss dei ville.
Men svaret dei gav var: Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds heilage.

Landet vårt har i mange år vore inne i ein prosess bort frå kristendommen som felles verdigrunnlag. Me kan lika det eller mislika det, men slik er det berre. Samfunnet vårt er blitt sekularisert, og det er blitt fleirkulturelt. Det viser igjen både i lovgjevinga, i skulen og i andre offentlege institusjonar. Det betyr at våre eigne val blir viktigare. Foreldre kan ikkje overlata til skulen å gi borna ein kristen oppdragelse. Det er familien sjølv som må ta aktive val viss dei vil gi vidare det dei trur på. Og det er det enkelte mennesket som sjølv må gjera eit val om kva verdigrunnlag du skal bygga livet ditt på – viss ikkje du berre skal la deg flyta viljelaust med straumen og la massemedia, og det som til ei kvar tid er politisk korrekt, få bestemma over deg.

Konfirmasjon i dag handlar ikkje så mykje om ditt val, som at Gud har valt deg.
Dei tolv disiplane til Jesus, dei var det Jesus sjølv som hadde valt ut.

Du er og utvalt av Gud. For det første så har Gud skapt deg og gitt deg mange utruleg flotte eigenskapar og evner. For det andre så er du blitt døypt – dei fleste då dei var små. Den gongen hadde du ikkje noko du sjølv skulle ha sagt. Foreldra dine og fadrane dine bar deg til dåpen.
Og no har Gud valt å gi deg ein mulighet til å tru på han. Han synest nemlig at du er utruleg verdifull. Derfor vil han gjerne at du skal fortsetta å leva livet ditt saman med han.
Men han tvingar ingen. Han legg berre fram for deg ein mulighet, og så må du velja, når tida er moden for det, kva du vil gjera med den muligheten.
Ikkje alle er klare til å gjera eit val for resten av livet når dei er femten.
Sjølv hadde eg ikkje gjort noko personleg val om å vera kristen då eg var konfirmant. Det var først eit år seinare eg gjorde det. Eg har angra på ein del val opp gjennom livet, men akkurat det valet har eg aldri angra på. For eg trur og veit at Jesus er vegen som fører til livet.

Kven skulle vi gå til? Sa Peter. For han var svaret sjølvsagt. For deg er det kanskje ikkje så sjølvsagt. Du har mange mulighetar til kva du kan bruka livet ditt til. Mange retningar du kan gå i. Kvifor akkurat Jesus?
Det må du sjølv finna svaret på, for det er ditt liv. For min eigen del var det tre ting som var avgjerande: Det eine var tilhørighet – eg kjende meg heime i det kristne fellesskapet. Det andre var sannhet – eg satsa på at Bibelen kunne gi meg sannheten om Gud og sannheten om meg sjølv. Det tredje var meining med livet. Jesus gav meg ein heilt ny retning i livet. ”Eg er Vegen, Sanninga og Livet”, seier Jesus. ”Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.”

Men i dag handlar det om deg. Det handlar ikkje om Peter og dei andre disiplane. Det handlar ikkje om presten eller om Arne eller om andre konfirmantlærarar. Det handlar om deg og ditt liv. Alt du har fått – kva vil du gjera ut av det?

Vil du ha eit lett liv? Vil du ha det komfortabelt? Vil du bli rik? Jesus lover deg ingen av dei tinga. Men vil du ha ein som går saman med deg gjennom livet? Vil du ha spenning og utfordringar? Vil du ta opp kampen mot urettferdighet? Vil du leita etter sannheten om deg sjølv? Vil du finna vegen til evig liv? Det er ditt liv, og det er du som må velja.

Eitt val har du allereie gjort: Du har allereie valt å bli med på konfirmasjonstida. Eg håpar du har hatt utbytte av det, og at du har blitt møtt med både omsorg og med utfordringar. Så har du valt å komma hit til kyrkja for å bli konfirmert. Eg håpar du vil kjenna at Gud velsignar deg i dag.

Og så har du eit liv framfor deg der du må ta nye val kvar einaste dag. Og dei vala du gjer kvar dag, dei er med og avgjer kva retning livet ditt skal få. Det er ikkje evnene våre som viser kven me eigentleg er, men dei vala me tar.

Kjære konfirmantar. Eg ønsker dåke alle Guds velsigning, og lukke til vidare i livet.

onsdag 22. april 2009

Hurra for biblioteket!


Eg kjøper nesten ingen bøker lenger, dei tar for stor plass. Men det betyr ikkje at eg har slutta å lesa. No har eg nett lese ferdig denne mursteinen på ikkje mindre enn 924 fengslande sider. Boka stod utstilt ved utgangen på Os folkebibliotek og formeleg ropte til meg: 'Les meg!'

Når eg er på biblioteket, leitar eg som regel etter krimbøker - gjerne slike som handlar om prestar, eller bøker med handlinga frå Midtausten, som denne. Rafik Schami er, som etternamnet tilseier, syrisk innvandrar i Tyskland. I denne boka har han fletta saman ein mosaikk av mange små historiar frå livet i Syria i etterkrigsåra. Det er slektskrønike, kjærleiksroman, kriminalhistorie, politisk meiningsytring og kulturanalyse i ei og same bok.

Eg har alltid vore glad i biblioteket. Då eg var liten, brukte foreldra biblioteket i Haugesund som barneparkering medan dei gjorde unna laurdagshandelen. Dei fekk meg plassert i barneavdelinga, og då visste dei at eg ville sitja fordjupa i bøker heilt til dei kom og henta meg. Favorittboka mi var ei biletbok om eit lite raudt hus i utkanten av byen. Byen vaks, og store blokker vart bygde opp på alle kantar. Men det vesle, raude huset fekk stå der. Sidan den gong har eg vore innom mange andre bibliotek, og bladd i mange ulike slags bøker. Kvar ny bok opnar døra til ei eiga verd og gjer horisonten litt vidare.

søndag 19. april 2009

Påska er ikkje over



I butikkane sel dei påskesnop til halv pris no, men i kyrkja feirar me påske heilt fram til Kristi himmelfartsdag. Jesus viste seg for disiplane sine i 40 dagar før han for opp til himmelen. I dag skal me ha 'Barnas påskedag' i Os kyrkje.

Bildet er frå gravplassen utanfor. Eg er ikkje så veldig opptatt av blomar, men syntest det var veldig fint med påskeliljer på omtrent kvar einaste grav. Det illustrerer samanhengen mellom Jesu oppstode og vårt håp om oppstode. Påska er ikkje over.

fredag 3. april 2009

Korleis få ei god påske?

Ifølge ei undersøking for ’Opplysningsrådet for egg og hvitt kjøtt’, forbind dei fleste nordmenn ordet ’påske’ med ferie og fri. På ein god andreplass kjem ski og skitur. Egg og påskeegg kjem før vår, kos og fjellet. Kva med Jesus?

Sjølv skal eg ha fri i påska dette året, og eg kjem til å reisa på hyttetur ved sjøen. Sannsynlegvis kjem me til å pynta med masse gule dukar, lys, serviettar og påskekyllingar. Og påskemorgon kjem me til å eta egg som er kokte med løkskall i vatnet, så dei blir gule og fine. Egget, som er eit eldgammalt frukbarhetssymbol, er blitt knytta til påska fordi me feirar at Jesus stod opp igjen. Livet sigra over døden.

Personleg har eg mange gode påskeopplevingar i kyrkja og andre kristne møte. Eg huskar ein langfredag på Stord for mange år sidan. Songaren Rasmus Rydland frå Fitjar, som alltid var så blid (og som døydde altfor ung), stod med trekkspelet sitt på podiet i festsalen på Grand Hotel og sa: ’Ja, i dag er det ein sorgens dag, ikkje sant?’ Og så smilte han, for han meinte det ikkje. Det som var ein tung dag for Jesus, vart ein god dag for oss, for då vart skyldbrevet sletta. Gudstenesta på Stord på påskedag var eit høgdepunkt. Alle dei gode songarane og musikarane kom heim på påskeferie, og laga ei storslagen feiring av Jesu oppstode. Eitt år hadde eg den vesle nevøen min på fanget under gudstenesta, og då han kom heim, klagde han over at eg hadde sunge så høgt inn i øyra hans.

For meg blir det ikkje noko god påske viss eg ikkje får leva med i påskedramaet. Eg vil gjerne leva meg inn i det som skjedde med Jesus. Det er jo trass alt den aller største kristne høgtida – iallfall i internasjonal samanheng. I år vil eg meditera litt ekstra over den teksten eg skal preika over sjølv på 2. påskedag i Nore Neset. Teksten om Emmausvandrarane (Luk 24,13-35) handlar om to desillusjonerte læresveinar på veg bort frå Jerusalem. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, for nokre kvinnfolk hadde begynt å snakka om at Jesus var stått opp. Jesus går attmed dei, men dei kjenner han ikkje, for ’dei var som synkvervde’, skriv Lukas.
På vegen forklarar Jesus kvifor Messias måtte døy, og når kvelden kjem, blir han med dei inn og held måltid med dei. Når han så bryt brødet, blir augo deira opna, så dei ser at det er Jesus som sit der.

Spørjeundersøkinga hadde ikkje ’kyrkje’ eller ’Jesus’ så høgt opp på lista over kva folk forbind med ordet ’påske’. Eg veit ikkje om det var med på lista i det heile tatt. Det er vel slik at augo våre må bli opna for at me skal få eit forhold til det. Me er ikkje så heldige som dei to som var på veg til Emmaus. Me har ikkje Jesus til å gå ved sida av oss og forklara ting for oss. Og han sit ikkje ned og bryt brødet med oss – eller gjer han det? Me har jo Bibelen, og Den heilage Ande til å forklara oss skriftene. Og i kyrkja har me nattverden, der den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus bryt brødet, deler ut vinen og seier: Dette er min lekam – dette er mitt blod.

Eg trur det kan bli ei god påske i år og, eg.

torsdag 2. april 2009

Soul Survivor video

For dei som lurer på om dei skal reisa til Soul Survivor - eller senda poden sin avgårde, kan denne videoen gi litt informasjon:

torsdag 26. mars 2009

Kyrkjeplantarar frå Estland

Sist helg hadde Os besøk frå Estland. Tiina Kliiman er prosjektleiar for kyrkjeplantinga i drabantbyen Mustamäe i hovudstaden Tallinn. Med seg til Os hadde ho Andres Vesper, som er ein av dei frivillige medarbeidarane som har engasjert seg i prosjektet i vinter.

Os kyrkjelyd har lenge støtta misjonsarbeidet i Estland. Etter at Kjersti og Bård Nordheim avslutta sitt engasjement i ungdomsarbeidet i den estiske kyrkja, har Os vidareført støtta til Estland. Sist søndag var Tiina og Andres med i gudstenesta og fortalde om prosjektet, før me tok opp eit takkoffer til arbeidet. Det blir meir om dette prosjektet i neste nummer av kyrkjebladet.


Misjonsfest
Kaffi høyrer med når det er misjonsfest. Kvart år på Maria budskapsdag er det årsmøte i Det Norske Misjonsselskap (NMS) sin fellesforening i Os. Som alltid er det mange gode kaker!
Kyrkjeplantarane frå Estland var med på misjonsmøtet. Det var også Øyvind Øy frå NMS sitt områdeutval for Bergen, Mid- og Vesthordland.

lørdag 14. mars 2009

Åndenes makt og Jesu makt

Søndagens preiketekst kunne vore manus for eit program i TV-serien ’Åndenes makt’. Jesus driv ei vond ånd ut av ein mann, og viser oss at hans makt er sterkare enn djevelens makt. Der Jesus kjem inn, er det ikkje plass til det vonde.

Teksten finn me i Lukas 11,14-28. Nokre av dei som såg kva Jesus gjorde, meinte han fekk krafta si frå djevelen. Jesus argumenterer for at det blir heilt ulogisk, for ’er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans halda seg?’

Mange nordmenn trur på det overnaturlege. I oppstyret rundt ’Snåsamannen’ kom det fram at sentrale politikarar også deler den mest vanlege norske truvedkjenninga: ’Det er meir mellom himmel og jord enn det me forstår’.

Alle menneske er skapt med ein åndeleg dimensjon. Men når me misser kontakten med Gud, oppstår det eit tomrom – eit vakum – inni oss. Livet kjennest tomt, og ein er på leit etter noko å fylla det åndelege tomrommet med. Men då er det viktig at dette tomrommet blir fylt med noko godt. Mange tar til takke med kva som helst for å fylla tomrommet i livet sitt. Det er ikkje alt som er like godt. Mange som leitar etter meining i alternativ religion, opplever at dei blir fanga av krefter som dei ikkje kan kontrollera sjølv.

I dagens tekst ser me at Jesus er sterkare enn dei vonde kreftene. Der Jesus kjem inn, må det vonde ut.
Den beste måten å fylla tomrommet i hjarta på, er å fylla det med Guds ord. Til slutt i teksten vår var det ei kvinne som ropa til Jesus: ’Sælt er det morslivet som bar deg og det bryst som du saug!’ Men Jesus svara: ’Sei heller: Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.’

Jesus er Guds ord. Der Jesus kjem inn, er det ikkje plass til det vonde.

torsdag 12. mars 2009

Soul Survivor


Til sommaren blir det englandstur. Eg har høyrt mykje bra om den store ungdomsfestivalen Soul Survivor, og har veldig lyst til å få med meg ein gjeng ungdommar frå Os dit. Siste veka før skulen byrjar igjen reiser me til Somerset, sørvest i England for å oppleva mykje god musikk, sterk lovsong, tydeleg undervisning og mykje gøy. Ein gjeng frå Samnanger reiser dit samtidig med oss. Les meir om programmet og om prisen her. NB: Viss du har tenkt deg dit, må du hiva deg rundt med ein gong! Foreløpig påmeldingsfrist til kyrkjekontoret i Os er 24. mars.

søndag 8. mars 2009

Biskop Halvor er på plass

Det var stappfullt i domkyrkja i formiddag då den nye biskopen vår, Halvor Nordhaug, vart vigsla til gjerninga si. Os kyrkjelyd var representert ved soknerådsleiaren vår, Lill-Karin Wallem, og prost Margrethe H. Askeland var der saman med alle dei andre prostane i bispedømet. Me som ikkje var offisielt inviterte, klarte å finna oss plasser på dei aller bakerste benkene, langt unna både konge, minister og andre prominente personar.

Det var gjester frå både nord og sør (eller syd, jfr. diskusjonen i Os og Fusaposten...). Kyrkjepresidenten i den lutherske kyrkja i Eritrea var der, og bispar frå kyrkja i England, Danmark, Sverige og Finland. Den svenske biskopen og kona hans fortalde meg då eg henta dei på flyplassen at dei hadde vore i Bergen ein gong før - som ganske unge. Den gongen køyrde dei over fjellet på kvar sin Vespa scooter.

Eg synest det var flott å sjå at så mange var der for å ønska biskopen vår velkommen til Bjørgvin. Han seier at han vil be for kyrkjelydane i Bispedømet, og ber oss huska på han i forbøn og. Så håpar me han kan ta turen hit til Os om ikkje alt for lenge.

torsdag 26. februar 2009

Ein annan slags 'fast food'


Norske kristne snakkar ikkje mykje om faste. Det kan sjølvsagt vera fordi me tar på alvor det Jesus sa om at ein ikkje skal skryta av kor from ein er. Men sannsynlegvis har det ein annan årsak: Norske kristne fastar lite. Då går me truleg glipp av noko viktig.

I andre kulturar fastar dei mykje, og dei veit å snakka mykje om det. Dei fleste veit at muslimane fastar ein månad i året. Mellom daggry og solnedgang er det forbode å eta, drikka, røyka og å nyta 'andre kjødelege gleder'. Til gjengjeld tar dei det igjen i rikt monn om natta.

Personleg er eg fascinert av den måten dei egyptiske ortodokse kristne fastar. Dei skryt ikkje mykje av det, men det er neppe nokre kristne som fastar meir enn dei gjer. Dette er jo ei kyrkje der klostertradisjonen står svært sterkt, og derfor har den asketiske livsstilen innpass også hos vanlege egyptiske kristne (som vert kalla koptarar). Hald deg fast: Koptarane fastar 210 dagar i året. Dei som gjer det på den strengaste måten fastar frå midnatt til solnedgang. Og i tida mellom solnedgang og midnatt et dei berre vegetarmat. Kjøt, fisk, egg og melkeprodukt held dei seg unna. Sjølvsagt er det ikkje like strengt for alle. Kvar tar omsyn til sin eigen situasjon, helse, arbeid osb, og samrår seg med skriftefaren sin om korleis ein vil legga opp fasten.
Grunngjevinga for at dei held seg borte frå kjøt og andre dyreprodukt er at ein vil venda tilbake til det kostholdet Gud gav menneska før syndefallet. Les du skapingsfortellinga i 1. Mosebok 1, vil du sjå at Gud gav Adam og Eva lov til å eta av alle planter med frø. Det var først etter flommen at Gud gav Noah og hans etterkommarar lov til å eta kjøt.

I våre dagar er det mange som er vegetarianarar, men grunngjevinga er som regel noko heilt anna. Nokre synest det er gale å ta livet av dyr. Andre meiner den moderne kjøtproduksjonen inneber liding for dyra. Andre igjen meiner at kjøtproduksjonen ikkje er berekraftig. Og der har dei eit poeng. Viss alle menneske på jorda skulle ha ete like mykje kjøt som me i den rike delen av verda gjer, ville det ikkje vore nok mat på jorda. Kanskje det ikkje er så dumt å venda tilbake til paradiskosten – i alle fall i fastetida.

Har du tenkt å fasta i fastetida? Korleis gjer du det i så fall? Et du mindre enn normalt? Avstår du frå visse ting som du er avhengig av? Gir du til fasteaksjonen?
Eg tar gjerne imot kommentarar på dette blog-innlegget. Det går an å legga inn kommentarar anonymt eller med namn, det er valfritt på denne bloggen.

lørdag 21. februar 2009

Englane jublar

Jesus seier at det blir stor glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om. Då trur eg det må vera jubel i rekkene når dei er vitne til det som skjer mellom ungdommane i Os. I det siste har fleire gitt uttrykk for at dei vil følga Jesus, og det er fantastisk flott. Mange av ungdommane er nysgjerrige og opne for å læra meir om Guds rike, og dei er ikkje redde for å gi respons. Vel, ikkje alle har lært seg alle dei uskrivne reglane om skikk og bruk i kyrkja, og nokre av dei kan vera plagsomt bråkete av og til, men me får tåla litt av det.

På fastelavenssøndagen høyrer me om ein mann som også lagde litt bråk og forstyrra det gode selskap når Jesus gjekk forbi. Han vart kalla Bartimeus – det er arameisk og tyder 'son til Timeus' – og han var ein blind tiggar. Han sat attmed vegen utanfor Jeriko, og då han høyrde at Jesus var i nærleiken, byrja han å ropa høgt etter Jesus. Folk skjente på han, fordi han lagde bråk, men Jesus stoppa og bad dei føra han bort til seg, og spurde: «Kva vil du at eg skal gjera for deg?» Det var vel ikkje så unaturleg at Bartimeus ville få synet igjen, og det var det han fekk. «Trua di har frelst deg», sa Jesus. Så fekk Jesus endå ein disippel som vart med han på vegen opp til Jerusalem.

I morgon er det familiegudsteneste i Os kyrkje. Fem born skal døypast og fireåringane skal få Kyrkjeboka. Sist onsdag var fireåringane og foreldra samla i kyrkjetunet. Der fekk dei høyra om Bartimeus. Barnesekretæren vår, Kari Torsvik, er veldig flink å fortelja for borna. Dei levde seg heilt inn i forteljinga om den blinde tiggaren, og ropte høgt på Jesus. Eg trur englane jublar når dei ser at borna som vert døypte i kyrkja vår, held fram i følge med Jesus og lærer å bli glad i han.

tirsdag 17. februar 2009

Arnt Jakob: Gå i tru!

På fredag er det ungdomsgudsteneste igjen. 20. februar kl 20.00. Temaet som Arnt Jakob Holvik skal undervisa om, er 'Gå i tru'. Kva det vil seia, får du komma til kyrkja for å høyra.

Arnt Jakob har gått mykje i tru i det siste. Som dei fleste osingar etter kvart veit (iallfall dei som les Os og Fusaposten), har han og vennene flytta til Os for å driva ungdomsarbeid. Det har dei gjort utan sikker inntekt, og det må vel kallast å gå i tru.

Arnt Jakob og 'Os-teamet' er til stor inspirasjon for meg som prest i måten dei får kontakt med ungdommane på. Dei er frimodige, og dei viser ein ekte kjærleik til ungdommane. Det finst ikkje 'problemungdom' for Arnt Jakob, Johannes og Maria - berre ungdom som er elska av Jesus. Og sjølv boblar dei over av ein smittande kjærleik.

Ungdomsgudstenestene har me ein fredag i månaden. Sjølv syntest eg det var veldig kjekt sist, og eg gler meg til fredag. Det blir lovsong med band frå Kongshaug, undervisning, bøn og nattverd.

Ungdomane er forresten på leiting etter eit meir spenstig namn på desse gudstenestene. Gode forslag tar me imot med takk!
Posted by Picasa

lørdag 14. februar 2009

Impuls Bergen / Os er i gang

Eit hundretals ungdomar frå Os, Bergen og kommunane omkring er samla i Oshallen denne helga. Dei deltar på Impuls, ein kristen festival med solid kristen forkynning, god musikk og lovsong og mykje gøy. Me gamlingar let oss og riva med av stemninga, som var på topp heilt frå starten av.
Posted by Picasa

fredag 13. februar 2009

Ein fantastisk dag i Os

I dag måtte eg berre ta meg fri nokre timar og komma meg ut i det fine veret. Opp frå tunnelen på Moberg og vidare innover Liafjellet til varden.

Alle som var på toppen i dag var enige: Kan det bli betre enn i dag? Blå himmel, vindstille, fantastisk utsikt.

Os er ei vakker bygd. Ho kan nesten måla seg med Stord...


Posted by Picasa

tirsdag 10. februar 2009

Viktig veke for Os

Denne veka blir viktig for Os. Onsdag kveld byrjar dei felleskristne møtene med Håkon Fagervik, og me ber til Gud om at mange frå Os må bli kjent med Jesus desse dagane.



For ungdommane er det ei anna storhending: "Impuls" blir arrangert i Oshallen frå fredag til søndag. Impuls vart arrangert i Stavanger for halvanna veke sidan. (Bildet over er frå Stavanger for eit par år sidan.) 2500 ungdommar frå heile Vestlandet var samla der, og dei som var der fekk eit minne for livet. Arrangementet her i Os blir ikkje så stort, sidan det er første året, men det kan bli 'stort' likevel for dei som blir med.

Dei som vil vera med på Impuls, kan melda seg på til kyrkjekontoret, eller dei kan møta opp i Oshallen frå kl 18.00 fredag kveld. Det kostar kr 550 for heile helga. Ein kan IKKJE delta berre på enkeltarrangement. Unntaket er konserten laurdag kveld kl 22.00. Den kostar kr 50.

Her kan du sjå bilde frå Impuls i Stavanger:
http://www.impulsweb.no/Gallery.aspx?id=15#

søndag 8. februar 2009

Størst av alt


Størst av alt kjærleiken, seier Paulus. Størst av alle er borna, seier Jesus. Størst av alle kyrkja sine utfordringar er å formidla Guds kjærleik til borna. Derfor skal me i Os kyrkjelyd laga ein plan for trusopplæring av alle døypte born og unge mellom 0 og 18 år. Dette som ein del av den store trusopplæringsreformen til Den norske kyrkja.


Soknerådet og staben var saman på arbeidshelg fredag kveld og laurdag formiddag. Eg syntest det var veldig inspirerande å høyra kva idear folk har. Samstundes blir eg imponert over alt barne- og ungdomsarbeidet som allerede finst i Os. Eg gler meg til å sjå kva me kan få til saman for å gjera det endå betre.
I venstre marg har eg lagt til ei lenke til Den norske kyrkja si heimeside for Trusopplæringsreformen 'Størst av alt'.

tirsdag 3. februar 2009

Konfehelg i Os kyrkje


Sist laurdag og søndag var det konfehelg for KRIK- og speidarkonfirmantane i Os. Det var ein kjempeflott gjeng å vera saman med.

Laurdagen brukte me til å førebu gudstenesta søndag formiddag. Konfirmantane var med på alt som skjedde: Tekstlesing, drama, song og andre ting. Ei gruppe laga PowerPoint-presentasjon og førebudde bønestasjonar i gudstenesta. Ei anna gruppe brukte internett til å laga ein presentasjon om misjon. Speidarane var ute og laga kors til bønestasjonane og ein 'vinstokk' til å illustrera dagens tema. Me fekk også hjelp av frivillige musikarar og songarar til å laga eit eige kor. Og konfirmantforeldre hadde laga til kyrkjekaffi.
Neste konfehelg blir 21. og 22. mars - og då blir det for Join Us-konfirmantane.

søndag 25. januar 2009

Ei travel veke

Det har vore ei travel veke på Os. I dag feira me gudsteneste med fire barnedåp og nattverd. Os er høyringskyrkjelyd for det nye liturgiforslaget, og i dag prøvde me ut dei nye melodiane i liturgien, med god hjelp av kyrkjekoret.

Tidlegare i veka har det vore både gravferd, konfirmantundervisning og ungdomsgudsteneste på meg. Travelt, men veldig fint på kvar sin måte.

Nedanfor følgjer preika i dag, 25. januar:

EI STOR TRU

Denne veka hadde heile verda augo retta mot Washington. Me såg på når Barack Obama blei innsatt som president i USA.
Det virkar som om folk overalt i verda, ikkje minst i Afrika, har ei enormt stor tru på kva denne mannen skal få til. Men, som mange har påpeika i haust og vinter: Han er ikkje Messias, uansett kor stor tru folk har på han.

I dag handlar bibeltekstane om det å tru. Alle tre tekstane me har lest no, handlar om at folk frå alle folkeslag trur på Israels Gud.
- Først hadde me fortellinga frå GT om Na’aman, ein general frå det som i dag er Syria. (2 Kong 5) Han var altså ikkje Israelitt, men tilhøyrte dei andre folkeslaga, det som me før kalte ’hedningar’. Han kom til profeten Elisja fordi han hadde tru på at han kunne gjera han frisk. Og etterpå reiste han tilbake til heimlandet sitt med ei endå større tru på Israels Gud. ’No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel’, sa han.
- Så hadde me den korte teksten frå NT (Rom 1,16-17) . Der skriv Paulus at evangeliet er ei Guds kraft til frelse for alle menneske, både jødar og ikkje-jødar.
Til slutt hadde me evangelieteksten om den romerske offiseren som kom til Jesus (Matt 8,5-13.
Han overraska Jesus med den store trua si. Jesus tilbaud seg å komma heim til offiseren for å gjera tenaren hans frisk, men offiseren meinte at Jesus kunne gjera det mykje enklare. Det var nok at Jesus sa eit ord, så ville tenaren bli frisk. Det var jo det han sjølv gjorde når han kommanderte sine soldatar eller tenarar. ’Gå der! Kom her! Gjer det!’
’Det er nok at du gir ein ordre, Jesus, så blir tenaren min frisk’.
Dette overraska Jesus. Ei så stor tru hadde han ikkje sett hos andre israelittar. Og så kom denne hedningen med den største trua av alle.

Har du ei stor tru?
Denne månaden kunne me lesa i avisa at Morgenbladet hadde hatt ei avmaktskåring, og der var prestane høgt oppe på lista over dei mest avmektige i landet.
Dette var ein parodi på maktkåringar i andre aviser, så me skal vel ikkje ta det altfor seriøst, men det var jo litt tankevekkande å lesa korfor dei meinte prestane var så avmektige.
Det var fordi me eigentleg ikkje trur på budskapet, men berre forkynner det av medlidenhet og kjærlighet til sognebarna, meinte dei i Morgenbladet.
Vel, dei om det. Viss eg ikkje trudde på det budskapet eg forkynner, så kunne eg funne meg ein annan jobb. Så kan andre heller overta.
Men har eg ei stor tru? Har du ei stor tru? Eg skulle nok ønska at eg hadde ei større tru. Ei enklare og mindre intellektuell tru. Ei tru som berre tar Jesus på ordet. Ei sånn tru som offiseren i Kapernaum hadde.

Dåke har sikkert høyrt den gamle historien om predikanten som hadde fått ei openberring om at han skulle kunna gå på vatnet, slik Jesus og Peter gjorde.
Han gjekk ned mot stranda og sa, ’Eg trur, eg trur, eg trur på Gud… ’ Til slutt, når vatnet rakk han til halsen, sa han, Eg trur, eg trur, eg trur eg snur!’

Ei stor tru, kva betyr det?
Ei stor tru handlar ikkje om kor sterkt eg trur. Kor intenst eg trur. Kor inderleg eg føler. Det handlar om kor stor han er som eg trur på.
I sommar jobba eg på taket på hytta. Høgt opp på opplettet. Sikra meg med sele og tau.
Til å begynna med, var eg forsiktig og redd. Etter kvart vart eg meir avslappa. Hadde jo tauet.
Av og til måtte eg flytta tauet. Då var det enkelte øyeblikk at tauet ikkje var festa noken plass. Men det rara var at eg følte meg veldig trygg. Kroppen min hadde på ein måte vent seg til å stola på tauet, til og med når tauet ikkje var festa nokon plass. Eg hadde ei stor tru, men trua hadde ikkje noko feste.

Eg trur at mange har det slik når det gjeld trua på Gud og livet og døden og alt dette og.
Det går vel bra til slutt. Men kva er trua festa til?

Trua vår må vera festa til Jesus Kristus. Det er det budskapet me får høyra i dag.
Ei stor tru, det er ei tru som rettar seg mot Jesus, fordi Jesus er stor.

Jesus har fått all makt i himmelen og på jorda. Det las me før me døypte dei fire jentene i dag. All makt. Derfor fekk dei 12 disiplane tru til å gå ut i heile verda og gjera disiplar av alle folkeslag. Fordi Jesus har fått all makt. Derfor har trua på Jesus nådd landet vårt og prega kulturen vår, forma samfunnet vårt. Fordi Jesu har all makt. Derfor sender me ut misjonærar og støttar misjonsprosjekt i andre land, som t.d. kyrkjeplantinga i Estland som me har ofring til her i kyrkja i dag. Derfor fortset me å døypa små born og konfirmera ungdommane.
- Det er forresten ein flott ungdomsgjeng her i kyrkja. Fredag kveld var det ei flott gudsteneste her med masse ungdommar som kom fram til nattverd. Det er ein generasjon osingar som veks opp og har ei stor tru på Jesus.

Ei stor tru – det er ikkje ei tru på at mi eiga tru er så stor. Det er ikkje det at me har så stor forståelse av teologi (det er i og for seg bra, men det er ikkje det som gjer trua vår stor).
Ei stor tru, det er ei tru som stolar på at Jesus skal ta imot oss, tilgi oss, reisa oss opp, gjera oss til disiplar, senda oss ut i teneste, ei tru på at Jesus har all makt til å tilgi, helbreda og frelsa.

Nye arbeidsoppgåver

Bloggen "Presteprat" blir avslutta / satt på vent. I februar byrja eg i ny jobb som misjonsrådgjevar i Møre bispedøme, og i samban...